søndag, februar 24, 2008

MONGSTAD I VERDSKLASSE


Javel, seier dei på sørlandet når dei møtes...idag startar eg og med eit javel! Eg les i lokalavisa at LO leiaren har vitja Mongstad, og det er flott synes eg! Heilt sikkert eit nyttig seminar, men eg måtte møte i kontrollutvalet den dagen så difor fekk eg ikkje til å være med. Då det også var vinterferie i skulane så vil eg tru det var difor at rådmannen vår ikkje hadde høve til¨å møte. MEN : Mongstad er viktig for Lindås kommune, og det som skjer der oppe no er heilt i verdsklassen.Mongstad er faktisk det mest spanande industriområde i heile Europa spør du meg!! Eg fylgjer nøye med og har allerede vore fleire gonger både på StatoilHydro - Monmgstad, og ellers i området. Både eg og fleirtalet ynskjer all industriutvikling velkommen, og vi ynskjer vidare næringsutvikling både i Mongstad området og ellers i kommunen velkommen. Vi vil prøve å leggje til rette for all god næring og industriutvikling i takt med tida. Store ting skjer i nordre delen av kommunen og det er vi sjølvsagt interessert i og klar over. At eg som ordførar i vertskommunen var skuffa den dagen eg gjennom media fekk beskjed om at regjeringen ikkje stilte opp med naudsynt økonomi til å strate CO2 deponering og reinsing frå dag 1 slik det har vore sagt heile tida må ein kunne få lov å seie utan at det skal oppfattast at ein ikkje vil ha industriutvikling på Mongstad. Tvert imot! Eg fylgjer nøye med og det som skjer der oppe med varmekraftverket, testpilotanlegget etc..er svært interssant. Så må vi ikkje gløyme innbyggjararne våre - miljøet er viktig også i vår kommune. Eg reknar med at alt er i rute, og at det blir ei månelanding som Norge kan vere stolte av.

4 kommentarer:

FR sa...

imponerende at du fortsatt tar tid til å skrive blogg i din hektiske hverdag! Du profilerer Lindås og KrF på en utmerket måte!

Ellers kan jeg ikke fri meg for å si at Mongstad er en trist sak. Tenk at hele klimaregnskapet til fylket skal ødelegges av en enkelt utslippsbombe i Nordhordland. :)

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Ja, litt tid har eg innimellom...Er blitt sterkt kritisert for at eg ikkje møtte på eit LO seminar, men eg blei innkalla til kontrollutvalet, og då må ein prioritere det! Er veldig oppgitt over at nokre kan påstå at eg ikkje er interessert i utbygging og industri..jobbar på spreng med tilrettelegging av både areal og andre tiltak..Så eg måtte skrive litt om Mongstad. No håpar eg at månelandinga kan bli ein realitet med reinsing og CO2 deponering slik at vi slepp ei "utleppsbombe". Kjekt at du er innom bloggen min!

Sondre Olsen sa...

du er jammen flink til å synge:)

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Takk skal du ha Sondre!