fredag, juni 11, 2010

TRIST OG LEIT

I dag må eg skrive nokre tankar om Lindåsskulen. Etter ein lang prosess med kommunedelplan for skule så gjorde kommunestyret i går vedtak om å leggje ned 3 skular. Eit fleirtal med FrP, AP og ein uavhengig representant fekk fleirtal 16 stemmer og faktum er skulenedlegging. Vi var 15 som stemte mot, og vi fremma eit justert O alt.som gjekk ut på å vidareføre dagens skulestruktur. Eg tapte saka, og kjenner meg trist og lei og tom. Det kjem nye dagar..og eg må forholde meg til vedtaket, og som politisk leiar må eg sjå til at dette går greitt for seg. Det som no er viktig er å ta vare på borna - elevane, at der blir gode prosessar i tida som kjem, og at dei blir forklart situasjonen på ein god måte. Det vondt og leit for alle som no misser skulen sin, og eg kjenner meg så hjelpeslaus. Demokratiet er slik - eit knappast mogleg fleirtal snudde saka, og det kunne vore motsatt at vi fekk behalde skulane med knappast mogleg fleirtal...slik er det i politikken. No får eg la vedtaket synke litt, eg får tenkje igjennom kva dette vil betyr, og så får tida vise kva som bør gjerast. Det har vore ein lang tur fram mot vedtaket i går, og vi har jobba på, vi har forhandla, vi har grundig gått igjennom økonomi, kvalitet og bygg...det har vore krevjande for alle parti. Saka i går gjekk fint for seg, med ein sakleg og god debatt. TAKK til alle som kom for å høyra på frå bygdene, TAKK for alle oppmuntringar, telefonar og sms ar eg har fått,det varmar.