onsdag, mai 19, 2010

GLADE MAIDAGAR

Mai månad er ein nydeleg månad. Ikkje berre har vi mange fridagar til disposisjon, men vi ser korleis naturen kviknar til med eit fargespekter som varslar håp og nye dagar! Mai månad er og månaden med nasjonaldagen vår som betyr så mykje for oss. Eg hadde ein herleg 17.mai der eg fekk kome innom heile 3 ulike bygder i Lindås kommune. Dagen min starta i Alversund med Gudsteneste i ei stappfull kyrkje. Her var pianist Rune Alver og vi fekk høyre Grieg og Halvorsen - nasjonal musikk - norsk på alle måtar. FANTASTISK. Stor takk til Rune forat han var med å løfta Gudstenensta musikalsk. Barnekoret Sing Singeling var også med. Ein herleg flokk med songglade barn som gav av seg sjølv under dyktig leiing av Therese H.Aakre. TAKK til koret og dirigenten for de som de gav oss alle, ei stor oppleving. Så var det 17.mai tog og tale før eg køyrde vidare til Leknes. Også der eit flott program med barnekor, Mannskoret og Blåseorkesteret, kjekke folk altså ei god stund. Siste stopp på taleferden min 17.mai var på Stranda. God mat og godt selskap. Ein nydeleg stad og ei fin stund med god song, musikalsk tonefylgje frå Trond Fykse og med ein dyktig konfransier i Sveinung Toft. TAKK forat eg fekk vera med på dette. Mai er også månaden for revidering av budsjettet og starten på neste års budsjett gjennom økonomiseminaret til formannskapet. Krevjande, men veldig interessant og viktig arbeid. Kva skal prioriterast? Kva oppgaver og tenester skal det satsast meir på? Vi har ein stor jobb foran oss. Med lyse og gode maidagar så hjelper det oss å halde humøret oppe...folkens : det går mot sommar. Ha ei fin maitid:)