torsdag, august 23, 2007

Travle småbarnsforeldre


Idag blei eg merksam på ei flott melding frå partileiaren vår i KrF - Dagfinn Høybråten.Han lanserte ei forsøksordning i to kommuner der ein vil gje småbarnsforeldre som har barn mellom 1 - 12 år ei ekstra ferieveke. Kva ??? Jo, du les rikitg! Ei ekstra ferieveke. Er ikkje det flott! Småbarnsforeldra er ofte i ei tidsklemme, og KrF vil leggje til rette med meir tid for barna. " Skal vi ta steget fra en velferdsstat til et livskvalitetsamfunn må folk få ta tida tilbake"( sitat - Høybråten )KrF - Lindås ynskjer at kommunen vår skal bli ein forsøkskommune for denne ordninga. Eg har difor i samaråd med KrF - Hordaland sendt ut ei pressemelding med pålydande tekst : " Gjer Lindås til ein forsøkskommune, Dagfinn ".Lindås er ein kommune i sterk vekst, og vi har mange unge familiar som etabelerer seg her. Det vil vere av stor verdi dette tiltaket. Om det kostar noko ?? Ja, men det blir då statlege midler og skal ikkje gå på bekostning av eit stramt kommunebudsjett. Det hadde vore topp dersom vi fekk det til ! Så good luck Dagfinn og Lindås kommune.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Høyres genialt ut, tror både vaksne og born sett pris på detta :D

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Ja,dette er genialt.Born og foreldre treng all den tid saman dei kan få. Barnetida går så altfor fort.