torsdag, januar 08, 2009

Framtidas pleie og omsorgstenester

GODT NYTTÅR. Så er vi nokre dagar inne i det nye året. Nytt år, nye utfordringar og moglegheiter. Nytt år med fokus på gode levevilkår i Lindås kommune. Viktige planar står i kø for å bli handsama, og pleie og omsorgsplanen er ein slik plan. Ikveld var det høyringsmøte om planen på Lindås. Ein god del bygdefolk hadde funne vegen til møtet på ungdomskulen. Ein flokk med entusiastiske mennesker som brenn for bygda si, som brenn for eldreomsorgen og som kom med svært gode og viktige spørsmål omkring pleie og omsorgsplanen. TAKK skal de ha. Viktige innspel til planen, og det gler meg at så mange er opptatt av eldreomsorgen i kommunen. Lindås bu og servicesenter er ein av 3 sjukeheimar vi har i kommunen og utgjer idag ein god og viktig institusjon. Eg forstår godt at innbyggjrarane på Lindås ynskjer at denne sjukeheimen fortsatt skal vere sjukeheim. Når vi no skal handsama planen politisk vil det vere viktig å tenkje heilhet, framtid, kompetanse og ikkje minst ha den einskilde eldre i fokus. Så må ein spørje seg sjølv : korleis vil eg ha det når eg treng hjelp?? Korleis vil eg ha det dersom det gjeld mine nære eldre? Kva behov har vi?? Kan vi ha både sjukeheimsplassar og omsorgsbustader med heildøgns omsorg på same plass? Er det mogleg å kombinere dette? Kva med omsorg ved livets slutt? Det er eit tema som og må omtalast i planen. Ikkje berre omtalast, men vi må få på plass eit slikt tilbod. Kunne vi fått det til på Lindås? Demensomsorga - kompetansesenter for demens er viktig for framtida. Kvar skal vi byggje dette opp? Eg har mange spørsmål til planen og dette skal vi verkeleg gå inn i. Det er ein framtidsretta plan vi skal ha som er god for brukaren og pårørande samt dei som skal jobbe i eldreomsorgen. No er planen på høyring før den skal politisk handsamast og ingenting er enno avgjort eller bestemt. Eg vil rette ein stor TAKK til Lindås bygda som igjen viser engasjement og vilje til å stå på for det dei har tru for, som stiller opp på fritida og kjem med gode innspel til det beste for dei eldre. TAKK for eit flott møte, og eg skal ta med meg desse signala som kom ikveld. Kva utfallet blir - korleis planen til slutt blir vil ikkje eg spå noko om, men at vi politisk skal gjere ein grundig jobb med planen det kan eg love.

Ingen kommentarer: