søndag, desember 20, 2009

JUL, JUL, STRÅLANDE JUL

4.søndag i advent, og alle fire lys er tent. Kun få dagar til julaften og vi skal igjen få feire julehøgtid med frelse og fred. Det har vore hektiske dagar for meg den siste tida med budsjettmøte og oppfølging i dagane etterpå med både media og berørte partar i budsjettet.Vi har fått eit godt budsjett, men vi må nok allerede i juni 2010 både revidere det og sjå samanhengen i langtidsbudsjettet / investeringsbudsjettet på nytt. Den tid kjem nok fortare enn vi anar, men no skal vi fyrst feire jul og deretter gå mot våren !!
Eg er altså så heldig og priviligert som får vere ordførar i Lindås, og det meiner eg sjølv om det er mange ting å forholde seg til både av gleder og mindre kjekke ting. Det kan være tøft å være lokalpolitikar vi skal setje oss inn i mykje. For meg som har eit verv i 100 % som blir godtgjordt det er ein ting, men for dei andre representantane som er i vanleg jobb i tillegg så er det travle tider. Eg er så imponert over vårt kommunestyret som har vilje til å finne gode løysingar på tvers av partigrenser, som er villeg å bruke si fritid til å få dette til, som brukar mykje tid å setje seg inn i store problemstillingar. Kjære innbyggjarar : de skal vite at Lindås har eit svært oppegåande kommuenstyre der alle gjer ein fantastisk innsats. Håpar verkeleg alle får ei strålande jul, og det håpar eg for alle i Lindås kommune. Idag 4.søndag i advent er det duka for ny lysfest ved Kvassnesstemna. Nordhordlands Avis er vertskap og dei har gjort dette til ein flott tradisjon som vi set stor pris på. Mi helsing idag til dei og folket vil bli akkurat dette : å vere takksam for at nokon tek på seg det ansvaret ved å lage istand slike gode tradisjonar og møtepunkt. Om vi alle hadde vore flinkare inkludert meg sjølv til å sett våre medmennesker, sagt eit godt ord til oppmuntring og glede, sett det positive istaden for å finne feil og negativitet, ja, då ville verda blitt betre. " JUL, JUL, STRÅLANDE JUL - eg ynskjer det for alle, og eg håpar alle i kommunen får ei signerik julehøgtid.

laurdag, desember 05, 2009

KAFFIKOS PÅ MYKING

Heldige meg har fått vore med på kaffikos på Myking. Forrige søndag var det dekka til kaffikos i bygdehuset, flott stemning, god musikk og mat. Eg hadde ei fin stund ilag med kjekke folk. Er verkeleg imponert over alt dei får til i den bygda. Eit godt sosialt tiltak til glede for mange. Så hjarteleg takk Mykingbygda for at de lager istand slike gode møtepunkt. Eg er så glad i dykk alle! Ein spesiell takk til Erlend Kleiveland som ordna det slik at eg fekk vist bilder frå Peru på storskjerm. God helg folkens:)

onsdag, november 25, 2009

MINNESTUND PÅ EKNESKAIEN


Søndag 22.nov.var det duka for ei fin og verdig minnestund på Ekneskaien. Eknesvågen vener skipa til minnehøgtid etter Ingvald O Eidsheim som den 27.nov.hadde vorte 100 år. Eg er glad forat eg fekk vera med på denne minnestunda, og veldig glad for å få møta familien hans. Eg trur det er viktig at vi aldri gløymer kva som skjedde under 2.verdskrig. Den innsatsen som Eidsheim gjorde under 2.verdskrig er uvurderleg. Med fare for sitt eige liv drog han og dei andre som arbeidde om bord på
" Shetalndsbussane " igjen og igjen ut på farefulle oppdrag over Nordsjøen. Kontakten med det frie England via sjøvegen til Shetland betydde at norske menn og kvinner kunne koma seg unna fengsel, tortur og nokre gonger dødsdom. På søndag fekk vi minnast ein av våre motstandsmenn Ingvald Olsen Eidsheim. Måtte minnet hans alltid forbli levande slik at vi aldri gløymer fridomskampen , kampen for eit fritt Norge.

fredag, november 13, 2009

VANSKELIG BUDSJETTARBEID

Ja, så er hausten her og med den fylgjer det årlege budsjettarbeidet og økonomiplan. Formannskapet har denne hausten hatt eit svært krevjande arbeid og difor blir det og lagt fram for kommunestyret 4 ulike budsjett + rådmannens. Skulesaka vil nok endre på mykje, men det veit vi ikkje før om 14 dagar, og då må nok formannskapet igjen justere sine budsjett. Vi har i kommunen uavklarte inntekter som vi får gjennom eigedomskatt på verk og bruk, og det vil vise seg om kort tid forhåpentlegvis kva desse inntketene blir til sjuande og sist. Investeringar er og viktige i vekst kommunen vår, og difor er det med stor glede at alle parti vil satse på kultur gjennom å byggje " storstove " på Leknes og Lindås kultur og idrettspark. SP, SV, H, KrF og FrP vil og starte prosjekt kyrkje i Knarvik og det er gledeleg:) No vert det spanande fram mot 26.nov og kommunedelplan for skule skal vedtas, deretter blir det budsjett møte på Strilatun 10.desember. Eg håpar på gode løysingar, gode prosjekt og gode vedtak for alle i Lindås kommune. Eg vil ta heile kommunen i bruk og ser verdien av ein god skule, gode oppvekstmiljø og god alderdom.Ha ei strålande helg alle saman.

