søndag, februar 24, 2008

MONGSTAD I VERDSKLASSE


Javel, seier dei på sørlandet når dei møtes...idag startar eg og med eit javel! Eg les i lokalavisa at LO leiaren har vitja Mongstad, og det er flott synes eg! Heilt sikkert eit nyttig seminar, men eg måtte møte i kontrollutvalet den dagen så difor fekk eg ikkje til å være med. Då det også var vinterferie i skulane så vil eg tru det var difor at rådmannen vår ikkje hadde høve til¨å møte. MEN : Mongstad er viktig for Lindås kommune, og det som skjer der oppe no er heilt i verdsklassen.Mongstad er faktisk det mest spanande industriområde i heile Europa spør du meg!! Eg fylgjer nøye med og har allerede vore fleire gonger både på StatoilHydro - Monmgstad, og ellers i området. Både eg og fleirtalet ynskjer all industriutvikling velkommen, og vi ynskjer vidare næringsutvikling både i Mongstad området og ellers i kommunen velkommen. Vi vil prøve å leggje til rette for all god næring og industriutvikling i takt med tida. Store ting skjer i nordre delen av kommunen og det er vi sjølvsagt interessert i og klar over. At eg som ordførar i vertskommunen var skuffa den dagen eg gjennom media fekk beskjed om at regjeringen ikkje stilte opp med naudsynt økonomi til å strate CO2 deponering og reinsing frå dag 1 slik det har vore sagt heile tida må ein kunne få lov å seie utan at det skal oppfattast at ein ikkje vil ha industriutvikling på Mongstad. Tvert imot! Eg fylgjer nøye med og det som skjer der oppe med varmekraftverket, testpilotanlegget etc..er svært interssant. Så må vi ikkje gløyme innbyggjararne våre - miljøet er viktig også i vår kommune. Eg reknar med at alt er i rute, og at det blir ei månelanding som Norge kan vere stolte av.

tysdag, februar 19, 2008

Betre alderdom


Så stormer det atter ein gong i kommunen vår. Igjen er det økonomi og dei store utfordringane som er knytta til den. Vi har ein sum til fordeling, og det er alltid smerteleg og tøft å redusera eller kutta i tenesteeiningane. No ligg der eit forslag frå rådmannen som går ut på å omgjera 25 sjukeheimsplassar på Lindås bu og servicesenter til omosrgsbustader med heildøgnsdrift. Det er svært dramatisk å redusera sjukeheiomsplassar og like dramatisk å flytte på sjuke og eldre.Lindås kommune har ein god eldreomsorg med svært dyktige og kompetente sjukepleiarar, hjelpepleiarra,legar, fysioterapeutar, assistentar, kjøkkenpersonell og aktivitørar.Vi vil fortsatt ha ei god eldreomsorg og det vil ikkje kome på tale å bryte hverken kommunehelsetenestelova eller forsvarlighetsprinsippet. Heller har vi ingen intensjon om å svekke dei eldre si rettsikkerheit. Kommunen har som sagt store økonomiske utfordringar i 2008 og i åra som kjem. Rådmannen har kome med eit forslag til innsparing på pleie og omosrgssektoren, eit forslag som altså går ut på omgjering av sjukeheimsplassar til omosrgbustader. Ein omsorgsbustad er IKKJE det same som ein sjukeheimsplass heløler ikkje om omsorgsbustaden har heildøgnsdrift. Forslaget er ikkje politisk behandla, men skal opp i både eldreråd, levekår og formannskapet neste veke.Politikarane har fått ei orientering om planane, men det ikkje betsmet eller avgjordt noko som helst frå politisk hald. Eg trur samtlege parti er skeptiske til dette forslaget, og vi skal gå igjennom dette grundig. Eg vil og rette ei stor TAKK til Lindåsbygda for engasjement for dei eldre sine kår. TAKK for eit flott folkemøte og TAKK til dei frå fagmiljøet og pårørandereprs.som møtte formannskapet. Engasjement er viktig og Lindåsbygda klarte å mobilisera mange på kort tid. Til slutt vil eg minne om eit anna viktig tiltak i eldreomsorgen og det er LINDÅSTUNET. Der gjer dei ein utruleg flott innsats for mange eldre, der er mennesket - den einskilde satt i fokus, og det er TRYGGLEIK og TRIVSEL som viktige element. Så kjære innbyggjarar : har du tid til overs så engasjer deg som frivilleg i eldreomsorgen - Lindåstunet treng deg, og det gjer dei andre sjukeheimane i kommunen vår også!

fredag, februar 01, 2008

Martha 105 år


Igår 31.1.2008 hadde eg den store glede og ære av å ynskje Martha til lukke med 105 år. martha bur på Knarvik sjukeheim og er den eldste i Nordhordland. Eg føler eg kjenner martha litt frå mitt tidlegare arbeid på Knarvik Sjukeheim, og difor var det ekstra stort for meg å få helse ho frå Lindås kommune på den store dagen. På sjukeheimen igår var der sjølvsagt fleire bebuarar som ville helse på martha, og då fekk eg og helse på dei. Ein av bebuarane sa med stor frimodighet : eg er så takknemleg for å bu her, her er det godt å vera! Det varma meg å høyre slike ord. Ja, personalet på sjukeheimane gjer ein formidabel innsats - ikkje berre med pleie, men også måten dei ordnar til på. Igår på post 2 var der nydeleg dekka til med blomar og kake, og flagget midt på bordet. Så følte vi oss så velkomne både eg og journalistane som var der. Å drikke kaffi ilag med Martha var eit stort øyeblikk for meg...eit menneske som har levd så lenge..tenk på alt ho har opplevd og sett i samfunnet. Tenk på utviklinga...på alle dei " nye " tidene ho har sett veksa fram. Heilt utruleg. Eg håpar Martha får gode dagar på sjukeheimen og ynskjer ho alle våre bebuarar i Lindås kommune alt vel.