søndag, desember 21, 2008

Jul - Jul Strålande Jul


Det er 4.saøndag i advent og få dagar att til sjølvaste julaften. Eg gler meg til jul, eg gler meg til julegugstenesta, til julemiddag med min kjære familie og til igjen å få minnast barnet i krybba som kom og vart vår Frelsar Jesus Kristus. Jul, jul , strålande jul heiter ein forholdsvis ny julesong. Eg song denne på både budsjettmøte i kommunestyret 12.des. og eg fekk syngja den på Lindåstunet på torsdag. Det er så kjekt å koma på Lindåstunet. Eg og varaordførar blei så godt tatt imot, og vi fekk helsa på både dagbrukarar, fastbuande og personelt både dei som jobbar frivilleg og ansatte. Ein god atmosfære er der på Lindåstunet. Eg er verkeleg glad forat vi har kunne fått hjelpe til økonomisk frå Lindås kommune slik at dei nå byrjar å få ei god drift med eit godt innhald. Lindåstunet står for tryggleik og trivsel og har dette som motto. Ein god alderdom skal vera slik, tryggleik og trivesel for den einskilde. Våre eldre som gjennom eit langt liv har jobba og streva for samfunnet - klart ein skal kunne ha tryggleik og trivsel i livet sitt sjølv om ein blir gammal og eventuelt må bu på ein sjukeheim. Det er dette som må stå i høgsetet når vi i kommunestyret til våren skal ha på dagsorden ein framtidsretta pleie og omsorgsplan. Tryggleik og trivsel, god kompetanse og eit godt bumiljø. Litle julaften skal eg rundt på våre 3 kommunale institusjonar. Eg gler meg til det. Skal vera ilag med presetn og eg tek med meg 2 unge frøkener Alice og Henriette som skal syngja til bebuarane. Vi har 3 flotte institusjonar som alle gjer ein kjempeinnsats. Eit solid og kompetent personale som eg er stolt over. Så er det lysfest idag ved Kvassnesstemna med fakkeltog frå senteret. Eg har fått det ærefulle oppdrag å vere forsangar saman med Bjarte Leithaug. Sjølvsagt skal eg og få lov å gje ei julehelsing og det ser eg fram til med glede. GOD JUL - GOD STRÅLANDE JUL..og hugs at JULEN ER JESUS. Julehelsing frå Astrid

laurdag, desember 13, 2008

Tvil om månelandinga?

Når no leiinga i StatoilHydro i følge VG kjem med opplysningar som skapar tvil om regjeringas månelanding på Mongstad då er det eitt eller anna som ikkje stemmer.
TCM ( test center Mongstad ) pilotanlegget skal stå ferdig i 2010 og slik eg har fått opplyst så er anlegget i rute. Når leiinga no signaliserer ein annan agenda og sår tvil om dette let seg gjera så er eg samd med statsråden at dette må gripast fatt i. Når statsråden no varslar ei sak til Stortinget og til og med vil høyne ambisjonsnivået for testanlegget så er eit klart signal til StatoilHydro : sett igong og jobb -månelandinga skal realiserast med oppstart av piloten i 2010.

fredag, desember 12, 2008

Daglegvarebutikkar i Lindås bryt alkohollova

Juvente og forbrukarinspektørane på NRK har nyleg vore ute i kommune Norge med Juvente si skjenkekontroll. Juvente gjer ein super jobb, dei er dyktige og flinke og gjer ein stor innsats blant ungdom. Også i Lindås hadde dei ein kontroll, og avdekka at 7 av 9 butikkar som vart " kontrollerte " braut alkohollova og solgtre øl og rusbrus til mindreårige. Eg blei svært skuffa over desse butikkane og tek dette veldig alvorleg. Som eg sa både på NrK Hordaland og til Vestlandsrevyen så er eg sint og skuffa og eg tek denne saka opp i fyrste møte i formannskapet over nyttår. Då set eg dette på dagsorden og vil invitera Juvente Nordhordland til å orientera.
Vi treng å stramme inn med fleire kontrollar, fleire kontrollørar og vi må utveksle kontrollørane med andre kommunar slik at dei vert meir anonyme i lokalmiljøet og ikkje så lett gjenkjent som no. Nasjonale retningslinjer og alkohollova må justerast og eg veit at KrF sentralt har fremma mange viktige punkt og løysingar , men er blitt nedstemt på Stortinget. No må politikarane våkne opp. Alkoholen gjer store skadar på menneske, i lokalmiljøet og mange familiar er ramma. Born og unge har det vondt og vanskeleg pga alkoholmisbruket til dei vaksne. Når det i tillegg er så lett å få kjøpt alkohol for born heilt ned i 12 års alderen ja, då er det alvorleg. Vi kan ikkje ha det slik, og vi skal ikkje tolerere dette. Det må bli lettare å ta frå butikkane som bryt lova salsløyve, og personleg synes eg organisasjonar som JUVENTE bør være ein del av sals og skjenkekontrollen i kommunane.
Ei trist og kjedeleg sak, men vi må gjere det vi kan for å betre dette og eg ser fram til saka skal opp politisk og eg håpar på god og konstruktiv debatt med løysingar. GOD HELG.

tysdag, desember 09, 2008

På julekonsert


Søndag ettermiddag i Ostereidet kyrkje. JULEKONSERT. Nydeleg, avslappande, godt og friskt. Dei er jammen flinke . Barnekor frå både Leknes og Ostereidet. " Te Deum " og songgruppe, opplesning og solistar. Josef og maria med Jesusbarnet. Flott musikk av både Trond Fykse og pianist frå Leknes m/band. Alt godt leia av Dag Haarklau. TAKK skal de ha for ei flott oppleving til ettertanke og til glede for oss alle. Kveldsmat i kyrkjekjellaren etterpå, dugnadsinnsats frå mange. Eg blei stolt og glad, stolt over det flotte tilbodet og alt arbeid som blir gjort i kyrkja og glad forat så mange frivillege brukar av si fritid for å gjera andre glad. Lukke til vidare med eit nytt år i arbeidskyrkja på Ostereidet. De gjer alle eit fantastisk arbeid.