torsdag, januar 28, 2010

KONGENS GULL TIL ELIF B LØTVEIT

Onsdag 27.januar fekk eg vera tilstades i Troldsalen på Troldhaugen for å hylla vår kjære kulturformidlar gjennom mange år : Elif B Løtveit. Kongens fortenestemedalje i gull vart overrekt av fylkesmann Svein Alsaker på vegen av Kongen sjølv. Ein flott konsert var ramma omkring denne store begivenhet, og hovudpersonen sjølv såg ut til å trivast ilag med dei mange musikk og kultur vener frå både Bergen, Nordhordland og ellers frå inn og utland!
Eg hadde helsing frå kommunen, og eg hadde tatt med meg tidlegare elev av Eilif og no fung.kulturskulerektor i Lindås : Åse Hagesæter. Saman framførte vi helsing til Eilif og her er talen vår:

Åse: Eilif B. Løtveit – 910 treff på google…
Dette fortel at du er ein mann med mange jern i elden, og som deltek på utruleg mykje.

Astrid: Eilif, du er ein særdeles alminneleg ualminneleg mann! Du er, eller i alle fall er det det inntrykket me har av deg, alltid interessert. Uansett kva du er invitert til å delta på. Alltid positiv, alltid smilande. Like engasjert, og til dei grader førebudd, anten det er dei eldre på seniorsenter og sjukeheimar, ein konsert med lokale amatørar, eller i større fora, der du er saman med store profesjonelle kunstnarar og tilhøyrarar.

Åse: Eg kan huska engasjementet ditt som lærar frå tida mi på Lindås gymnas. Aldri før, og kanskje heller aldri etterpå, (og eg har hatt ein del musikklærarar opp gjennom åra), kan eg huska å ha møtt nokon som er så engasjert og til dei grader glad i den musikk, og særleg den klassiske musikken. Og dette var berre eit valfag i musikk…Du kunne drøyma deg vekk i ein lyttetime og verkeleg nyte musikken. Fantastisk inspirasjon. Me prøvde jo å imponera deg med opusnummer og sånt òg, og det likte du….Tur til Troldhaugen var ei sjølvsagt utflukt, og eg hugsa eg fekk til og med lov å spele på flygelet til Grieg. Dette fekk eg seinare eit stort bilete av, som du hadde tatt, og til og med forstørra, og sende meg i julegåve! Gjett om eg var kry!

Astrid: Namnet ditt, Eilif B.Løtveit, er som sagt eit namn det står stor respekt av, og som går att i utruleg mange samanhengar. Du driv med omvisning, du er levande engasjert i Musikkens Venner i Nordhordland, du deklamerer, du er konferansier, du er ”Troldhaugens store sjel”, stod det ein plass (tenkte kanskje det var Edvard Grieg, eg?), i referat frå ting du har vore med på står det; ”og som vanleg var det Eilif B. Løtveit som fortalde / heldt foredrag / las dikt / var konferansier / ….” Ja, de forstår kor eg vil hen.

Ein stor mann som deg fortener verkeleg denne utmerkinga. Og me i Lindås kommune unner deg stort ei slik merksemd. Me er verkeleg stolte av deg, Eilif. GRATULERER MED DAGEN!

søndag, januar 17, 2010

MINNEPRISEN ETTER LEIF ØKSNES


Laurdag 16.januar blei ein fin dag. Eg fekk dele ut Leif Øksnes Minnepris i Nordhordlandshallen under fotball cuoen der. Hallen var full med unge som var i aktivitet med fotballen, og utallige frivillige var med å gjorde dette mogleg. Ramma var difor perfekt til å dele ut prisen til ein ekte ildsjel som har stått på med fotball for barn og unge i alle aldrar over svært lang tid. Mange gode kandidatar for styret å ta stilling til, men denne gong vart det ein ekte Alvidra gutt som fekk prisen og han heiter JAN FOSSE. Han stikk seg ikkje ut, men er den som verkeleg jobbar på i det stille, tek eit tak, trenar lag, er fortballdommar som dømer kampane rettferdig og med eit lunt glimt i auga! TAKK skal Jan ha for den formidable innsatsen han har gkort og som han framleis gjer for mange i Alversund og Knarvik. Prisen er eit fint diplom og avkastningen på fondet som iår var på 3700.- GRATULERA til Jan og heile fotballmiljøet i Alvidra og NBK.