måndag, mars 31, 2008

HURRA FOR STRILATUN


Så har Seims bygda klart det igjen!! laurdag 29.mars feira dei grendahuset sitt
" Strilatun ". 20 år med entusiasme, kreatvitet, dugnad og frivilleg arbeid. Eg er mektig imponert over det arbeidet bygda har lagt ned i Strilatun. Å feire eit hus er ikkje kvardagskost, sjølv ikkje for ein ordførar! Takk til bygda som står på for innbyggjarane i bygda ja, for mange både i Lindås og heile Nordhordland. Å vere ordførar i Lindås kommune er eit stort privilegium, og ikkje minst få representera på eit så flott og gjennomført arrangement er eg svært glad for. Seimsbygda har gjort og gjer jobben sin, dei står på, gjer seg ikkje. Lukke til med vidare arbeid, og lukke til med å spre dugnadsglede over frivilleg arbeid. De gjer ein kjempejobb.
Fylgjande tekst er frå talen eg hadde til jubilanten.

Kjære jubilant og jubilantar!
Eit hus – eit grendahus fyller 20 år. Gratulera med dagen, gratulera med 20 år.
Strilatun – eit perfekt navn til eit grenda hus. Strilatun fylt av kraft, motivasjon, kreativitet, festglede, song og musikk, barn, ungdom, eldre, nabotreff og helselag. Ja, mang ein aktivitet rommer dette huset.
Eit levande hus kan ein trygt seie, i ei levande bygd SEIM.
Mitt fyrste møte som ny i kommunen i 1995 var bla møte med Strilatun. Eg hadde starta i heimesjukepleien i Alversund og Seim, og skulle ut på mitt fyrste oppdrag til Seimsbygda som sjukepleiar. Hadde pugga litt på kartet, men fekk berre grei beskjed – kjør til Seim – rett forbi Strilatun så er du der!! Ok tenkte eg – Strilatun – kva no det var?? Etter nærare undersøkingar så fann eg ut at Strilatun var altså eit grendahus - og med det som landemerke så blei eg losa rundt alle stader på Seim og omegn.

Jubilanten har romma mang ein lindåsing, og mang ein stril. Ja, også internasjonalt er Strilatun kjent.
Frå Lindås kommune vil eg ynskja til lukke med jubileet 20 år. Kommunestyret i Lindås er så privilegert som har fått ha budsjettmøtet sitt i desember lagt til Strilatun.
Det har vore vanskeleg å finne nøyaktig når tid denne tradisjonen blei innført, men i følge kilder på rådhuset så er det i alle fall rundt 10 år sidan og kanskje meir sidan dette samarbeidet starta. Sjølv fekk eg leie mitt 1.budsjettmøte 13.desember i fjor i dette hus – og vi fekk topp service, alt tilrettelagt, god mat så dette vil vi satse vidare på.

Det skal bu folk i husan. Husan e som folk. Folk treng hus og hus treng folk i all si tid…., synger Kari Bremnes. Og i dette hus er der folk, og folket trenge Strilatun. - Korleis har du det i ditt hus forresten? Korleis står det til? Tru ikkje på ekspertene som vil fortelle deg at dei veit alt så mykje betre. Men det er ein ting vi veit veldig godt når det gjelder motivasjon. Det er at
slike tilstander er smittsomme. Korleis vi sjølv har det smitter over på andre.

Eg håpar at dette huset framleis vil vere ei slik smittekjelde – til motivasjon og glede for mange – langt utover Seimsbygda.

Takk for invitasjonen og lukke til vidare med arbeidet i dette huset!

fredag, mars 14, 2008

Oppsummering ....


