laurdag, januar 31, 2009

FLOTTE NORDHORDLANDSUNGDOMMAR

Idag MÅ eg berre skrive om eit aldeles flott arrangement eg fekk vera med på igår. Opplæringskonteret i Nordhordland hadde fest med utdeling av svennebrev og fagbrev. Eg var invitert og møtte fram på Alver Hotell iført pent antrekk og full av forventning med ein liten tale i veska! Her var fullt hus. Flotte og staute gutar og flotte jenter i finkjole. Der var tale, kulturinnslag av Janne og Pia frå Knarvik vidg.skule. Så høgdepunktet : utdeling av fag og svennebrev. Det var stort å sjå alle desse unghdommane som no har fullført ei utdanning, fått sitt fagbrev og er klar til å entre arbeidslivet full av kunnskap og kompetanse. Trond Helland frå bedrifta Helland Elektro helsa ungdommane med å seie at det er viktig å ha hjarte for faget! Så sant..Så var det 3 retters middag og god stemning. Nok ein flott kveld, nok ei hending eg har fått vera med på - heldige meg. No skal eg ut på ein liten handletur før eg førebur meg til 100 års jubileum for Stranda Misjonslag imorgon. Det og ser eg veldig fram til. Og med gledesbodskapet om at ubåten på Fedje no skal hevast, og 5 milliardar til testsenter Mongstad, og Kongebesøk i juni som blei planlagt igår...ja, då er det flott å ta helg... Det skjer så mykje positivt no, alle i Nordhordland og Lindås kan gle seg. GOD HELG.

fredag, januar 23, 2009

VATN

Ja, du leste rett. VATN. Vatn er naudsynt for oss alle, vatn er ferskvare og vatn trengs både som drikkevatn og industrivatn ( råvatn ). Formannskapet har nettopp hatt VATN på dagsorden. Vi har gjennomgått ein rapport og drikkevassforsyninga i Lindås og rapporten viser at vi treng meir vatn, betre tryggleik for levering av vatn, tryggleik med omsyn til forureining, klima endringar og meir industrivatn trengs til Mongstad.
Vatn er ein del av våre beredskap, og vi skal passe nøye på vatnet vårt. No skal administrasjonen jobbe vidare med ulike alternativ for oppgradering av drikkevatnet, nye løysingar og sjå om det også er mogleg med eit interkommunalt vassystem. Alle treng vi å vite at vi har godt og nok vatn. Hovudvasskjelda vår Storavatn held så langt god kvalitet og det håpar eg det også skal vere i framtida. Vatn er viktig og det er difor saka er satt på dagsorden. vatn er også sunt, så sett igong : drikk meir vatn! GOD HELG.

søndag, januar 18, 2009

VISIT NORDHORDLAND

I helga har eg vore på reiselivsmesse i Arenum. Der hadde bla Nordhordlandsregionen ein flott stand. Nordhordland reiselivslag hadde ordnas med ein super stand og den var godt besøkt. " Visit Nordhordland " med alle dei kvaliteter og alt det som denne regionen har å by på. Eg meiner vi må bli enda betre på profilering av regionne vår. Her er alt : jobb moglegheiter, kultur og friluftsliv, gode oppvekstvilkår, attraktive bustadfelt og tomter...Ein VEKST REGION som er heilt UNIK. Eg vil jobbe for å vere med å utvikle denne regionen, og gjennom arbeidet i Regionrådet som Lindås er ein viktig del av vil eg vere med å profilere kommunen, regionen som ein flott stad å bu og arbeide i. Arealdelen i vår kommuneplan skal rullerast iår, no treng vi mange gode innspel på korleis vi ynskjer å ha det i Lindås. Dette må vi sjå i samanheng med heile regionen. Eg er glad vi har eit godt samarbeid på tvers av kommunane, eit samarbeid vi kan utvikle endå meir og som til slutt kan bli ein storkommune i Nordhordland. Der er så mange fordeler med å slå saman kommunane til ein stor og sterk kommune....Så må vi altså markedsføra regionen og det har vi alle eit ansvar. Reiselivsmessa og Nordhordland sin stand var godt besøkt, og det viser at her er alle mogleheiter. VISIT NORDHORDLAND og god søndag!

onsdag, januar 14, 2009

Oppstart av kommunedelplan for Mongstad


Så er vi igong...oppstartsmøte for planen blir eit OPE FOLKEMØTE på Haugatun onsdag 28.januar kl. 18.00. MØT OPP, sei di meining, kom med innspel..eg vil vera tilstades og ta med meg alle innspel som kjem. Planen er viktig ikkje berre for Lindås men for heile Hordaland! Vi vil ha ein open og god prosess og bruke naudsynt tid til planarbeidet slik at vi får alt med oss! VEL MØTT!

