onsdag, februar 25, 2009

KONGENS SØLV TIL REIDAR HAUKÅS

Idag har eg vore med på noko stort. Eg hadde den ære og glede på vegne av Kongen å dekorera Reidar Haukås - Lindås med H.M Kongens fortenestemedalje i sølv. Bygdebokgeneralen Reidar Haukås har gjennom fleire år arbeida målretta med å skrive bygdebok, samle data, bilder m.m slik at denne kulturskatten som å skriva ned ætter er no er å finna i bygdebok for Lindås. Eit formidabelt arbeid som det står stor respekt av. Eg fekk den glede av å sitje ved sida hans idag på Lindås brygge, og på den vesle stunda lærte eg så mykje. Ein fantastisk person, audmjuk og som ikkje set seg sjølv fyrst, men framhevar dei andre i bygdebok nemda. Utruleg flott mann- eg må berre seie det om att og om att: eg er så heldig som får møte alle desse flotte menneska. VI GRATULERER REIDAR med Kongens sølv og eg ynskjer han og kona alt godt vidare.

laurdag, februar 21, 2009

GRATULERE MIDTGÅRD BEDEHUS-LEKNES

Idag har eg fått vore med på nok ein begivenhet. For 8.gong delte eg ut Leif Øksnes Minnefond. Styret i Minnefondet som består av foreldrene til Leif- Kari og Erling Øksnes, leiar i levekår May Eva Sandvik og dagleg leiar i NBK Ketil Porsmyr + meg - ordførar er styret for minnefondet.
Leif Øksnes døde plutseleg i 1999 berre 27 år gammal. Foreldrene hans oppretta eit minnefond og avkastninga av fondet skal delast ut kvart år til ildsjeler / frivillige i Lindås kommune. Idag var sjølve dagen, og dei som fekk prisen for 2008 var altså : BARNE OG UNGDOMSARBEIDET PÅ MIDTGÅRD BEDEHUS - LEKNES. Over 100 born og ungdom vert samla der gjennom heile veka til ulike aktiviteter. Kor, søndagsskule, torsdagsklubb, ungdomsklubb etc.. Ein stor flokk frivillige ildsjeler sørger for eit godt miljø. Frivillighet er sjølve LIMET i samfunnet vårt. Der er mange som gjer ein stor innsats. I Lindås er vi svært priviligerte som har så mange frivillege lag og organisasjonar. Desse må vi ta vare på. Som kommune og som politikar må vi sørge for at frivilligheten også har midler. Difor er det i dette års budsjett eit dobbelt så stort kulturbudsjett som ifjor. For 2008 måtte vi skjære ned på kulturbudsjettet for å få alt i balanse. Når vi no ser vi har eit betydeleg overskot, så visste vi ikkje det når vi laga budsjettet. Eg er difor glad vi har auka det for 2009, og eg vil fylgje nøye med framover korleis desse midlene blir brukt. Kom med gode innspel til kulturplanen, kom med innspel til kva som trengs av aktiviteter ute i bygdene våre. Vi politikarar er heilt avhengige av gode og konstruktive innspel. Eg kan sjølvsagt ikkje love at alt blir oppfylt, men eg skal love å ta med innspela, vurdere dei opp mot heilskapen i kommunen vår. Eg ynskjer å vera handlekraftig og likar utfordringar. Så no er de invitert til å koma med innspel til både kulturplanen og kulturmidlene. GOD HELG!

