måndag, juni 30, 2008

D/S OSTER 100 ÅR


" Dar kjem dampen, gamle Dampen, ta på deg treskorna og spring.." Ja, vi kjenner alle denne songen. Eg var på 100 års jubileum for D/S Oster på laurdag. I strålande vær fekk vi stå på Shetlands Larsens brygge i Bergen og helsa gamle Dampen velkomen til jubileumsfeiring. Ein flott dag med ei flott ramme. Glade mennesker, fine talar og pengedryss. Det var eit stort øyeblikk for meg å stå på podiet og helsa D/S Oster med talen min. Eg fekk også¨knyte eit par songvers innimellom frå Dar kjem Dampen som eg song. Det var utruleg kjekt. Saman med vener av Nordhordland Veteranbåtlag så fekk vi alle ein nydeleg dag i Bergen med Dampen som heidersgjest. TAKK til dykk alle som gjorde det mogleg å resturera båten, der ligg tusenvis av dugnadstimar bak det prosjektet. Ein formidabel innsats er gjort for å berga denne kulturskatten som D/S Oster er. Eg ynskjer lukke til vidare...og takk forat eg fekk vera med på jubileums markeringa.

laurdag, juni 14, 2008

GOD SOMMAR


12.juni hadde vi kommunestyremøte. Eit langt men særdeles godt møte med mange viktige saker som berører innbuggjarane i Lindås kommune. Eg skal ikkje gå inn på alt her, men vil berre nevna nokre : 1. Eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for å senda uttale til NVE vedkomande kraftlinjer mellom Mongstad og Kollsnes der det politiske bodskap er KRAFT I KABEL. Vår dyktige sakshandsamar Aslaug Aalen har hatt hand om denne saka, og har gjort eit framifrå arbeid. No får vi sjå kva NVE seier før vi går vidare. Vi skal halda saka varm, og jobbe på mot luftspenn. 2. Økonomirapport pr.1.kvarta: vi ligg godt an i årets budsjett i Lindås. Det er betryggande, og det er ikkje minst stor honnør til einingane som jobbar på for å halda budsjett. Vi har enno ikkje hatt ei skikkeleg revidering av 2008 budsjettet og økonomiplanen dette fordi vi ennå ikkje kjenner våre inntekter etter retaksering av verk og bruk. Dette skal vere klart til 1.juli...og det vert spanande. Allikevel styrkar vi budsjettet til kultur, kyrkja og opprettar ungdomsråd i Lindås. 3. Arbeidsgjevarpolitisk plan : vi har vedtatt ein svært god plan for Lindås kommune sine arbeidstakarar. MEN: det er grunn til å styrka planen med eit eige punkt - og eg foreslo difor at ein skal ha som målsetjing i kommunen å auka dei som går i ufrivillege låge stillingsbrøkar. Desse finn vi mest i kvinnedominerte yrker. Eg er glad eg fekk både adminstrasjonsutvalet,formannskap og kommunestyre med på det!
No er det sommar, men eg tek ikkje ferie enno. Litt tid til avslapping skal eg unne meg etter fleire månader no med høgt tempo og mange gjeremål. Idag skal eg til KLØVHEIM SKULE. Her er det 100 årsjubileum for skulen, og 40 år for KLØVHEIM SKULEKORPS. EG GLER MEG VELDIG TIL DETTE ARRANGEMENTET. Må seie eg er priviligert som får vere med på så mykje flott og positivt i kommunen. VI ER HELDIGE som får bu og arbeide her! Ha ein GOD SOMMAR...eg kjem fort attende på bloggen...

søndag, juni 01, 2008

Vegen vidare...


1.juni - sommar og varmt ute, allikevel må eg ein tur innom bloggen min. Mykje har skjedd i kommunen sidan sist eg skreiv om kraftlinjene, så no er det på tide med ei oppdatering! Fyrst viul eg nevna at vi er blitt lagt merke til!! Ja, det har seg slik at vi arbeidar med ny plan for Knarvik senterområde, og i den forbindelse har vi og oppretta god kontakt med det lokale næringsliv og Knarvik Senterforening. At senterforeninga i Knarvik går inn og forskoterar 10 mill.kroner til 1.rundkøyring står det stor respekt av. Kommunestyret har gitt løyve på 5 mill. så no er vi i full gang, og håpar på oppstart av det arbeidet like over sommaren. Eg sa vi er lagt merke til...jo - husbanken såg oss og innstilte oss til å få midler til Stadutvikling - BLEST, og det har vi fått. 1 million ! No kan vi planlegge og analysere og få eit framtidsretta Knarvik sentrum og regionsenter. Eg håpar verkeleg at vi skal få til noko og ikkje berre ha det på papiret. Dialog og samarbeid med lokale aktørar i Knarvik er viktig for meg. Så 16.juni inviterer vi til seminar og eg håpar mange frå både næringsliv, senter, innbyggjarar og politikarar vil finne vegen til eit viktig seminar der utvikling står på dagsorden! Så må eg nevna KULTURSKULEN. Ei arbeidsgruppe har no jobba seg fram til ei god organisering av skulen, hatt fokus på innhald og ikkje minst sett på at fordelinga av ressursar til skulekjorpsa blir meir rettferdig. Gruppa har gjort eit godt arbeid. Vi vil difor gå inn for dei konklusjonane som gruppa har lagt opp til, og løyve 125.000 kr.til kulturskulen for 2008 slik at nivået vi no har blir oppretthalden. No må vi passe på at rammene for 2009 også blir samsvar med gruppas arbeide - det skal iallefall KrF setje på dagsorden i budjsettarbeidet til hausten. Kyrkja vil vi også styrke - og heile 700.000 går vi inn for slik at lønskostander og sikring av konfirmantarbeidet til hausten er i boks. dagens gledelege nyhende er satsinga på ungdommen - dei som fell utanfor organisert tilbod. Vi i fleirtalet - KrF - Høgre og FrP vil blåse liv i Ungdomens kommunestyre og løyver 125.000 kr til det arbeidet med å få igong gode tiltak for ungdommen. No skal vi lage retningslinjer for korleis midlene kan brukast, og det blir formannskapet som må godkjenne dei tiltaka ungdommen vil ha. Samarbeid mellom formannskap / kommunestyre og ungdommen kommunestyre vil bli styrkja. frå politiet er der stadig signal om at det går i feil retning for ein del miljøer i kommunen vår. Mange ungdommer driv hærverk for å ha noko å gjere..dette vil vi no setje fokus på, og håpar og på eit godt samarbeid med politiet. Vel, nok i denne omgang, men det skjer MYKJE POSITIVT rubdt oss - og vi er glade for å setje dagsorden i kommunen vår. Utfordringar står i kø, men vi grip fatt dei ein for ein...No skal eg nyte søndagen og ta ein telefon til mi mor som har bursdag i dag. GRATULERA MED DAGEN MAMMA!!