laurdag, januar 10, 2009

Krigen mellom Hamas og Israel er ein tragedie

Der er mange tårer..der er stor naud og liding. Både på Gaza og i Israel vert det i desse dagar felt tårer. Tårer for ei mor, ein far, ei søster eller ein bror. Israelsfolket lid og palestinarar lid. Lidingane er store på begge sider. " Nok er nok " sa den israeliske utanriksminister. ja, Israel kunne ikkje sitje lengre å sjå på at HAMAS fyrte av rakett på rakett mot Israel. HAMAS som har eit einaste mål : å utslette Israel. Ja, Israel må kunne forsvare seg. Allikevel krigen er ein stor tragedie. Partileiar Dagfinn Høybråten sa fylgjande om konflikten : " KrF har alltid vært venner av Israel, men vi har aldri stilt oss ukritisk til Israels politikk eller bruk av militærmakt. Vi har en plikt til å si i fra når gode venner er på feil kurs.
Stilt overfor Hamas’ vedvarende rakettangrep mot sivile mål har Israel en rett til å forsvare seg. Mottiltakene må imidlertid være forholdsmessige, ikke minst for å skåne sivilbefolkningen. Våpenmakt kan aldri skape fred. Ingen må tro at militære midler løser selve konflikten. Den kan bare løses politisk – på grunnlag av en forpliktende fredsavtale.
KrF vil arbeide for at Israels skal sikres rett til å leve i fred innenfor trygge og anerkjente grenser og anerkjenner samtidig palestinernes rett til selvstyre på eget territorium. For oss smerter israelernes og palestinernes lidelser like mye. Nå må vi skape menneskeverd ved å trappe opp den humanitære innsatsen og styrke fredsarbeidet ". Eg stiller meg bak desse orda. No må vi be om fred. Mange lidingar på begge sider.Direktør i det kristne TV selskapet SAT 7 seier bla : Krigen som nå pågår er spesielt tragisk for barna. Mer enn halvparten av befolkningen på Gazastripen er under 17 år. De har ingen steder å gjemme seg, annet enn hos Gud.Mi helgehelsing idag vil vere barnesongen Jeg folder mine hender små..Les den, ta den til deg, og la oss håpe på fred - på varig fred og fordragelighet. Israel er våre vener, lat oss hugse på dei, men og på alle dei uskuldige barn og vaksne som må lida og som døyr både på Gaza og i Israel.
Jeg folder mine hender små i takk og bønn til deg
La alle barn i verden få det like godt som jeg

Vern alle med din sterke hånd mot fattigdom og død
Og hjelp små barn i alle land så ingen lider nød

La ingen krig og sult og sott få gjøre oss fortred
La alle leve trygt og godt i frihet og i fred

torsdag, januar 08, 2009

Framtidas pleie og omsorgstenester

GODT NYTTÅR. Så er vi nokre dagar inne i det nye året. Nytt år, nye utfordringar og moglegheiter. Nytt år med fokus på gode levevilkår i Lindås kommune. Viktige planar står i kø for å bli handsama, og pleie og omsorgsplanen er ein slik plan. Ikveld var det høyringsmøte om planen på Lindås. Ein god del bygdefolk hadde funne vegen til møtet på ungdomskulen. Ein flokk med entusiastiske mennesker som brenn for bygda si, som brenn for eldreomsorgen og som kom med svært gode og viktige spørsmål omkring pleie og omsorgsplanen. TAKK skal de ha. Viktige innspel til planen, og det gler meg at så mange er opptatt av eldreomsorgen i kommunen. Lindås bu og servicesenter er ein av 3 sjukeheimar vi har i kommunen og utgjer idag ein god og viktig institusjon. Eg forstår godt at innbyggjrarane på Lindås ynskjer at denne sjukeheimen fortsatt skal vere sjukeheim. Når vi no skal handsama planen politisk vil det vere viktig å tenkje heilhet, framtid, kompetanse og ikkje minst ha den einskilde eldre i fokus. Så må ein spørje seg sjølv : korleis vil eg ha det når eg treng hjelp?? Korleis vil eg ha det dersom det gjeld mine nære eldre? Kva behov har vi?? Kan vi ha både sjukeheimsplassar og omsorgsbustader med heildøgns omsorg på same plass? Er det mogleg å kombinere dette? Kva med omsorg ved livets slutt? Det er eit tema som og må omtalast i planen. Ikkje berre omtalast, men vi må få på plass eit slikt tilbod. Kunne vi fått det til på Lindås? Demensomsorga - kompetansesenter for demens er viktig for framtida. Kvar skal vi byggje dette opp? Eg har mange spørsmål til planen og dette skal vi verkeleg gå inn i. Det er ein framtidsretta plan vi skal ha som er god for brukaren og pårørande samt dei som skal jobbe i eldreomsorgen. No er planen på høyring før den skal politisk handsamast og ingenting er enno avgjort eller bestemt. Eg vil rette ein stor TAKK til Lindås bygda som igjen viser engasjement og vilje til å stå på for det dei har tru for, som stiller opp på fritida og kjem med gode innspel til det beste for dei eldre. TAKK for eit flott møte, og eg skal ta med meg desse signala som kom ikveld. Kva utfallet blir - korleis planen til slutt blir vil ikkje eg spå noko om, men at vi politisk skal gjere ein grundig jobb med planen det kan eg love.