Det er fredag og det er helg. Eg kjenner meg priviligert ikveld. Priviligert over å få vere folkevalgt, få vere ordførar og få vere ein del av den store KrF familien! Så hadde vi kommunestyremøte igår. Vi starta kl. 14.00 og avslutta kl. 20.40. Eit langt, men godt møte der vi fekk debatera viktig politikk, eit møte der vi var for det meste samrøystes i heile kommunestyret, men vi hadde også vedtak der dei politiske ulikheter kom fram. Det er dyktige lokalpolitikarar i Lindås. Alle parti har utruleg flinke og kreative folk, som er på jakt etter dei gode løysingane heile tida. Vår KrF gruppe med Arne Ramslien i spissen talar varmt om viktige verdiar, menneskeverd og mangfoldet vi skal ivareta i kommunen vår. Kva har så skjedd den siste tida for min del ?? Ei lita opprasing følgjer no, og du vil sjå at det er svært mange ulike oppgaver ein ordførar i ein kommune må ta ansvar for!!Eg kan ikkje ta med alt, men dei store linjene får du !
- 22.januar - opning av nye vegen - Espeland - herland. Fantastisk med trygg veg til Mongstad
- 25 - 27.januar - KrF konferanse - lokalpolitikarane samlast til viktige tema
- 30.januar ein vanleg dag på kontoret der eg har møtepunkt med innbyggjararne. Denne dagen møtte eg folk frå Risa på Lindås. Veldig interessant
- 31.januar - Stormøte med Nordhordland Legevakt. Helse for alle i Lindås og nordhordland
- 7.februar - kommunerstyremøte på Mongstad. Vi ser det store anlegget, og får viktig informasjon om satsingane som no er i full sving. Industri og næring i fokus!
- 8.februar - klimamøte. Miljø og klima er satt på dagsorden i Lindås. Eg har tatt initiativet til at ny klima og energiplan no må rullerast og miljø må vere ein viktig del av denne planen
- 11.februar - ekstramøte i formannskapet. Lindås bu og servicesenter står på agendaen. Politikarane ynskjer ikkje å gå for rådmannen sitt forslag til innsparingar om å leggje ned 25 sjukeheimsplassar og gjere dei om til omsorgsbustader med heildøgnspleie. Rådmannen har gjort jobben sin, men vi ynskjer ikkje å fylgje den planen
- 14.februar - ungdomskuleelevar på Knarvik møter meg på kontoret til prat og intervju. Dyktige og engasjerte ungdommar
- 17.februar - eg er " organist " på Gudstenesta i Myking kyrkje. Flott å få litt påfyll også!!
- 21.februar- ordføraren møter kontrollutvalet. Skulen og styringsstrukturen er temaet
- 26.februar - kontordag og møter med ulike innbyggjarra
- 29.februar - Regionrådet har møte. Storhavn på Mongstad og utviklinga der i nordre delen er viktige tema
- 3.mars - NRK intervju kl. 07.00. Eg får lov å snakke om kommunen - vekst og utvikling. Vi ynskjer nye innbyggjarar til Lindås
- 4.mars - møte med ulike innbyggjarar
- 7.mars - fylkesmannen har tilsyn på kommunens beredskap. Eg må møte til intervju..og det gjekk greit. Vi har eit godt planverk og retningslinjer for beredskap i Lindås. Det er trygt å vite
- 9.mars - denne dagen skal eg leve lenge på. Opning av HUMØRKRAFTVERKET i humørbygda Hjelmås. Eg har konsert og får møte entusiastiske bygdefolk som brenn for bygda si og nyskaping. STÅ PÅ - de er utruleg flinke.
- 10.mars - Miljødep. er på synfaring i Nappane saka. No er det berre til å vente...
- 12.mars - folkemøte på Seim. TAKK TIL SEIMSBYGDA som igjen har kalrt det. Dei er svært motiverte og vil ha utvikling i bygda. Full gymsal og masse engasjement. Eg er blitt veldig glad i Seimsbygda også..er priviligert som får oppleve alt dette positive
- 13.mars - kommunestyremøte. Vi vedtek barnehageplanen - og det blir ny barnehage på Ostereidet og Knarvik Barnehage skal byggje ny. Spanande..
- 14.mars - møte om vassforsyning. Vatn er livgivande - og vi må vere på hugget og vite at vatnet vårt er trygt å drikke med god kvalitet.
Då er det helg og snart påske. Påskehøgtida då vi skal minnastkor høgt Gud elska verda at han gav Sonen sin den einaste, forat kvar den som trur påHan ikkje skal gå fortapt , men ha EVIG LIV. ( Joh.3:16 )
Ha ei god påske alle saman. Vi snakkast på bloggen!!

søndag, mars 09, 2008

HUMØRBYGDA HJELMÅS


I dag vil eg fortelja litt om ein fantastisk ettermiddag eg har hatt. Denne søndagsettermiddag har eg tilbringt i HUMØRBYGDA Hjelmås saman med ein flokk entusiastiske og humørfulte mennesker - store og små ifrå Hjelmåsbygda. HUMØR KRAFTVERKET vart opna med å tenne den fyrste lampa og det fekk altså eg som ordførar gjera. Det berre oser av humør, ståpå holdninger og ikkje minst humør i denne bygda. Ja, eg kan godt forstå at dei ynskjer å byte navn frå Hjelmås til Humørbygda! Humørbonden Geir Styve var og tilstades og gav oss eit innblikk i dei ulike typer av bygdedyr som finnes. Besøk også frå Masfjorden - ved ordførar og regionrådsleiar Håkon Matre. Så hadde eg ein aldri så liten " minikonsert ". Det var fordi ein av primus motorar i Humørbygda - Lars Hageseter vann ein konkurranse som kulturavdelinga i kommunen hadde skipa til. 1.premie altså ein konsert med ordføraren! Min 1.solokonsert !! Med meg var eg så heldig å ha Leif Sleire på piano. Han sit for Høgre i formannskapet og er ein dyktig songar og musikar. Vi hadde det kjempegøy på scena, og eg håpar folket også hadde det kjekt! Det arbeidet som no pågår inne på Hjelmås står det STOR respekt av. Det berre osar av optimisme, glede og samhald. Eg ser verkeleg fram til å høyre meir om prosjekta i Humørbygda, og eg kjem til å prioritera fleire slike søndags ettermiddager om høve byr meg! Ja, kjære Lars og alle de andre i Humørkraftverket og Humørbygda : GRATULERER, de er utruleg flinke alle saman ! Dette vil eg fylgje med på. Eg berre bøyer meg i støvet....