fredag, november 09, 2007

Sidan sist...

Mykje spanande har skjedd sidan sist eg skreiv på bloggen. Mykje kjekke ting har eg fått vore med på, og mange nye utfordringar og saker er eg satt inn i. Akkurat no kjenner eg med svært audmjuk og priviligert som kan få vere folkevalgt - og ha vervet ordførar.Her er ei lita oppsummering over hendingar der eg har fått vore med på siste tida.
BASAR PÅ KLØVHEIM BEDEHUS: dei klarar sine saker og ting på Kløvheim bedehus. Ein kjekk fredagskveld med både basar og kaffi. Imponerande...her samlar ein inn mykje pengar på ein kveld.
30 ÅRS JUBILEUM FOR 4H - SAMHALD 2 - MYKSVOLL. Ein utruleg fest , gjennomført så proffesjonelt og med ein stil du berre kan drøyme om. Dette var bra. TAKK til 4 H for eit fantastik arbeid med barn og ungdom gjennom 30 år. TAKK for fest med super underhaldning, god mat og kjekke folk i alle aldrar. Eg vil prøve å fylgje med dykk i tida framover!
25 ÅRS JUBILEUM FOR MUSIKKENS VENNER - NORDHORDLAND. Eit arrangement med klasse. Konserten bar preg av eit mangfald av proffesjonelle aktørar, kunstnarar og lokale innslag som bla Knarvik Skulekorps. Dette var kjekt..Lukke til med å setje musikk på dagsorden i Nordhordland.
HAUSTFEST I LINDÅS FRÅHALDSLAG : Astrid Fjellanger er ei dame det står stor respekt av. ja, heile laget var samla til haustfest og eg var så heldig å vere invitert. Ein kveld som set merker...Kor heldige vi er som har slike ressurspersonar som Astrid Fjellanger. Mange slike kvinner og menn er det i kommunen vår. Vi er heldige.
Så må eg ikkje gløyme å GRATULERE Eikanger - Bjørsvik musikklag med 1.plassen i Siddis Brass. FLOTT, og lukke til i England. No tek eg meg ein tur på nattope på Knarvik Senter og mandag er det full fart til Voss med budsjettdagar. Då skal det gjerast prioriteringar og neste år og komande økonomiplanperiode. Vi har ein tøff prosess foran oss, no gjeld det å ha eit klokt hovud...

5 kommentarer:

Anonym sa...

¿...?

Anonym sa...

Godt å sjå at du trivest i "nyejobben". Ja du har nok å gjera ser eg. Husk på at me "kjem deg i hug", so Paulu sa. Lukke til med budsjettarbeidet. Helsing Gunnar A. på Leiknes

Anonym sa...

Husk Ungdomsmillionen.

No når dere skal lage budsjette så er det viktig at dere husker Lindås Avtalen. Det er 1 ting jeg mener det må få innført helt fra starten av. Dette er noe som vil styrke fritidstilbudet te ungdom og ikke minst la folk få ta egne valg.
Vil derfor sitere fra Lindås avtalen.
• Etablera ungdoms-millionen, som skal vera frie midlar på 250.000 kr kvart år som unge kan søkja om.

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Heisann Gunnar.
Takk forat du hugsar på meg...budjsettarbeidet er tøft...med 28 millionar i minus så seier det seg sjølv at dette blir eit godt stykke arbeid...Vi er ikkje i mål enda, men fortset 26.11Snakkast...

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Hei Andreas.
Skal gjere det vi kan, men alt kan heller ikkje gjerast 1.året. Uansett utfall :barn og ungdom er i fokus hjå samarbeidspartia. Vi skal snakkast!