søndag, november 01, 2009

Kvalitet i kvardagen

I desse tider med pandemisk influensa, kommunedelplan for skule, pleie og omsorgsplan, kulturplan og økonomiplan er det godt å ha litt andre ting å tenkje på innimellom. Det har vore travle tider, men desto viktigare er det å ta vare på kvalitetstid i kvardagen. Denne helga har eg hatt ein flott dag på Framnes kr.vidaregåande skule der vår yngste jente no går. Ein nydeleg dag over Kvamskogen, og ein laurdag med innhald. Denne helga byr også Nordhordland igjen på gode opplevingar. Koret Albatross og Modalskoret har hatt konsertar ilag med Vidar Johnsen tidlegare vokalist i VAMP, og desse har hatt eit flott VAMP korkonsert. Flinke folk, dyktige folk, kreative folk som ynskjer å gje oss gode kvalitets opplevingar i kvardagen. For der er mest kvardagar og dei må vi ta vare på. No går vi inn i ny veke med nye muligheter og det ser eg fram til. Mykje spenning er knytta til kommunedelplan for skule, kva utfallet blir får vi sjå etter politiske drøftingar. No er det søndags kveld, Brann spelar mot Rosenborg, eg heier på BRANN...og flatar ut med litt kvalitetstid på sofaen. GOD SØNDAG:)

fredag, oktober 16, 2009

Fredagstankar

Denne veka har gått altfor fort..folkemusikkveka, havnemøte, budsjettmøte, møte med samarbeidsutvalet på Haraldsplass sykehus og helse Bergen, regionrådsmøte..Mykje som skjer og mykje viktig å gripe fatt i. I går var det sleppekonsert med Kjersti Wiik og " KVILESTEINEN ".Ein nydeleg oppleving av høg kvalitet, religiøse folketonar frå heile Nordhordland no utgitt på CD. Kjersti tek vare på kulutrarven, kulturskatten på ein særs god måte. Eg er glad forat Lindås kommune har vore med på sponsing av denne CDen, slik at vi i kulturminneåret også kan få bevare songskatten - folkemusikken. No ikveld skal eg på konsert med Rune Alver og Inger Johanne Ektvedt, eg gler meg! Ellers går mine fredagstankar idag ut på dei mange henvendingar eg har hatt om overgang i ved Alversund skule. Alle var vi innstilt på ein undergang etter intens jobbing både administrativt og ikkje minst politisk. Trafikkutvalet og FAU ved skulen har i årevis jobba med å trygge skulevegen og kryssinga ved skulen, og no er vi langt på veg til å klare det. Økonomien er sikra, reguleringsarbeidet er ferdig, no skal det prosjekterast og byggast. MEN: så skjer det at vegvesenet meiner det er mest fagleg fornuftig og beste løysing å heller byggje overgang enn undergang. I plan og miljøutvalet var veivesenet tilstades og gjennomgjekk dette med grundig argumentasjon. Difor fall eit samrøystes utval ned på å innstille til kommunestyret ein overgang. Ein undergang slik eg heile tida trudde var fullt mogleg å få til viser seg å være svært vanskeleg, og då tenkjer eg : skal det estetiske vere viktigare enn tryggleiken til borna?? No har vi penger og høve til å få til noko sjølv om det blir noko anna me tenkte. Kanskje er det nestbest, men dog ei trygg løysing. Eg forstår godt at ein overgang kan bli estestisk dårleg, siktlinja forsvinn, og Alversund blir forstyrra synsmessig. Allikevel tenkjer eg at viss det er dette som er mogleg å få til fordi ein undergang er umogleg, iallefall ei svært dårleg løysing...då må me gå for ein overgang slik at vi kjem igong og borna får ein trygg skuleveg. Trafikken er aukande, borna blir fleire...kor lenge skal vi vente?? Trafikklys er inga løysing slik eg ser det, men ein overgang er det sidan undergang ikkje er lett å få til. Så må det vel finnast overgangar som er brukbare også estetisk?? Når vi skal i kommunestyre beslutte kva det blri så blir det tufta på eit fagleg grunnlag med hensyn til borna og trafikksikringa. Vel, mine fredagstankar blei springande...men GOD HELG alle saman og vel møtt på søndag kl. 18 i STRILATUN til festkonsert - avslutning folkemusikkveko:)

måndag, oktober 05, 2009

Nok ei rik helg på kultur

Denne helga var igjen ei god helg. Jammen skjer det mykje positivt i kommunen på kulturfronten. Heldige meg fekk denne helga vere med på konsert på Hundvin med Skodvin skulemusikk og EikangerBjørsvik Musikklag. Ein flott konsert, og ei stor bragd for Skodvin. Etter ein kort haust hadde dei allerede eit rikhaldig program og med ny dirigent! Henning Anundsen har no overtatt etter Knut Harald Rydland som har vore dirigent i mange mange år. EBML hadde og eit flott og feiande program der latinamerikanske rytmar engasjerte meg:) Fellesnummer og kaffi og kaker i pausen - fantastisk. Dette var altså fredag, og laurdag var eg på vårt STRILAMUSEUM der det var bokslepp av MIMRA. Eg fekk halde kåseri om min teknologiske soge..kjekt. Mykje folk var samla i regnværet, og det blei ei super markering av boksleppet. Så løp og kjøp MIMRA 09 - mange gode historier frå kommunen vår.

måndag, september 28, 2009

Familiedag på Hundvin


Søndag var det det igjen tid for den årlege familie dagen på Hundvin med kåringsjå og kjekke aktiviteter. Lindås og Meland sau og geit står som arrangør, og det er eit arrangement med mange flotte aktiviteter. Eg fekk også dette året den store ære å få opne dagen, og det i grønn kjeledress utlånt frå Ann Kristin Tonning. Eg er veldig heldig som får vere med, og talen iår var om SAUEN. Ja, til og med kommunestyret vart utfordra denne gong. Sauesanking!! Kanskje vi skal vere med på det neste år?? Eg synes det var ei stilig utfotdring og blir gjerne med. TAKK for invitasjonen og TAKK for at de lagar slike gode familiedagar der vi kjem i nærkontakt også med dyra. Eg gler meg allerede til neste år:)

måndag, september 21, 2009

OPEN DAG PÅ BRANNSTASJONEN I KNARVIK


På laurdag var det open dag på brannstasjonen. Lindås og Meland brannvern hadde ordna og lagt til rette for dette tiltaket som er landsomfattande. I år var altså vi også med, noko eg sette stor pris på. Veldig bra arbeid, og mange var innom brannstasjonen både små og store. Lærerikt var det også, og inne på stasjonen var det kaker og kaffi -det var 10.kl. på Knarvik Ungdomskule som stod for serveringa til inntekt for klassetur. Kjempeflott! TUSEN TAKK til alle de som var med denne dagen både de som var på jobb og de som var der frilleg..Ikkje berre var der brannfolk tilstades, også fleire frå ambulansetenesta var der. Høg blålys faktor, og ekstra gøy for borna å høyre sirener og sløkke brann. Sjølv fekk eg slukke ein aldri så liten brann, og eg klarte meg :)

torsdag, september 17, 2009

I FARTEN:)

