laurdag, november 29, 2008

Aukande sjukefråvær

Det er blitt laurdag og eg har gjeve ein kommentar på NRK Hordaland vedkomande det høge sjukefråværet i Lindås kommune. Ja, eg er uroa og er bekymra. Det er Lindås kommunestyre som er arbeidsgjevar for over 1100 ansatte i kommunen, eit ansvar vi skal ta på alvor. Difor må vi no handle og vi må gå bakom desse statistikktala og finne ut kva er det som gjer at langtidsfråværet har auka. Mål og tiltak skal på plass, AMU og arbeidstakarorg.saman med arbeidsgjevar må no gjere det ein kan for å finne ut av dette. Eg har vore innom dei fleste einingane og for meg høyres det ut som om folk trives og har det bra.Allikevel har vi talas klare tale. No når vi på nyåret går igong med overordna mål og visjonsarbeid for kommunen, så skal vi også ha eit auka fokus på arbeidsmiljø og sjukefråværet. Her må alle gode krefter vera med. Tenestetilbodet er avhengige av gode og dyktige fagfolk, og slike har vi mange av i kommunen. No må vi gjere det vi kan for å halda på desse, la dei få trivast og utvikla seg, ha levelege og gode arbeidsvilkår. Då trur eg og at sjukefråværet vil gå ned. Vi må saman skape begeistring, giv og nytt mot i heile organsisajonen. GOD HELG!

søndag, november 23, 2008

Så kom jula til Eknesvågen


Då har eg hatt nok ein fantastisk dag i Lindås kommune. I ettermiddag fekk eg den store glede og ære å få tenne julegrana på Eknesvågen kai. Ei høgtidsstund og ein ettermiddag med mykje fin kultur, underhaldning og gode ord. Dette er 2.gong eg tenner julegrana der og er veldig takknemleg for dette oppdraget. I tillegg til helsinga mi så song eg ilag med Leif Sleire. Leif er formannskapsmedlem ( H )og vi har eit godt samarbeid både i politkken i Lindås og gjennom sang og musikk. Kjempekjekt å kunne få syngje julesonagr der på kaien. Så var det fint å få helse på dei mange frammøtte, store og små. Snakke litt om viktige vegval i Lindås, politiske saker og ikkje minst gode attendemeldingar om at vi er på rett veg i kommuneutviklinga. Det er eit privilegium å få møte så mange flinke og dyktige frivillege. Eknesvågen vener gjer ein stor innsats for bygda, og eg er stolt og glad for å få møta dei og bidra litt på min måte som ordførar. Ordførar praten i bokkafeen skal fortsetja også i 2009 og det ser eg fram til. Gode debattar, kreativitet rundt utvikling og vekst vil stå sentralt også neste år. Eg gler meg allerede...

fredag, november 21, 2008

Eit varmare samfunn

Fygjande er henta frå eit innlegg i lokalavisene som samarbeidspartia har skrevet. Eg vil presisera at nokre av dei tiltaka som det står om faktisk er samrøystes vedtatt i kommunestyret forrige år, og nestes år investeringar er det også stot sett semje om å få til. Fleirtalet har dette med i sitt framlegg til busdjett, men også nokre andre parti vil fremja dei same investeringar.

I veka som var kunne vi lese om nokre tankar nyvald leiar i Lindås Ungdomsråd, Mette Valde, hadde kring politiske prioriteringar i kommunen og på mange punkt er vi samde med ho. Det har vore ei uhaldbar situasjon i Lindås kommune med tomme symjebasseng og det er naudsynt med betre idrettsanlegg på Lindås. Politikarane har ikkje makta å finne midlar til dette tidlegare, og vi er difor svært glade for at fleirtalet i kommunestyret (FrP, H og KrF) har satt av midlar til fylgjande:

nytt idrettsanlegg på Lindås (5.5 millionar kroner)
kunstgrasbane på Seim
kjøp av tomt til aktivitetsområde i Alversund
restaurering av terapibassenget i Knarvik (LOAS-bassenget) (5 millionar kroner)
symjebasseng på Ostereidet (10 millionar kroner). Dette vil gi betre symjeopplæring og redusere tida elevar nyttar til skyss til og frå bassanga i Matre og Modalen
Kraftlagsbyggjet i Alversund som del av ”KRAFT-satsinga” (1 million kroner). Byggjet skal innehalde kafé, musikkverkstad, filmklubb mv.

