tysdag, november 18, 2008

Budsjett 2009 innstilling klar


Så er budsjettmøtet ferdig og formannskapet har ei innstilling klar til kommunestyret. I fjor hadde fomannskapet ei samrøystes innstilling på investeringsbudsjettet, men for 2009 foreligg det no 3 ulike alternativ. KrF, H og FrP med si fleirtalsinnstilling er svært mykje lik opposisjonen. Det som skil oss er bygging av arbeidskyrkje i Knarvik. AP ynskjer å leggje ned 2 skular frå hausten av, og vil difor bruke den gevinsten til kvalitet i skulen. Ellers så går fleirtalet inn for å setje igong ein kommunedelplan for skule i 2009. Då skal ein sjå på heile skulen, noverande skulestruktur, kvalitet, nye skular, investeringsbehov på noverande skular etc.. Vi legg opp til ein grundig og god prosess med opne møter, høyringar, innspel o.l. Ingen skular er lagt ned i 2009, og vi skal heller ikkje konkludera kva som skjer frå 2010, det får vi ta når heile kommunedelplanen er ferdig. Vi er priviligerte I Lindås som no har så gode skatteinntekter frå verk og bruk. Då skal vi og passe oss for ikkje å bruke alt i drifta, men klare å setje av midler slik at vi kan investere og betale ned på renter og lån. Dess meir lån vi har dess mindre kan vi bruke i drifta. Vi går ei spanande tid imøte i Lindås, vekst og utvikling. Så vil vi i 2009 gå igong med eit omdømebyggeprogra. Der skal utabreidast overordna mål og VISJON for Lindås kommune. Dette ynskjer eg vi skal gjere i felleskap, organisasjonen Lindås kommune, politikarane og innbyggarane.Så er det med stor glede at vi no rustar opp Ostereidet symjebasseng og Terapibassenget i Knarvik.Vidare styrker vi kulturbudsjette med 1 mill.kr.til frivillege lag og organisasjonar, styrker ungdomskontakten i Knarvik senter og framleis er med og støttar opp om Lindåstunet. Eg gled meg til å ta fatt, og eg gler med til fortsatt vere med på utviklinga av Lindås kommune.

onsdag, november 12, 2008

Mongstad er med vidare...

So far so good! Ja, Mongstad alternativet er framleis med og skal utredast vidare forhåpentlegvis. No skal vi ha full trykk fram mot fylkesutvalet. Etter mi meining må Mongstad vere med til topps, og då må alle krefter dra i same retning. Eg er glad for at alle parti i Nordhordland har jobba mot samferdselsutvalet, vi står samla i regionen - alle samla for utvikling og vekst og sikra arbeidsplassar. Ein stor TAKK for arbeidet som Nordhordland handtverk og industrilag har lagt ned i denne saka. Eit tett og godt samarbeid som eg set stor pris på.

fredag, november 07, 2008

Storhavn på Mongstad


Då er forslag til planprogram for ny havn i Bergensområde klart. Det er samferdselsutvalet på fylket som skal vedta planprogrammet, og sakshandsamar fylkesrådmann har innstilt saka slik at Mongstad IKKJE skal vera med. Vi er skuffa og svært overraska over dette. Idag har eg gjeve uttale til fleire aviser og media, og vi har jobba mot politisk i heile dag. Vi gir oss ikkje...og eg håpar fylkespolitikarane no brukar sunn fornuft og tek med Mongstadalternativet vidare. Vi meiner at vi har eit svært godt alternativ,Mongstad på må utredast på same måten som bla CCB i Fjell kommune.Det er merkverdig at fylkesrådmann vil utelate Mongstad, og det er svært alvorleg at han ikkje gjev noko begrunning på kvifor han vil sile ut Mongstad i den vidare planprosess.

Fylgjande er ei uttale frå regionrådet som er sendt idag.

Sak 86/08 Fylkesdelplan for ny godshamn i Bergensområdet – utkast til planprogram.
Samferdselsutvalet – møte 12.11.08.

Styret i Regionrådet Nordhordland IKS er svært overraska over fylkesrådmannen si innstilling
til møte 12. d.m. i Samferdselsutvalet vedkomande utkast til planprogram for ny hamn i
Bergensområdet.

Vi kan ikkje sjå at der er noko grunngjeving for kvifor Mongstad-alternativet no vert sett til
sides og ikkje skal utgreiast nærare.

Regionrådet Nordhordland IKS krev at Samferdselsutvalet tek Mongstad-alternativet med i
den vidare planprosessen, og utgreier dette i samsvar med m.a. fylkesrapporten for hamn
2007 som konkluderer med at Mongstad er eit godt alternativ.

Med helsing
styret i Regionrådet Nordhordland IKS
.