torsdag, november 11, 2010

KULTURKOMMUNEN LINDÅS

I dag fekk vi endeleg vite svar på vår søknad om å bli kulturkommune i Hordalnd 2010. Med stor forventning entra eg kulturkonferansen til fylkeskommunen på Hotell Norge i Bergen. Det var ikkje enkelt å halda seg roleg når fylkesvaraordførar leste opp kristeriene, og juryens meining om årets kulturkommune...så endeleg blei det sagt: årets kulturkommune er LINDÅS. Hurra,hurra, hurra! Ja, vi har jobba godt dei siste åra med å setje kultur på dagsorden. Kommunestyret har samrøystes vedtatt kulturplan med kulturminneplan, vi har auka opp kulturmidler til lag og organisasjonar slik at vi i dag deler ut over 2 mill.kroner årleg. Ungdomsrådet er oppe og går og deler ut 125.000 til gode ungdomstiltak, vi har ny bokbuss, byggjer Lindås Idretts og kulturpark, nye kunstgrasbaner, skal i gong med Storstova på Leknes, kyrkje i Knarvik...om kommunestyret vil...så her skjer enormt mykje på kulturfronten.
DEn viktigaste ressursen vi har i kommunen er innbyggarane. Det er takka vere dei alle, den einskilde, dei frivillege, lag og organisasjonar som er sjølve LIMET i kommunen vår som gjer at vi idag blei kåra til kulturkommune. TUSEN TAKK til alle dykk som dag etter dag står på for å lage gode møteplassar, aktiviteter, konsertar, dans, idrettsarenaer etc..de gjer alle ein kjempeinnsats. Kommunen skal og vil vera ein tilretteleggar, ein pådrivar og i samarbeid skal vi få til mykje i Lindås. Ennå er det mykje ugjort, men vi er på veg...no kan vi glede oss over dagens kåring, og eg ser fram til at vi skal markere denne hendinga. No må vi berre setje oss ned og finne ut kva vi skal gjere, eg gler meg allerede. Ha ei superfin helg alle saman.