Fleirtalet i Lindås kommunestyre er ikkje utvitande om at det er problem og utfordingar knyt til ungdom og rus. Vi er difor i kontakt med politi, frivillige lag og organisasjonar, og bekymra foreldre. Vi jobbar aktivt med dette gjennom til dømes senterkontakten SALTO, som vi og styrkar i 2009. Over 5000 unge har besøkt SALTO sidan oppstarten tidlegare i år. Vi aukar og satsinga på lag og organisasjonar gjennom ei auke i kulturmidlane med ein million kroner for 2009. Eit anna døme på at vi satsar på ungdom er gjenopprettinga av ungdomsrådet, kor Valle sjølv er leiar. Ungdomsrådet vart lagd ned i førre periode. Dagens fleirtal satsar på barn og unge, og syntes det er viktig at og ungdom er engasjerte på fritida si.

VI ynskjer å koma i direkte dialog med ungdom, noko som nok vil vera enda meir fruktbart enn ein avisdebatt. Vi trur vi kan få dei gode diskusjonane i opne møter kor alle kan delta. Ordførar og varaordførar vil difor verte glade om dei vert invitert til møta i ungdomsrådet. Ungdomsrådet vil då og kunne få god informasjon, som dei kanskje ikkje har i dag. Vi ynskjer å ta dei rette avgjerder saman med ungdomsrådet. For å få til det er det naudsynt med gode prosessar. Vi diskuterer gjerne kultur- og samfunnshus og aktivitetstilbodet når ungdomsrådet sett det på sakskartet sitt.

Valle meiner at det er feil å prioritere ny kyrkje i Knarvik og ho har rett i at det er mange kyrkjer i Lindås i dag. Men kyrkjene er gamle, og bygd i ei anna tid med andre behov. Knarvik har dei siste 40 åra vakse frå lynghei til regionsenter. Lindås treng ei kyrkje i dette regionsenteret, kor folk bur, arbeider, går på skule og oppheld seg på fritida si. Eit moderne samfunn treng ei moderne arbeidskyrkje kor det kan yre av liv får morgon til kveld sju dagar i veka, med eit mangfaldig tilbod til barn, ungdom, vaksne og eldre. Kyrkja er og ei satsing på ungdom.

Det vert difor feil å setja ny kyrkje opp mot satsing på ungdom. Vi må heller sjå korleis ulike tilbod kan utfylja kvarandre og korleis vi samen kan lage det gode, varme samfunnet som vi ynskjer, og som også leiar i Lindås Ungdomsråd, Mette Valle etterspør. Vi trur nysatsinga på ungdomsrådet difor er ein god moglegheit til å få til eit betre tilbod til ungdomane i Lindås.

