onsdag, november 25, 2009

MINNESTUND PÅ EKNESKAIEN


Søndag 22.nov.var det duka for ei fin og verdig minnestund på Ekneskaien. Eknesvågen vener skipa til minnehøgtid etter Ingvald O Eidsheim som den 27.nov.hadde vorte 100 år. Eg er glad forat eg fekk vera med på denne minnestunda, og veldig glad for å få møta familien hans. Eg trur det er viktig at vi aldri gløymer kva som skjedde under 2.verdskrig. Den innsatsen som Eidsheim gjorde under 2.verdskrig er uvurderleg. Med fare for sitt eige liv drog han og dei andre som arbeidde om bord på
" Shetalndsbussane " igjen og igjen ut på farefulle oppdrag over Nordsjøen. Kontakten med det frie England via sjøvegen til Shetland betydde at norske menn og kvinner kunne koma seg unna fengsel, tortur og nokre gonger dødsdom. På søndag fekk vi minnast ein av våre motstandsmenn Ingvald Olsen Eidsheim. Måtte minnet hans alltid forbli levande slik at vi aldri gløymer fridomskampen , kampen for eit fritt Norge.

Ingen kommentarer: