fredag, august 14, 2009

GODE TILBOD

Idag har eg vore innom på NBK sin fotballskule ved Nordhordlandshallen i Knarvik. Borte på begge kunstgrasbanane og på grasbana var fleire hundre born i aksjon. Fotballglede, jubel, mål, lag, fair play og ikkje minst besøk frå SK Brann var eit høgdepunkt. Det er så flott å sjå kva alle dei frivillege legg tilrette for borna. Eit stort antal frivillege frå heile kommunne var i sving for å gje eit godt tilbod til borna no før skulen startar. Ja, det står stor respekt av det arbeidet. Mitt parti som er KrF vil fjerne momsen på frivillgheten og det er på høg tid. Alle lag og organsisasjonar som slit seg ihjel for å klare kvaradagen i laget, som jobbar dugnad, som sel vafler ja, så skal dei betale moms på det?? Heilt tullete og no må denne momsen fjernast ein gong for alle. Så ynskjer eg gode oppvekstvilkår for borna og dei unge. Trygg oppvekst, levande bygder med gode tilbod. Eg vil gjere mitt som KrFar både i Lindås kommune og ellers slik at dette kan gjennomførast. Fleirtalet i Lindås - KrF, Høgre og FrP har ei stor oppgave framover, og vi skal gjere vårt beste for å få det til. Eg vil ikkje love at vi skal klare alt, men gjere vårt beste utifrå dei midlar vi har til disposisjon. Vårt kommunestyre i sin heilskap gjer ein flott jobb. Både posisjonen og opposisjonen, vi jobbar godt ilag synes eg. No håpar eg vi skal få til mykje godt for innbyggarane også for budsjettåret 2010 - eit samla kommuenstyre som gjer gode vedtak er for meg MUSIKK. KrF skal gjere sitt beste både lokalt og sentralt. TAKK til Nordhordland ballklubb for eit supert arrangement med fotballskulen - de er kjempedyktige.

fredag, august 07, 2009

PSYKIATRITILBODET

Idag vil eg skrive litt om born og unde med psykisk sjukdom. Det er faktisk ei ganske stor gruppe i landet vårt som strevar i det daglege med utfordringar, problem og dei har det vanskeleg. Også i vår kommune Lindås er det fleire som strevar og har tøffe dagar.
NRK meldte tidlegare i sommar at 1 av 4 barn med psykisk sjukdom ikkje får hjelp. For eitt år sidan innførte regjeringen ein garanti som lova born behandling innen tre månader, men lite har skjedd. Nå må regjeringen ta ansvar for borna som ikkje får behandling, og gjere noko med det psykiatriske tilbodet til barn og unge i Norge!

Tidligere var midlane til psykiatrien øyremerka til kommunane, men det har den rød-grønne regjeringen endra på i 2009. Nå kan ein kvar kommune og fylkeskommune sjølv avgjere kor mykje penger som skal gå til det psykiske helsevernet.I Lindås har vi ikkje gjort endringar, men bruker same ramme - like mykje som det vi gjorde i 2008. For både KrF Lindås og samarbeidspartia H og FrP var vi samde om i budsjettet å halda fast på det slik at det ikkje har vore nedskjæringar itilbodet til psykisk sjuke. Eg er også svært glad for at eit samrøystes kommunestyre løyvde milder til aktivitetsbasert avlastning, eit tilbod til fleire ungdommar som bur heime, men som treng eit anna tilbod enn vanleg avlsatning.Sentralt så er KrF eineste parti som ynskjer å behalde øyremerkingen til psykiatrien. Dessverre hadde KrF rett, regjeringen har ikkje greidd å bygge ut behandlingstilbodet.

KrF meiner vi må ha ei satsing på skulehelsetenesten. Regjeringens papir-garanti, om hjelp innan tre månader er ikkje holdbar. 1 av 10 ungdommer i Norge har hatt sjølvmordstankar, då må vi være tilstades der ungdommene er. Fleire helsestasjoner med lågterskeltilbod til unge som treng nokon å snakke med. I Lindås har vi helsestasjon for ungdom. Eit tilbod kommunane i regionen bidrar til. Forutan det har vi og SALTO - ungdomskontakten i Knarvik senter som gjer ein formidabel innsats, og eg er svært stolt av det arbeidet dei gjer.Samarbeidspartia i Lindås fremma ekstra midler til SALTO i 2009 - og eg er glad forat heile kommunestyret gjekk inn for det!