tysdag, november 18, 2008

Budsjett 2009 innstilling klar


Så er budsjettmøtet ferdig og formannskapet har ei innstilling klar til kommunestyret. I fjor hadde fomannskapet ei samrøystes innstilling på investeringsbudsjettet, men for 2009 foreligg det no 3 ulike alternativ. KrF, H og FrP med si fleirtalsinnstilling er svært mykje lik opposisjonen. Det som skil oss er bygging av arbeidskyrkje i Knarvik. AP ynskjer å leggje ned 2 skular frå hausten av, og vil difor bruke den gevinsten til kvalitet i skulen. Ellers så går fleirtalet inn for å setje igong ein kommunedelplan for skule i 2009. Då skal ein sjå på heile skulen, noverande skulestruktur, kvalitet, nye skular, investeringsbehov på noverande skular etc.. Vi legg opp til ein grundig og god prosess med opne møter, høyringar, innspel o.l. Ingen skular er lagt ned i 2009, og vi skal heller ikkje konkludera kva som skjer frå 2010, det får vi ta når heile kommunedelplanen er ferdig. Vi er priviligerte I Lindås som no har så gode skatteinntekter frå verk og bruk. Då skal vi og passe oss for ikkje å bruke alt i drifta, men klare å setje av midler slik at vi kan investere og betale ned på renter og lån. Dess meir lån vi har dess mindre kan vi bruke i drifta. Vi går ei spanande tid imøte i Lindås, vekst og utvikling. Så vil vi i 2009 gå igong med eit omdømebyggeprogra. Der skal utabreidast overordna mål og VISJON for Lindås kommune. Dette ynskjer eg vi skal gjere i felleskap, organisasjonen Lindås kommune, politikarane og innbyggarane.Så er det med stor glede at vi no rustar opp Ostereidet symjebasseng og Terapibassenget i Knarvik.Vidare styrker vi kulturbudsjette med 1 mill.kr.til frivillege lag og organisasjonar, styrker ungdomskontakten i Knarvik senter og framleis er med og støttar opp om Lindåstunet. Eg gled meg til å ta fatt, og eg gler med til fortsatt vere med på utviklinga av Lindås kommune.

onsdag, november 12, 2008

Mongstad er med vidare...

So far so good! Ja, Mongstad alternativet er framleis med og skal utredast vidare forhåpentlegvis. No skal vi ha full trykk fram mot fylkesutvalet. Etter mi meining må Mongstad vere med til topps, og då må alle krefter dra i same retning. Eg er glad for at alle parti i Nordhordland har jobba mot samferdselsutvalet, vi står samla i regionen - alle samla for utvikling og vekst og sikra arbeidsplassar. Ein stor TAKK for arbeidet som Nordhordland handtverk og industrilag har lagt ned i denne saka. Eit tett og godt samarbeid som eg set stor pris på.

fredag, november 07, 2008

Storhavn på Mongstad


Då er forslag til planprogram for ny havn i Bergensområde klart. Det er samferdselsutvalet på fylket som skal vedta planprogrammet, og sakshandsamar fylkesrådmann har innstilt saka slik at Mongstad IKKJE skal vera med. Vi er skuffa og svært overraska over dette. Idag har eg gjeve uttale til fleire aviser og media, og vi har jobba mot politisk i heile dag. Vi gir oss ikkje...og eg håpar fylkespolitikarane no brukar sunn fornuft og tek med Mongstadalternativet vidare. Vi meiner at vi har eit svært godt alternativ,Mongstad på må utredast på same måten som bla CCB i Fjell kommune.Det er merkverdig at fylkesrådmann vil utelate Mongstad, og det er svært alvorleg at han ikkje gjev noko begrunning på kvifor han vil sile ut Mongstad i den vidare planprosess.

Fylgjande er ei uttale frå regionrådet som er sendt idag.

Sak 86/08 Fylkesdelplan for ny godshamn i Bergensområdet – utkast til planprogram.
Samferdselsutvalet – møte 12.11.08.

Styret i Regionrådet Nordhordland IKS er svært overraska over fylkesrådmannen si innstilling
til møte 12. d.m. i Samferdselsutvalet vedkomande utkast til planprogram for ny hamn i
Bergensområdet.

Vi kan ikkje sjå at der er noko grunngjeving for kvifor Mongstad-alternativet no vert sett til
sides og ikkje skal utgreiast nærare.

Regionrådet Nordhordland IKS krev at Samferdselsutvalet tek Mongstad-alternativet med i
den vidare planprosessen, og utgreier dette i samsvar med m.a. fylkesrapporten for hamn
2007 som konkluderer med at Mongstad er eit godt alternativ.

Med helsing
styret i Regionrådet Nordhordland IKS
.