Heisann!No skal eg fortelje deg litt om dei siste dagars begivenhetar. Det er ein hektisk kvardag for ordføraren og heile den politiske leiinga, men det er bra med mykje arbeid for då skjer det også mykje i kommunen vår. Heilt kort om Stortingsvalet: det blei raudgrønt fleirtal og 4 nye år. Så ser det ut til at Tove Brandvik får seg ein plass på tinget, og idga i kommunestyret overrekte eg ein blomebukett og ei raud lang liste med saker som ho må jobbe for i dei neste åra. Lindås kommune har mykje som vi må få på plass, og saman med Gjermund Hageseter, så blir dei to som KRUTT! Eg ynskjer både henne og Gjermund lukke til på tinget.KrF som er mitt parti gjekk desverre litt attende, men vi fekk vår kjære og dyktige Laila Dåvøy, og ho kjem til å gjere ein knallgod jobb for heile Hordaland. Nok om valet. Sidan sist har eg vore på 25 års jubileum for pensjonistlaget Lindåsneset. Flott og motivert gjeng på alle måter. Det er bra å ha slike pensjonistlag i kommunen, dei gjer ein viktig jobb. Så har vi hatt kommuenstyremøte idag, og ei av sakene var å tilrå eit forslag til tomteval for Kyrkja i Knarvik. Eit solid fleirtal fekk det til. Høgre, KrF, FrP, SV, SP og Venstre sørga for dette, AP stemte for sitt forslag som då falt. No er vi eitt steg nærare, men likevel mykje gjenstår av reguleringsarbeid, innspel til den, godkjenning i departementet etc...Så er det beredskapsråd imorgon med viktige saker på dagsorden. Vidare vil eg i nær framtid leggje til rette for eit nabo møte for dei som bur på Nappane i forhold til reg.planen som no vart vedteken idag. Vidare blir det krinsmøter i høve til kommunedelplan for skule, så vi har no litt å gjere på. TA GJERNE KONTAKT VISS DU HAR NOKO DU VIL HA FOKUS PÅ. Eg er folkevalgt og er der for DEG.

søndag, september 06, 2009

FESTVEKA ER OVER FOR DENNE GONG!


Så er ei heil festival veke til endes, ei idretts og kulturveke med eit program som kan ta pusten frå deg. GRATULERA Knarvikmila for eit fantastisk arrangement. De gjer eit flott arbeid, og de er med på å setje Lindås og heile regionen Nordhordland på kartet. Takk for godt samarbeid med Lindås kommune. Idag har eg vore med på naturløypa og der traff eg mange kjekke folk. Det går mot val og mange er sjølvsagt opptatt av kva framtida vil bringe. Eg er spent på valet, og eg har førehandsrøysta så den saken er klar, men eg forstår og at mange er i tvil kva dei skal stemme denne gongen. Bruk iallefall røysteretten din... Etter mange kjekke samtalar denne Knarvikmilhelga og veka så er det grunn til å sjå lyst på framtida. Så mange frivillige som har vore i aksjon, så mange positive mennesker, så mange unge som vil bidra til betre livskvalitet for barn og unge i Etiopia - ja, det lovar godt.
Regjeringar kjem og går, men FRIVILLEGHETEN består. Festveka er over , kvardagen startar og eg ser fram til neste års Knarvikmil.

fredag, august 14, 2009

GODE TILBOD

Idag har eg vore innom på NBK sin fotballskule ved Nordhordlandshallen i Knarvik. Borte på begge kunstgrasbanane og på grasbana var fleire hundre born i aksjon. Fotballglede, jubel, mål, lag, fair play og ikkje minst besøk frå SK Brann var eit høgdepunkt. Det er så flott å sjå kva alle dei frivillege legg tilrette for borna. Eit stort antal frivillege frå heile kommunne var i sving for å gje eit godt tilbod til borna no før skulen startar. Ja, det står stor respekt av det arbeidet. Mitt parti som er KrF vil fjerne momsen på frivillgheten og det er på høg tid. Alle lag og organsisasjonar som slit seg ihjel for å klare kvaradagen i laget, som jobbar dugnad, som sel vafler ja, så skal dei betale moms på det?? Heilt tullete og no må denne momsen fjernast ein gong for alle. Så ynskjer eg gode oppvekstvilkår for borna og dei unge. Trygg oppvekst, levande bygder med gode tilbod. Eg vil gjere mitt som KrFar både i Lindås kommune og ellers slik at dette kan gjennomførast. Fleirtalet i Lindås - KrF, Høgre og FrP har ei stor oppgave framover, og vi skal gjere vårt beste for å få det til. Eg vil ikkje love at vi skal klare alt, men gjere vårt beste utifrå dei midlar vi har til disposisjon. Vårt kommunestyre i sin heilskap gjer ein flott jobb. Både posisjonen og opposisjonen, vi jobbar godt ilag synes eg. No håpar eg vi skal få til mykje godt for innbyggarane også for budsjettåret 2010 - eit samla kommuenstyre som gjer gode vedtak er for meg MUSIKK. KrF skal gjere sitt beste både lokalt og sentralt. TAKK til Nordhordland ballklubb for eit supert arrangement med fotballskulen - de er kjempedyktige.

fredag, august 07, 2009

PSYKIATRITILBODET

Idag vil eg skrive litt om born og unde med psykisk sjukdom. Det er faktisk ei ganske stor gruppe i landet vårt som strevar i det daglege med utfordringar, problem og dei har det vanskeleg. Også i vår kommune Lindås er det fleire som strevar og har tøffe dagar.
NRK meldte tidlegare i sommar at 1 av 4 barn med psykisk sjukdom ikkje får hjelp. For eitt år sidan innførte regjeringen ein garanti som lova born behandling innen tre månader, men lite har skjedd. Nå må regjeringen ta ansvar for borna som ikkje får behandling, og gjere noko med det psykiatriske tilbodet til barn og unge i Norge!