Ja, vi må halde fast på at det er viktig å ha kontinuerleg fokus på psykiatritilbodet både i valtider, men ikkje minst i kvardagen. Det er ikkje nok å snakke, vi må handle. Eg vil iallefall vere ei stemme for dei som slit og har det vanskeleg i Lindås, og stadig vekk treff eg på mennesker som eg får snakke med og som gir meg innsikt i kva dei slit med.

torsdag, august 06, 2009

INFLUENSA A


Så er ferien over og vi er i full sving att. Det fyrste som skjedde når eg var attende på kontoret etter nokre gode avslappande dagar var å samle ei ressursgruppe som no skal fylgje svineinfluensaen tett. Vi veit ikkje korleis den vil slå ut i kommunen vår enda, men vi tek dette svært alvorleg og bruker planen vår og oppretter tiltak når det trengs. Her kan du lese pressemeldinga som gjeklk ut i dag til lokalavisene. Eg synes det viktig med god informasjon både no og frametter. Ta gjerne kontakt eller skriv ei melding om du har spørsmål eller noko på hjarta!

Pressemelding 4. august 2009

Svineinfluensa (influensa A(H1N1))

Dei fleste opplever ikkje svineinfluensa stort annleis enn vanlig influensa. Utfordringa er at dette influensaviruset smittar så lett at mange vil bli sjuke samstundes. Det er viktig at vi alle følgjer nokre enkle råd om hygiene.

Lindås kommune har eit omfattande planverk for beredskap i samband med pandemi. Erfaring so langt syner at det er viktig å førebu seg på stort sjukefråvære hjå dei tilsette i dei ulike verksemdene.

Tenesteytaren Lindås kommune førebur tiltak for å oppretthalde naudsynte tenester innan t.d. pleie- og omsorgssektoren, vassforsyning og skule. Dette skjer ved å auke tilgang på vikarar og ved organisatoriske tiltak som lettar arbeidspresset i dei spesielle situasjonane som kan oppstå. For å avgrense smitteomfanget og skade som følgje av dette, er det viktig at hygieneråda vert fylgde.
• Vask hendene dine grundig og ofte. Nytt eventuelt alkoholbasert desinfeksjonsmiddel.
• Unngå (om mogleg) nærkontakt med sjuke personar.

Om svineinfluensa
Influensa A (H1N1) er ein sjukdom forårsaka av eit nytt influensavirus som ingen er immune mot. Opphavlig var sjukdommen ein dyresjukdom som smitta mellom svin i nokre delar av verda. No smitter den og mellom mennesker. Når viruset smittar frå menneske til menneske i store deler av verden, kallast utbrottet pandemisk influensa.

Smitte
Viruset smittar forholdsvis lett frå menneske til menneske. Smitteoverføring skjer da på same måte som ved sesonginfluensa; ved hosting, nysing og nær kontakt med sjuke menneskjer. Smitten kan også spreiast ved at sekret som inneheld virus vert overført via hender. Influensa A(H1N1) smittar ikkje via mat, så du kan ikkje få influensa A(H1N1) ved å ete svinekjøtt.

Personar med influensa A(H1N1) vert sett som smittsame så lenge dei har influensasymptom, og inntil 7 dagar etter at sjukdommen starta. Barn, og spesielt små barn, kan vere smittsame lenger.

Pleie av sjuke i heimen
Dersom du må pleie sjuke, følg hygieneråda under for å hindre at du sjølv eller andre blir smitta.
• La den sjuke ha kontakt med færrast mogleg personar og opphalde seg i færrast mogleg rom.
• Syt for nok kvile og nok drikke til den sjuke.

Meir informasjon finn du m.a. på nettsida www.pandemi.no og hos Folkehelseinstituttet.