måndag, september 29, 2008

På bokkafe i Eknesvågen


Igår søndag var eg igjen på bokkafe i Eknesvågen. Eit supert tiltak nede på kaia med bøker, kaffi og vafler og ikkje minst ein god prat om viktige temaer.
" Ordførarpraten " igår var interessant. Vi var nokre stykker, men praten gjekk livleg om næringsutvikling, bustadbygging, 100 metersbeltet, fylkesmannen, kultur og kulturminner. Eknesvågen vener har mange prosjekter på gong så det blir spanande å fylgje med framover. Eg håpar dei ikkje slit seg ut, men klarer å dra lasset saman og ikkje ha for mange ballar i lufta samstundes. Ein flott gjeng, entusiastiske og utruleg kjekke folk. Eg er blitt veldig glad i denne gjengen. Gler meg alt til neste ordførarprat der inne, og gler meg til advent og november då skal eg igjen få den ære av å tenne julegrana på Eknesvågen kai. Eg er så heldig og takknemleg! Lukke til med alt de gjer gode vener!

tysdag, september 23, 2008

Eikanger-Bjørsvik Musikklag klarte det igjen


Søndag kveld blei ein stor oppleving for meg. Eg var på konsert i Logen i Bergen for å høyre vårt eige Musikklag - Eikanger Bjørsvik. Heldige eg som fekk bilett i posten frå korpset, og heldige eg som fekk nyte ein kveld i Logen med flott musikk formidla intenst med innleving. Så profft, så bra - det er jammen bra å ha så gode musikk og kulturkrefter i kommunen. TAKK skal de ha for ein flott konsert eg koste meg!

tysdag, september 16, 2008

Så er det haust og budsjett igjen..


Tida går jammen fort. Det er snart eitt år sidan eg blei vald til ordførar i Lindås, eitt år med utruleg mykje spanande saker, oppgaver, representasjon, hard jobbing, kjeft og ros. Summa sumarum : EG ER HELDIG OG PRIVILIGERT som får vere lokalpolitikar i Lindås. Så var det hausten då og budsjettprosessen er så smått igong. Enno mange usikre moment - kva får vi av inntekter i form av eigedomskatt på verk og bruk, kva får vi gjennom statsbudsjettet til kommunen, utbytte frå BKK etc...Eg er optimist og trur vi skal klare å skape mykje bra også i 2009 for innbyggjarane. Kva skal vi satse på?? Eg er særs opptatt av : Oppvekstvilkår, eldreomsorg, kultur og frivillighet, dei svakaste i kommunen vår - rusomsorg, bustadlause osv..Vi har mange utfordringar, og vi skal gjere det vi kan for å byggje eit varmt og trygt samfunn i Lindås. Næringspolitikk, areal til nye næringsområder, få vatn i bassenga, kyrkje, idrettshall på Lindås..gode investreingsprosjekt står i kø. Ein krevjande budsjettprosess på både drift og investering ventar oss. Kva tenkjer du må prioriterast for 2009 ???

tysdag, september 09, 2008

HAPPY BIRTHDAY TO YOU


KrF er 75 år. Jubilanten blei feira som seg hør og bør i heile Hordaland på torsdag 4.9 og med stor jubileumsfest på Hotell Norge på laurdag 6.sept. Ein sprek jubilant, flott fest med sentral politikk ...god mat og god prat. Det kjekkaste for meg på den festen var å sjå alle dei kongebra Krfuarane..Ungdom som er levande opptatt av det sentrale i KrF som NESTEKJÆLEIK, MENNESKEVERD og FORVALTARANSVAR. No skal vi saman byggje livskvalitetssamfunnet med rom for alle, med tid for alle og der den einskilde blir sett. Når dei svakaste blir ivaretatt då blir det kvalitet. Laila Dåvøy som er stortingsrepresentant for KrF sa bla på markeringa vi hadde på Frekhaug : " dersom vi har eit samfunn som er godt for borna- da får vi eit samfunn som er godt for alle ". Familiepartiet KrF godt planta i sentrum av norsk politikk trengs i landet vårt i 75 år til. Snart er det stortingsval. Eg håpar du tek med deg at samfunnet vårt treng meir enn nokonsinne å bli prega av nettopp nestekjærleik, menneskeverd der alle har lik verdi og forvaltaransvaret - både i Norge og i andre land. KrF vil vere med å byggje eit varmare samfunn..blir du med ??

onsdag, september 03, 2008

Leiknes skule - ja, dei kan!