Tidligere var midlane til psykiatrien øyremerka til kommunane, men det har den rød-grønne regjeringen endra på i 2009. Nå kan ein kvar kommune og fylkeskommune sjølv avgjere kor mykje penger som skal gå til det psykiske helsevernet.I Lindås har vi ikkje gjort endringar, men bruker same ramme - like mykje som det vi gjorde i 2008. For både KrF Lindås og samarbeidspartia H og FrP var vi samde om i budsjettet å halda fast på det slik at det ikkje har vore nedskjæringar itilbodet til psykisk sjuke. Eg er også svært glad for at eit samrøystes kommunestyre løyvde milder til aktivitetsbasert avlastning, eit tilbod til fleire ungdommar som bur heime, men som treng eit anna tilbod enn vanleg avlsatning.Sentralt så er KrF eineste parti som ynskjer å behalde øyremerkingen til psykiatrien. Dessverre hadde KrF rett, regjeringen har ikkje greidd å bygge ut behandlingstilbodet.

KrF meiner vi må ha ei satsing på skulehelsetenesten. Regjeringens papir-garanti, om hjelp innan tre månader er ikkje holdbar. 1 av 10 ungdommer i Norge har hatt sjølvmordstankar, då må vi være tilstades der ungdommene er. Fleire helsestasjoner med lågterskeltilbod til unge som treng nokon å snakke med. I Lindås har vi helsestasjon for ungdom. Eit tilbod kommunane i regionen bidrar til. Forutan det har vi og SALTO - ungdomskontakten i Knarvik senter som gjer ein formidabel innsats, og eg er svært stolt av det arbeidet dei gjer.Samarbeidspartia i Lindås fremma ekstra midler til SALTO i 2009 - og eg er glad forat heile kommunestyret gjekk inn for det!

Ja, vi må halde fast på at det er viktig å ha kontinuerleg fokus på psykiatritilbodet både i valtider, men ikkje minst i kvardagen. Det er ikkje nok å snakke, vi må handle. Eg vil iallefall vere ei stemme for dei som slit og har det vanskeleg i Lindås, og stadig vekk treff eg på mennesker som eg får snakke med og som gir meg innsikt i kva dei slit med.

torsdag, august 06, 2009

INFLUENSA A


Så er ferien over og vi er i full sving att. Det fyrste som skjedde når eg var attende på kontoret etter nokre gode avslappande dagar var å samle ei ressursgruppe som no skal fylgje svineinfluensaen tett. Vi veit ikkje korleis den vil slå ut i kommunen vår enda, men vi tek dette svært alvorleg og bruker planen vår og oppretter tiltak når det trengs. Her kan du lese pressemeldinga som gjeklk ut i dag til lokalavisene. Eg synes det viktig med god informasjon både no og frametter. Ta gjerne kontakt eller skriv ei melding om du har spørsmål eller noko på hjarta!

Pressemelding 4. august 2009

Svineinfluensa (influensa A(H1N1))

Dei fleste opplever ikkje svineinfluensa stort annleis enn vanlig influensa. Utfordringa er at dette influensaviruset smittar så lett at mange vil bli sjuke samstundes. Det er viktig at vi alle følgjer nokre enkle råd om hygiene.

Lindås kommune har eit omfattande planverk for beredskap i samband med pandemi. Erfaring so langt syner at det er viktig å førebu seg på stort sjukefråvære hjå dei tilsette i dei ulike verksemdene.

Tenesteytaren Lindås kommune førebur tiltak for å oppretthalde naudsynte tenester innan t.d. pleie- og omsorgssektoren, vassforsyning og skule. Dette skjer ved å auke tilgang på vikarar og ved organisatoriske tiltak som lettar arbeidspresset i dei spesielle situasjonane som kan oppstå. For å avgrense smitteomfanget og skade som følgje av dette, er det viktig at hygieneråda vert fylgde.
• Vask hendene dine grundig og ofte. Nytt eventuelt alkoholbasert desinfeksjonsmiddel.
• Unngå (om mogleg) nærkontakt med sjuke personar.

Om svineinfluensa
Influensa A (H1N1) er ein sjukdom forårsaka av eit nytt influensavirus som ingen er immune mot. Opphavlig var sjukdommen ein dyresjukdom som smitta mellom svin i nokre delar av verda. No smitter den og mellom mennesker. Når viruset smittar frå menneske til menneske i store deler av verden, kallast utbrottet pandemisk influensa.

Smitte
Viruset smittar forholdsvis lett frå menneske til menneske. Smitteoverføring skjer da på same måte som ved sesonginfluensa; ved hosting, nysing og nær kontakt med sjuke menneskjer. Smitten kan også spreiast ved at sekret som inneheld virus vert overført via hender. Influensa A(H1N1) smittar ikkje via mat, så du kan ikkje få influensa A(H1N1) ved å ete svinekjøtt.

Personar med influensa A(H1N1) vert sett som smittsame så lenge dei har influensasymptom, og inntil 7 dagar etter at sjukdommen starta. Barn, og spesielt små barn, kan vere smittsame lenger.

Pleie av sjuke i heimen
Dersom du må pleie sjuke, følg hygieneråda under for å hindre at du sjølv eller andre blir smitta.
• La den sjuke ha kontakt med færrast mogleg personar og opphalde seg i færrast mogleg rom.
• Syt for nok kvile og nok drikke til den sjuke.

Meir informasjon finn du m.a. på nettsida www.pandemi.no og hos Folkehelseinstituttet.

måndag, juni 29, 2009

KONGESØLV TIL SOLVEIG SEIM JOHANSEN


På sjølvaste Jonsokafta fekk eg vere med på litt av ein begivenhet: eg hadde den ære å dekorere Solveig Seim Johansen på Myking med Kongens fortenestemedalje i sølv. Solveig visste ingenting om kva som venta henne når ordføraren dukk aopp på skuleplassen på Myking i bunad og ordførarkjede! Eg trur beint at sjølvaste Solveig vart rett og slett satt heilt ut...når eg kunngjorde kva som skulle skje denne nydelege sommarkvelden i vakre Trivselsgrenda Myking. Solveig - ei dame det står resepekt av, ei dame so har kjempa bygda si sak i Lindåspolitikken, ei eldsjel som har jobba for born og unge, vaksne og eldre, ei frivilleg og stå på dame som ikkje gjer seg. Eg blir rett og slett stolt over å kjenne Solveig. Ho gjer meg audmjuk, glad og stå på mot! Soilveig har mange år bak seg som lokalpolitikar i Lindås for AP. Eg vil tru mange AP politikarar er stolte også, dei har all grunn til det. Solveig: du er ei flott dame som eg set stor pris på, og du er så positiv! Flott at du er med i ulike verv ennå, eg gler meg alt tiul neste gong vi møtes! takk for ein flott Jonsokfeiring både til deg og Halldis Sletten Olsen og alle de andre frivillege, dyktige folk i Mykingbygda - eg kjem att!

fredag, juni 19, 2009

KONGEPARET PÅ VITJING I LINDÅS KOMMUNE

HURRA for Kongen og Dronninga. No har vi vore heldige i Lindås som har hatt vårt kjære Kongepar på vitjing, men Kongeparet er og heldige som fekk møta oss, folket i Lindås, born og unge, eldre og vaksne. Ein uforgløymeleg dag onsdag 17.juni 2009. Nokre snakkar om før og etter Kongebesøket slik at tidsrekninga i Lindås no er endra!! Kongeparet streig iland på Seim kai og blei mottatt av kaiverten Bjarte Vatnøy - varaordførar og han gjorde ein strålande jobb. Så fekk eg og Ole Lysø ta imot Kongeparet på kaien saman med 2 aldeles flotte blomsterbarn. Bendik frå Seim skule og mari frå Festo skule. Begge to gjorde dei jobben sin, og sjarmerte Kongeparet. TUSEN TAKK Bendik og Mari for at de var så flinke. Turen gjekk vidare til Håkonshaugen og eit historisk møte der. Johannes Rydlan, Kjersti Wiik og born frå Seim barnekor saman med fantastiske hirdmenn sørga for ei oppleving for livet! Utruleg bra opplegg. Eg må også berømme Sissel Anny Hjelmtveit og alle dei andre i Stiftinga Håkonshaugen for eit utruleg bra jobb både i forkant av besøket, men også den timen de tok ansvar for før Kongeparet dukka opp. FLOTT - TUSEN TAKK. Etter Håkonshaugen tok vi turen vidare til MOngstad og besøk på StatoilHydro-Mongstad. Omvisning og tur innom kontrollrommet gjorde inntrykk sjølv om Dronninga i talen son om kvelden sa bla at det var nok ikkje alt ho forstod av faguttrykk, men at det skjer mykje av utvikling der no det er sikkert sa Dronninga. Etter omvisning bar det stad til Fonnes kai. Her var eit folkehav og flotte boder der lag og organisasjonar i Austrheim kommune viste fram sine aktiviteter. Flott program frå scena med song og musikk. Om kvelden var det stor folkefest og middag i Mongstadhallen. Eit forrykande flott program, god mat, godt selskap. Kongen og Dronninga var veldig imponert og storkoste seg. " Tida gjekk så altfor fort " sa bla Kongen. TUSEN TAKK til alle som har stått på med Kongepar besøket. TAKK til alle frivillege, all dugnadsarbeid, alle som opptrådde songarar, skodespelarar, musikarar, Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Leif Egil Vatnøy, Solveig Lerøy, Leif Sleire , KONGEKORET, servitørar, kokkar, StatoilHydro , vakter, lyd og lys, fotografering, sjåførar. ALLE SAMAN - EG ER SÅ STOLT OVER KVA VI FEKK TIL, og eg er stolt av å vera innbyggjar og folkevalgt i Lindås kommune. No kan vi sjå attende på eit vellukka besøk. Så skal det ennå skje mykje flott i Lindås eg gler meg allerede. GOD HELG

onsdag, juni 10, 2009

Lindås kommune der alt skjer!

I helga som var skjedde det mykje i Lindås kommune. Eit hav av ulike aktiviteter, mange flotte ting å vere med på. Som eg skreiv på bloggen for nokre dagar sidan, så var eg laurdag i Hillesvåg, men ikkje nok med det : Eknesvågen vener arrangerte også Eknesvågdagane med eit flott arrangement. No fekk ikkje høve til å vera innom der, men eg las i avisa at der var mykje folk og stor stemning. Jammen er dei flinke som står på, lagar til miljø, gjev mange menneske gode kulturopplevingar. TAKK skal de ha Eknesvågen venene, eg gler meg til nye stunder i bokkafeen med ordførarprat til hausten! Søndag var eg sjølv på utstilling i GALLERI ALVERSUND. FLOTT utstilling med eit svært bra vertskap! Til og med nysteikte lappar med heimelaga syltetøy og rømme, kaffi og ein hyggeleg prat. Eg håpar mange har fått med seg denne utstillinga i høve Alversunds dagane. Utruleg mange dyktige folk i kommunen vår. Mange ildsjeler, frivillege som brukar av si fritid for å glede andre og gje oss gode opplevingar. Eg må berre få TAKKA dykk alle saman. I morgon er det kommunestyremøte og vi skal bla drøfte ny samfunnsvisjon for Lindås kommune. Forslaget til ny visjon er : " DER DRAUMAR BLIR RØYNDOM "..Kva syns du om den ??? Er spent på debatten imorgon og utfallet. De skal nok få høyre meir om dette og andre saker som kjem opp bla Lindås Idretts og Kulturpark, mindreårige flyktningar, Kongebesøket og mykje meir. No får eg førebu meg til møtet i morgon!

laurdag, juni 06, 2009

Frå Skoudas til Hillesvåg


Sidan sist eg skreiv på bloggen har mykje skjedd. Eg skal ikkje kome innpå alt, men vil ta dykk med på ein snarvisitt til Lithauen fyrst og så til Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Pinsehelga tilbrakte eg med gode kollegaer frå Lindås kommune i Skouadas i Lithauen. Lindås har eit venskapssamarbeid med Lithauen og no var vi invitert til musikkfestival i pinsehelga. Vår delegasjon bestod av : Nils Træland ( gr.leiar Høgre ) kulturskulerektor Åse Hageseter, inspektør i kulturskulen : Kathrine Thorstensen, fløytist Monica Eidsheim , rådmann : Øistein Søvik og undeteikna. Vi hadde ein flott tur der vi representerte kommunen vår med både tale, song og musikk. Eit besøk på barneheimen som bla Ostereidet Ungdomskule støttar kvart einaste år var høgdepunktet iallefall for meg. Ellers fekk vi møte ordførar og kommunestyrereprs.i Skoudas kommune. Eg synes det er flott å ha ein venskapskommune og vi kan få lov å utveksle erfaringar og vi kan hjelpe til. Bla såg vi mange BNR bussar der borte samr den gamle brannbilen frå Lindås. No var den i full gang og tenestegjorde i Skoudas brannkorps! Så er kontrastane store, for i Lithauen har finanskrisa verkeleg slått til. Dei har tøffe tider med svært dårleg økonomi og mange permiteringar i næringsliv og industri.

Så skal vi heim att! Idag laurdag fekk eg eit ærefullt oppdrag. Eg var så heldig og priviligert å få opne det nye husflidshuset ved Hillesvåg Ullvarefabrikk. Ein dyktig leiar og entusiast Øyvind Myhr tok imot meg samt ein repr.frå Nordhordland Husflidslag. Informasjonssjef Torill Eidsnes var der også. Opninga var starta ved at Øyvind og meg laga tråden eller bandt den trur eg det heiter som vi skulle bruke til opninga. Ein fin ulltråd som eg skulle få klippe over med sauesaks! Markeringa var strålande og heile torgdagen var fantastisk. Nytt hus som skal romme kultur, husflid og mykje anna. Stor takk til alle på Hillesvåg Ullvarefabrikk for ein strålande dag på alle måter. Til og med allsang fekk eg forsamlingen med på. Vi sang 2 vers av " Kom skal vi klippe sauen idag .. " Kjempegøy. Eg er glad for det mangfoldet vi har i næringslivet i Lindås. Næringsliver må vi ta vare på og støtte opp om. No når vi skal igong med ny satsing på næringsarbeid i Lindås med strategisk næringsplan, så vi må også ta med mangfoldet i all næring vi har. Det er ikkje berre på Mongstad det skjer sjølv om Mongstad er lokomotivet..nei, der skjer mykje positivt andre stader i kommunen også slik som t.d. i Hillesvåg. GRATULERA ØYVIND OG ULLVAREFABRIKKEN, eg ser fram til å fylgje utviklinga med det nye huset. GOD HELG

søndag, mai 24, 2009

Kvardagstankar framover..


Fyrst av alt må eg få takke for sist til alle dykk eg møtte på 17.mai. Eg hadde ein fantastisk dag og fekk lov å vera hovudtalar i 3 ulike bygder. Dagen min starta på Lindås med Gudsteneste, 17.mai tog og tale. Deretter til Hundvin der eg fekk både pølse og is og høyrde Skodvin skulekorps og aspirantane, for så å avslutte på Myking. På Myking diska dei opp med herleg suppe og kaker i bedehuset - aldeles nydeleg! Dagen blei ein tale turné dag, men den beste 17.mai eg kan hugsa. TAKK til alle de som eg fekk helsa på, TAKK for alle godord. Ja, vi er heldige som får bu i eit godt og fritt land. Etter 17.mai har dagane gått med i ulike møter med både næringsliv, innbyggjarar og administrasjon. Samfunnsvisjonsarbeidet for Lindås kommune er godt igong, og ei arbeidsgruppa frå formannskapet tek no hand om siste del før vi skal ha saka opp i ekstra formannskapsmøte 4.juni. veka vi no går inn i blir ei aktiv og spanande veke. Bla skal eg ha møte om Storhavn på Mongstad, eg skal snakke med BKK vedkomande økonomisk støtte til eit spanande prosjekt i kommunen, og eg skal førebu meg til å reise til Skoudas i Lithauen. Lindås kommune har eit venskaps samarbeid med Skoudas, og i pinsehelga reiser eg og Nils Træland på besøk saman med 2 flotte damer i kulturskulen Åse Hagesæter og Kathrine Thorstensen. Vi er også så heldige å få med oss ein ung fløytist frå Alversund- Monica Eidsheim. Fyrstkomande torsdag skal vi ha temasamling i kommunestyret. Då får vi opplæring i planarbeid, og skal dukke ned i ulike sider ved dette viktige arbeidet vi har ansvar for som lokalpolitikarar. Eg legg vekt på at alle kommunestyrereprs.skal få så god opplæring som mogleg i denne perioden. Det er viktige saker vi er med på å vedta, og difor er det og viktig at alle veit kva planarbeid inneber. Sjølv veit eg altfor lite og ser fram til denne skoleringa. Syns det er flott at eg kan få setje denne dagsorden og få på plass slike viktige samlingar som gjer at alle i lokalpolitikken trivest og føler dei gjer ein god jobb for innbyggarane enten dei sit i posisjon eller opposisjon. veka er mangfaldig, eg gler meg til å ta fatt på den imorgon - for alt eg gjer frå dag til dag gjer eg som OMBOD for innbyggarane i LIndås. Så er det ikkje alle alltid får det slik dei ynskjer, men vi og eg prøver å gjere gode vedtak og finne fram til dei beste løysingane...." til lags åt alle kan ingen gjera "..heiter det i eit ordtak og slik er det nok også i Lindås kommune. Ha ei god veke alle saman.

fredag, mai 08, 2009

EKSAMENSFEST PÅ SJARMØRSKULEN


Sjarmørskulen ?? Ja, du les heilt rett. Vi har i Lindås ein sjarmørskule. I går fekk 6 kandidatar - flotte gutar diplom og medalje for å ha fullført sjarmørskulen. Eg fekk vera med å halda tale til dei, og eg fekk gje dei ei raud rose. Håpar dei lot seg sjarmere av meg!! Det er aktivitets basert avlastning med Inger Helen Midtgård i spissen som har funne fram til dette kreative kurset. Kurshaldarane har vore helsesøster Randi Træland Hella og psykologspesialist Bjørn Brunborg. Det er i regi av einiga for PU som står bak. Så blei det servert nydeleg fingermat " TAPAS " laga av ungdommane og det smakte fortreffeleg. Å sjå desse glade gutane gjorde godt. Eg blei verkeleg rørt, og ikkje minst sjarmert! TAKK til alle dei som gjer det mogleg å få til slike gode tiltak for ei gruppe som er litt annleis enn andre, som treng litt meir bistand og hjelp til livet sitt. Desse ungdomane sa dei hadde hatt det " dritkult ". Så er dei så uendeleg mykje verdt - mennesket er så verdfult, alle betyr like mykje, alle har sin eigenverdi fordi dei er menneske med uendeleg verdi. TAKK forat eg fekk vera med på eksamensfest. Nokon og einkvar treng å gå på sjarmørskule, så eg ser fram til neste kurs, kanskje eg får vera med då ?? GOD HELG!

laurdag, mai 02, 2009

EIKANGER - BJØRSVIK MUSIKKLAG I EM

EBML er no i full sving i Belgia under EM denne helga. Eg har fått melding om at det går bra, og at det er svært spanande. EBML er eit av kommunens " flaggskip " og vi ynskjer dei alt godt og lukke til i innspurten. Eg heiar på dykk... Vi kan sjekke korleis det går med dei på ebml.no.

søndag, april 19, 2009

VÅRKONSERT PÅ LÆRINGSSENTERET


I ettermiddag har eg vore på ein kongebra konsert! Vårkonserten på LOAS med fleire grupper av flotte ungdomar som song og spela. Ifrå alle bufelleskap for ungdommar med psykisk utviklingshemming var med, samt nokre som også bur heime eller i Stallanemarka. Dei var så flinke, spela på ulike instrument, song, var heilt med under god leiing av Siv Eide Brundtland. Ei dyktig dame som er motoren for dette flotte arrangementet ilag med Irene Femanger. Eg var stolt der eg sat, fryda meg over å sjå kor desse ungdomane hadde det kjekt med musikken. Så må eg jo seie at eg var utruleg heldig og priviligert som fekk syngje ilag med dei. På 3 somgar var eg solist go det var veldig kjekt. gymsalen på LOAS var full, og mange foreldre, søsken og andre var komen for å høyra. TUSEN TAKK for ein flott konsert, de er kjempeflinke alle saman. Eg gler meg til neste gong eg skal få høyra dykk. Dette er noko mange fleire skulle fått del i, for de gav av dykk sjølve alle saman, og det var ekte glede. TUSEN, TUSEN TAKK.

ORDFØRARPRAT I EKNESVÅGEN


Så var det på ny ordførarprat på kaia i Eknesvågen. Idag sat vi ute i nydeleg solskin med kaffi og kakerester frå Gunnar Eide sin 60 års dag igår. Alt perfekt for ein god prat omkring pleie og omsorgsplanen som snart skal handsamast i kommunestyret. Eit viktig tema som egentleg bør oppta langt fleire enn berre dei eldre. Framtidas eldreomsorg i Lindås som planen omhandlar vil bety mykje for mange. Vi hadde ein god time der vi snakka saman om planen og var vel samde i at det er hol i omsorgstrappa og at vi må satse på bygging av omsorgsbustader med heildøgns omsorg utan å nødvendigvis byggje ned sjukeheimsplassane. Vidare snakka vi saman om kor viktig det er å ha fokus på dei hendene som skal hjelpe...dei faglærte helsearbeidarane, sjukepleiarar etc..vi må gje dei gode kår, og yrket må få større status. Det er og viktig å ha fleire 100 % stillingar og ikkje ufrivilleg deltid..Ja, utfordringar er der, og dei må me på best mogleg måte ivareta slik at vi framleis kan ha gode tenester i Lindås kommune. Vi har ein veg å gå, og eg vil gjere mitt forat vi skal ha god kompetanse og ein god eldreomsorg i Lindås.

