søndag, april 19, 2009

VÅRKONSERT PÅ LÆRINGSSENTERET


I ettermiddag har eg vore på ein kongebra konsert! Vårkonserten på LOAS med fleire grupper av flotte ungdomar som song og spela. Ifrå alle bufelleskap for ungdommar med psykisk utviklingshemming var med, samt nokre som også bur heime eller i Stallanemarka. Dei var så flinke, spela på ulike instrument, song, var heilt med under god leiing av Siv Eide Brundtland. Ei dyktig dame som er motoren for dette flotte arrangementet ilag med Irene Femanger. Eg var stolt der eg sat, fryda meg over å sjå kor desse ungdomane hadde det kjekt med musikken. Så må eg jo seie at eg var utruleg heldig og priviligert som fekk syngje ilag med dei. På 3 somgar var eg solist go det var veldig kjekt. gymsalen på LOAS var full, og mange foreldre, søsken og andre var komen for å høyra. TUSEN TAKK for ein flott konsert, de er kjempeflinke alle saman. Eg gler meg til neste gong eg skal få høyra dykk. Dette er noko mange fleire skulle fått del i, for de gav av dykk sjølve alle saman, og det var ekte glede. TUSEN, TUSEN TAKK.

ORDFØRARPRAT I EKNESVÅGEN


Så var det på ny ordførarprat på kaia i Eknesvågen. Idag sat vi ute i nydeleg solskin med kaffi og kakerester frå Gunnar Eide sin 60 års dag igår. Alt perfekt for ein god prat omkring pleie og omsorgsplanen som snart skal handsamast i kommunestyret. Eit viktig tema som egentleg bør oppta langt fleire enn berre dei eldre. Framtidas eldreomsorg i Lindås som planen omhandlar vil bety mykje for mange. Vi hadde ein god time der vi snakka saman om planen og var vel samde i at det er hol i omsorgstrappa og at vi må satse på bygging av omsorgsbustader med heildøgns omsorg utan å nødvendigvis byggje ned sjukeheimsplassane. Vidare snakka vi saman om kor viktig det er å ha fokus på dei hendene som skal hjelpe...dei faglærte helsearbeidarane, sjukepleiarar etc..vi må gje dei gode kår, og yrket må få større status. Det er og viktig å ha fleire 100 % stillingar og ikkje ufrivilleg deltid..Ja, utfordringar er der, og dei må me på best mogleg måte ivareta slik at vi framleis kan ha gode tenester i Lindås kommune. Vi har ein veg å gå, og eg vil gjere mitt forat vi skal ha god kompetanse og ein god eldreomsorg i Lindås.

tysdag, april 07, 2009

Formannskapet i Lindås på Mongstad base

Torsdag hadde vi formannskapsmøte igjen. Eit godt møte, gode vedtak - samrøystes vedtak og ikkje minst veldig god informasjon om Mongstad base. Det er ikkje kvar dag at formannskapet er på basen. dagleg leiar Ragnhild Langøy tok godt imot oss, og hadde ein flott presentasjon av aktiviteter og mangfaldet som basen byr på. Ho avslutta med ein sterk bekymring om kva som vil skje i framtida allerede frå 2010 med basen. Eg deler hennar bekymringar, og eg har over ei tid jobba med den saka som plutseleg oppstod i fjor sommar 08 at StatoilHydro hadde inngått ein avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune . Avtalen i korte trekk går ut på at Sogn og Fjordane fylkeskommune trekkjer si anke hjå NVE om kraft til Gjøa frå Lutelandet. Dersom dei gjer det så skal altså Gjøa få kraft frå Mongstad, og StatoilHydro går inn med penger til opprustning av infrastruktur på Fjordbase - Florø samt flyttar rørlageret frå Mongstad til Florø. Ein høgst uvanleg måte å laga ein avtale på, og det er ikkje for ingenting at vi er fleire som kallar den ein politisk " hestehandel ". 60 arbeidsplassar kan gå tapt på basen grunna denne håplause avtalen, og det som er skremmande er at dette kan vera 1.steg mot flytting av alt som har med rør off shore å gjere, då kan vi miste over 300 arbeidsplassar. Dette skal vi gjere alt som står i vår makt å unngå. Eg har hatt fleire møter med StatoilHydro, både saman med ordførar i Austrheim, leiar i regionrådet, og med fylkesordførar. Dette jobbar eg svært mykje med då det er snakk om mange arbeidsplassar i kommunen vår. Mongstad base har opparbeida seg ei stor kompetanse og dei yter ei service som er vellukka og etterspurd. At ein avtale inngått midt i fellesferien utan noko form for dialog, og utan noko forvarsel det finn eg meg ikkje i. hadde det vore snakk om nye arbeidsplassar, så er det noko anna, men å flytte frå eit fylke til eit anna pga ei klage som ligg hjå NVE - det er utruleg, og dette må GRANSKAST. Eg håpar no kontrollkomiteen på stortinget tek saka, eg har bedt skriftleg om det, og håpar på svar at dei ser det på same vis som meg. Eg veit FrP er villeg å sjå på saka, men det trengs fleire parti. Som ordførar i Lindås ser eg meg svært lei for det som skjer grunna denne avtalen, og eg skal gjere alt som står i mi makt å fylgje dette vidare heilt til topps. GOD PÅSKE!!