onsdag, februar 18, 2009

Det går så det susar i Lindås

Ikkje verst å vere på 1.side i avisa Nordhordland. Ja, med den overskrifta at Lindås går så det susar så blir ein litt glad. Eit historisk mindreforbruk gjer at Lindås står i ei særstilling når det kjem til kommuneøkonomi. At vi allikevel er svært sårbare må også takast med i det reknestykket. Dette fordi vi er heilt avhengig av denne ekstra inntekta som eigedomskatten gjev slik at vi kan ha det høge og gode nivået på tenestene våre. Dersom det kjem endringar i eigedomskattelova så er vi i ein svært vanskeleg situasjon. Vel, no skal vi sjå korleis vi skal forvalte dette mindreforbruket til det beste for alle. At der er mange gode prosjekter på gang det er sikkert, og vi treng sårt å betale ned på skuld og gjeld...samt tenkje nye framtidige investeringar. MEN: fyrst må pengene sikrast!! Vi er ikkje i mål med takseringsarbeidet, og vi har og nokre som har klaga på taksten. Så skal kommunestyret ta stilling til korleis midlene skal brukast eller sparast..eit spanande arbeid ventar, og det er flott å vere lokalpolitikar når vi har handlingsrom og slepp bruka sparekniven heile tida. Ja, overskrifta stemmer : Lindås går så det susar, og det håpar eg vil vare lenge og at midlene blir sikra.

tysdag, februar 10, 2009

EIKANGER-BJØRSVIK VANN NM IGJEN..

HURRA for EBML som i helga vart Norgesmeistrar igjen. Eg blir så glad og eg blir så stolt av dette musikklaget. Dei deler ut si musikalske glede på ein fantastisk måte. Dei er så dyktige og flinke eg må få lov å skryta av dei idag. No skal dei snart feire eit jubileum også...mange år med brass og mange år med musikalske perler. At EBML igjen tek ein NM 1.plass er utruleg bra, så stå på..spre musikken og spre brassgleda på den måten som berre de kan. Eg gler meg til å høyra dykk igjen.

torsdag, februar 05, 2009

TILTAKSPAKKEN FOR LINDÅS KOMMUNE VEDTATT

Formannskapet i Lindås hadde idag opp til politisk handsaming tiltakspakka og midler i Lindås kommune. Rådmannen hadde lagt fram ei liste med tiltak som kan iverksetajst snarast og utifrå den lista gjorde vi våre prioriteringar. Ramme til disposisjon var på vel 10 millionar, og rådmannen hadde eit forslag på 17 mill, så lista måtte slankast for å koma i havn.
Formannskapet drøfta saka på ein god måte, og vi var alle samstemte og tverrpolitisk kom vi fram til eit felles framlegg og deretter samrøystes vedtal. GODT JOBBA Lindås formannskap - god politiks dugnad. Tiltak som no skal igong i TILLEGG til vedtatt investeringsbudsjett for 2009 er som fylgjer :
Lindås barneskule : 2 mill.
Knarvik barneskule : 1.5.mill
Haugen barnehage: 250.000
Håkonshaugen: 250.000
Gamlestova på Tveiten : 200.000
Tinghuset på Lindås: 500.000
Vegsikring / møteplassar Hundvin : 500.000
Vegrekkverk: 500.000
Rekkeskantar - vegsikring : 900.000
Rehab.av nedslitt vegdekke : 3 mill.
Lindås kyrkjelege fellesråd - Myking kyrkje : 600.000
BALLBANE I ALVERSUND - oppgradering og kunstgras : 650.000

Vedtaket frå formannskapet vart samrøystes vedtatt også i kommunestyret
Godt jobba - godt vedtak til glede for mange og ikkje minst : GODE SYSSELSETJINGSTILTAK.

søndag, februar 01, 2009

STRANDA MISJONSLAG I 100

100 år med Stranda Misjonslag er det ikkje flott? Det står stor respekt av eit lag å halda fram med eit arbeid i 100 år. I ettermiddag og kveld fekk eg vera tilstades på dette fine arrangementet. Så heldig var eg at eg fekk både syngje og seie nokre ord til jubilanten. Med tonefølgje frå Trond Fykse som berre spelar heilt fantastisk så blei det for meg ei stor oppleving. Det var fullt i dette bedehuset på Stranda, og snittar og kaker blei servert. Mange har gjennomår stått i bresjen for dette arbeidet og dei vart heidra ikveld med ord og blomar. Strandabygda framstår som ei bygd med mange ressurspersonar og mange kvalitetar. Eit mangfald av lag og aktiviteter der Stranda Misjonslag er ein del av dette mangfaldet. Det var ei stor ære og glede å få representera Lindås kommune idag. Lukke til med dei neste 100 år Stranda Misjonslag.