Idag har eg vore på Leiknes skule. Eg tok med meg rådmann og vi køyrde inn for å takka dei. Takka fordi dei er så utruleg flinke. Dei har tatt imot 27 1.klassingar under vanskelege forhold i ein gymsal..også dei andre elevane ivaretek dei på ein flott måte. Eg har fått gode attendemeldingar frå foreldre som seier at personalet på Leiknes er i ein klasse for seg. FLOTT. " Forelska i lærarn... " eg har stor tillit til lærarane og personalet rundt om på skulane i Lindås. Dei er dyktige og har fokus på den einskilde elev..Eg har lagt merke til dykk...er stolt over dykk. No skal det bli spanande å sjå seksjonsbygget som kjem på Leiknes samt ombygginga..Er klar over at det ikkje er den optimale løysinga og at helst skulle alt vore gjort no, men vi må forholde oss til investeringsplanen, men allikevel ha full fokus på framtida. Lukke til fortsatt i Lindås skulen...Vi er priviligerte!

tysdag, september 02, 2008

Kor skal kyrkja i Knarvik plasserast??

Samarbeidspartia KrF, H og FrP har i si politiske plattform eit punkt som heiter kyrkje i Knarvik. Over investeringsbudsjettet som vart samrøystes vedatt i desember 07 har endeleg kyrkja fått sin post på budsjettet, og etter mange års venting skal no kyrkja realiserast. Då er spørsmålet : kor skal den stå?? Tomtespørsmålet skal avgjerast og det snarast. Mange har ulike meiningar om plasseringa av kyrkja, men no må vi få fart på denne avklaringa. Eg ynskjer saman med mine samarbeidspartar i Høgre og FrP å invitere til ope møte om kyrkjeplasseringa, og eg inviterer herved til å kome med kommentarer på bloggen om dette temaet. Skal kyrkja stå på Knarvikhøgda eller ovenfor senteret - på pynten ved Nordhordlandshallen ?? Dette er to gode alternativ som begge i kommunedelplanen er off.areal - nettopp til denne bruken. Velkommen til ope møte - eg skal annonsera det i lokalavisene så fylg med !!

KONGESØLV TIL EINAR


Søndag 31.august var ein stor dag for meg, for Lindås kommune og ikkje minst for Einar. Einar Helland - lokalpolitikar, samfunnsengasjert, frivilleg, skulemann og opptatt av einskildmennesket blei dekorert med H.M.Kongens fortenestemedalje i sølv. Heile bygda Stranda hadde laga til stor fest og markerte dekoreringa på ein flott måte. Ja, og så eg då..eg hadde den store ære og glede over å få tildele Einar som verkeleg er ein " einar " denne medaljen. Å - eg er så heldig og så priviligert...TAKK til Einar for alt han har gjort og gjer for bygda, for kommunen og for heile Nordhordland. Eg set stor pris på deg, og ynskjer alt godt for dagane som kjem. Eg gler meg til å sjå museet ditt som du no lagar til i kjellaren din heime på Stranda. TAKK til bygdelaget som gjorde det mogleg at Einar fekk denne utmerkinga. TAKK for ein flott fest. De er så flinke. Så er det blitt kvardag igjen og nye utfordringar ventar meg. No er det full politisk trykk på arbeidet med å få STORHAVN til MONGSTAD. Her skal eg stå på barrikadane vi treng å tenkje langsiktig og tryggja arbeidsplassar og utvikling i kommunen og regionen for lang tid framover..De skal få høyre meir om den saka etter kvart.