onsdag, mai 14, 2008

Sikker straumforsyning men i KABEL!


Det er snart midnatt og det har vore ein lang og hektisk ordførardag! Dagen idag har vore særdeles spanande, utfordrande og ikkje minst engasjerande. Dagen idag har gått til kraftlinjesaka Mongstad - Kollsnes, og eg har vore i møte med både NVE (Norges vassdrags og energidirektorat )og deltatt på FOLKEMØTE på Radøy. Møtene idag har vore i fellesskap med Radøy, Austhreim, Lindås og Øygarden. Ikkje minst vil eg nevne FOLKEMØTET: Stort engasjement, masse folk, og konstruktive innlegg. Budskapet frå Nordhordland er klinkande klart : straum skal alle få, men det i jord / sjøkabel.Forrige veke hadde eg møte med alle grunneigarane i Lindås som er berørte av desse kraftlinjene. Ein utruleg flott gjeng som var djupt bekymra for framtida, landskapet og sitt bumiljø. Dei 4 kommunane står altså samla og vil koma med høyringsuttale til NVE med eitt bodskap : Nordhordland har eit sårbart kystlandskap, industrien har krevd mykje av lokalbefolkninga i Hope / Kjeilen området og det er allerede betalt ein høg pris for det. No er vår tur komen til å få noko att! Straumen skal i kabel...og vi vil gjere alt som står i vår makt å det til. Her står vi samla tverrpolitisk i heile regionen vår. Vel, de skal få fylgje med i utviklinga på denne fronten, no sender vi inn uttale til høyring, så blir det til hausten ei synfaring med NVE på dei berørte områdene.. Saka er viktig og vi legg breisida til! GOD NATT!