måndag, februar 08, 2010

ARBEIDSPLASSAR

Dette med arbeidsplassar i ein kommune og i ein region er utruleg viktig. For heile den politiske leiinga i Lindås så er det eit satsingsområde dette som går på næringsutvikling, trygge arbeidsplassar, skape nye arbeidsplassar og utvikle gode lokalsamfunn. Etter at Statoil og Sogn og fjordane fylkeskommune inngjekk avtale om å flytte rørlager frå Mongstad base til Florø, så er vi mange som ikkje har gitt håpet om å få til ny aktivitet i Mongstad området. Ca 60 arbeidsplassar går no i 2010 tapt på basen pga flytting av rør, utskiping av rør osv til Florø. No er vi i god dialog med Statoil om å få på plass eit prosjekt som heiter INDUSTRIINKUBATOR på Mongstad. Dette vil generere ny aktivitet og nye arbeidsplassar som vi treng for regionen og kommunen vår. Eg vil verkeleg stå på for å få dette til. Samstundes har vi nettopp tilsett ny samfunnsutviklar / næringssjef for Lindås og Austrheim. Dette er eit viktig satsingsområde, og vi har fått ein god mann på plass i denne viktige strategiske stillinga. Han heiter Hogne Haugsdal og vi ynskjer han hjarteleg velkomen. Med Mongstad som satsingsområde framover så vil vi jobbe for nye arbeidsplassar og forat nye innbyggarar skal kome til oss og ta del i vårt lokalsamfunn. 2010 blir eit viktig år for politisk leiing og ordføraren! EG GLER MEG:)

Ingen kommentarer: