måndag, januar 31, 2011

LUFTSPENN I NORDHORDLAND??NEI-TAKK

Så kom innstillinga frå NVE i dag i forhold til dei omsøkte kraftlinjene
Mogstad-Kollsnes. Vi har venta i spenning på denne innstillinga, og til vår store forbauselse så har altså NVE valgt det verst tenkelege alternativet både for Lindås sin del, men også for Austrheim og Radøy. For Øygarden er det det " nest verste " seier ordførar Olav Martin Vik. Dette alternativet er i fylgje NVE sjef Agnar Aas det mest økonomiske, og det er dei forplikta til å sjå på. No er dette som har kome i dag ei innstilling, og siste ord i saka er ikkje sagt. Eg forstår sjølvsagt at vi har ein anstrengt straumforsyning i BKK området, men den straumen let seg gjera å få i kabel enten på land eller i sjø. Vi gir oss ikkje endå, no må vi få ein god og grundig politisk prosess, og no er det vår tur i Nordhordland til å kome til bordet hos Jens Stoltenberg og Terje Riis Johansen. Vi krev kabel i det flate kystlandskapet vårt, eit område med svært store kvalieteter, der fugleartar no er trua, men det viktigaste av alt: HER BUR MANGE MENNESKER som blir berørt og det i alle 4 kommunane. Vi seier NEI - TAKK til luftspenn i Nordhordland.

laurdag, januar 01, 2011

NYTT ÅR 2011

1.dag i 2011. Sola skin, Tour de Ski på fjernsynet, snart tid for å lage middag og ikkje minst tid for å fundere og lure på kva det nye året vil bringe. Eg tenkjer på mulighetene som ligg foran, alle gledene, der vil også bli sorger, frustrasjoner, vanskelege ting og saker, men trass alt så skal vi få bruke kvar dag vi får og vere takknemleg for den.
Eg kan ikkje spå kva dagane vil bringe, men eg ynskjer at eg kan få bruke meg sjølv også i 2011, eg ynskjer å vere til hjelp for nokon, eg ynskjer at vi alle skal vere opne og ærlege, og politisk ynskjer eg å fortsatt ha eit godt samarbeid med alle slik at vi saman finn dei beste løysingane på dei saker som ventar oss i 2011. Tverrpolitisk og samrøystes har vi vedtatt eit budsjett for 2011 og ein økonomiplan. Dette forplikter oss alle, og der ligg mange gode tenester og aktiviteter for innbyggarane våre i det budsjettet. Så ligg der også kutt og nedskjæringar. Dette må skje på ein best mogleg måte i samarbeid med tenesteeiningane og ikkje minst i samarbeid og samråd med arbeidstakar organisasjonane. Arbeidstakar organisasjonane i Lindås gjer ein stor innsats og eit godt arbeid. Dei er viktige for oss alle, og eg ynskjer å spele på lag med dei og mitt nyttårs ynskje er at vi kan ha god dialog, gode fora for diskusjon og samråd også i 2011. Vi treng kvarandre, poltikarane, organisasjonane og administrasjonen i Lindås kommune. Får vi til dette samspelet kan vi gjere mykje godt arbeid. Mykje spanande skjer også i 2011 som bygging av Lindås Idretts og Kulturpark.Det ser eg fram til, at den skal reise seg og Lindåsbygda og bygdene omkring endeleg skal få si etterlengda storstove som dei har jobba så godt med å få til. Kanskje vi også blir landets kulturkommune i 2011?? Vi må krysse fingrene for det og berre håpe...eg trur vi har ein god sjanse til å nå opp. Så håpar eg vi får forutsigbare inntekter i 2011 gjennom eigedomskatten og då tenkjer eg spesielt på rettsaka mellom Statoil-Mongstad og Lindås kommune. Eg synes det er beklageleg og leit at Statoil har saksøkt kommunen, så no får me sjå korleis det går. Eg ynskjer for 2011 å ha fokus på nærings utvikling, oppvekst, omsorg og kultur så det er berre til å jobbe på vidare for at vi skal ha ein god og utviklande kommune. Godt nytt år Lindås:)