tysdag, april 07, 2009

Formannskapet i Lindås på Mongstad base

Torsdag hadde vi formannskapsmøte igjen. Eit godt møte, gode vedtak - samrøystes vedtak og ikkje minst veldig god informasjon om Mongstad base. Det er ikkje kvar dag at formannskapet er på basen. dagleg leiar Ragnhild Langøy tok godt imot oss, og hadde ein flott presentasjon av aktiviteter og mangfaldet som basen byr på. Ho avslutta med ein sterk bekymring om kva som vil skje i framtida allerede frå 2010 med basen. Eg deler hennar bekymringar, og eg har over ei tid jobba med den saka som plutseleg oppstod i fjor sommar 08 at StatoilHydro hadde inngått ein avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune . Avtalen i korte trekk går ut på at Sogn og Fjordane fylkeskommune trekkjer si anke hjå NVE om kraft til Gjøa frå Lutelandet. Dersom dei gjer det så skal altså Gjøa få kraft frå Mongstad, og StatoilHydro går inn med penger til opprustning av infrastruktur på Fjordbase - Florø samt flyttar rørlageret frå Mongstad til Florø. Ein høgst uvanleg måte å laga ein avtale på, og det er ikkje for ingenting at vi er fleire som kallar den ein politisk " hestehandel ". 60 arbeidsplassar kan gå tapt på basen grunna denne håplause avtalen, og det som er skremmande er at dette kan vera 1.steg mot flytting av alt som har med rør off shore å gjere, då kan vi miste over 300 arbeidsplassar. Dette skal vi gjere alt som står i vår makt å unngå. Eg har hatt fleire møter med StatoilHydro, både saman med ordførar i Austrheim, leiar i regionrådet, og med fylkesordførar. Dette jobbar eg svært mykje med då det er snakk om mange arbeidsplassar i kommunen vår. Mongstad base har opparbeida seg ei stor kompetanse og dei yter ei service som er vellukka og etterspurd. At ein avtale inngått midt i fellesferien utan noko form for dialog, og utan noko forvarsel det finn eg meg ikkje i. hadde det vore snakk om nye arbeidsplassar, så er det noko anna, men å flytte frå eit fylke til eit anna pga ei klage som ligg hjå NVE - det er utruleg, og dette må GRANSKAST. Eg håpar no kontrollkomiteen på stortinget tek saka, eg har bedt skriftleg om det, og håpar på svar at dei ser det på same vis som meg. Eg veit FrP er villeg å sjå på saka, men det trengs fleire parti. Som ordførar i Lindås ser eg meg svært lei for det som skjer grunna denne avtalen, og eg skal gjere alt som står i mi makt å fylgje dette vidare heilt til topps. GOD PÅSKE!!

torsdag, mars 19, 2009

Torsdagen då mykje skjedde i Knarvik



Idag, på ein heilt vanleg torsdag skjedde der mykje positivt! Dagen starta med møte om eit framtidig Mongstad badeland, så funka plutseleg ikkje mobiletelefonen min, men det gjekk allikevel bra for mine gode naboar i Austrheim stilte opp med ein "lånemobil". Gode naboar i nord...TAKK skal de ha. Etter møtet i Austrheim suste eg sørover til Knarvik og der kl. 12.00 fekk eg den ære og glede av å opne NMS sin nye gjenbruksbutikk i Hauglandsbygget. Flott butikk med gode frivillege medarbeidarar som no skal drive butikken. Alt overskot skal gå til NMS sine prosjekt rundt om i verda! Flinke og dyktige folk..eg blir glad og takksam av å vere tilstades! Ikkje nok med ei butikkopning, men kl.15 hadde eg nok eit flott oppdrag. Knarvik aust og ny veg blei overlevert kommunen frå Tomteselskapet, og eg fekk den glede av å opne vegn, klyppe snora og det var veldig givande! Mykje positivt skal skje i Knarvik aust - Waldegruppen skal byggje ut, tomteselskapet skal leggje til rette for bustader etter Springbrett konseptet - bustadsosialt prosjekt. Her er mykje å gle seg over. For ein dag eg har hatt..eg er priviligert, men ikkje minst det skjer mykje i kommunen til nytte og gelde for innbyggarrane våre. Det er det som er viktigst - utvikling av kommunen, fokus på gode tenester, tilrettelegging for bustad og næring og gode kår for alle. Vi går ei spanande tid imøte.

søndag, mars 15, 2009

RASPE/KOMLEFEST PÅ MIDTGÅRD BEDEHUS


Idag søndag har eg faktisk vore på raspekakefest. Eg er jo oppvokst på Karmøy og der seier dei komler, så eg vel å halda meg til det begrepet! Komlefest på eit bedehus er det mogleg? Ja, på Midtgård bedehus er det fullt ut mogleg. Reidun og Margunn laga komler til over 100 mennesker, og godt og vel 100 stk.var samla i bedehuset idag til storsamling og komlefestmiddag! Midtgård bedehus har eg skreve om før på bloggen fordi dei for ikkje så mange vekene sidan fekk Leif Øksnes Minnepris for 2008.Langt over 100 born og unge er innom bedehuset i løpet av ei veke, og ein stor flokk med frivillege legg sin flid i å gje gode aktivitetstilbod til desse . Desse flotte frivillege - bærebjelken og limet i lokalsamfunna våre gjer ein uvurderleg innsats. Eg er veldig glad for at eg blei invitert til å vera med idag og fortelja litt om Minnefondet og prisen, samt litt om kven Leif Øksnes var. Det står stor respekt av denne forsamlingen som jevnleg møtes på bedehuset. Born, ungdom, vaksne og eldre møtes her til felleskap. Dei er flinke, dei er ildsjeler.Ja, dei kan det på Midtgård bedehus til og med koke komler til 100 mennesker.GRATULERA igjen til alle med Minneprisen, lukke til vidare. Eg er stolt over dykk og takknemleg for at eg fekk vera dykk på komlefest idag.

måndag, mars 09, 2009

MOMSREGLAR LIKT FOR ALLE

BT laurdag sette fokus på momsreglane som gjeld her til lands. Eg er veldig glad for at BT tok den saka og fekk den fram gjennom media at her er eit regelverk som IKKJE er tufta på sunn fornuft. Ved fleire høve har eg tatt til orde for at ein må kunne utøve skjønn når det kjem til momskomepensasjons reglane. Slik det er idag er det kun det offentlege som får momsrefusjon. Frivillege lag og organisasjonar som t.d vil byggje opp eit idrettsanlegg, oppgradere ein bane e.l. får ikkje attende momsen. KUN når kommunen eller det offentlege står som byggherre kan dette skje. Ein må no kome vekk ifrå dette. Eg ynskjer ikkje moms på frivillighet ei heller moms på eit flott privat initiativ i Lindås som har bygd STALLANEMARKA BURETTSLAG. Det er så bra at foreldre tok initiativ til dette i ei tid der Lindås kommue var ei ein vanskeleg økonomisk situasjon. I ettertid har foreldre, kommune og det offentlege jobba godt ilag. No eig desse ungdommane sin eigen heim, men drifta av kommunen då dei treng assistanse og hjelp til sin eigenomsorg. Då skulle det berre mangle om ikkje momsen på bustadene vart refundert. Det må vera lov å bruka skjøn når momsen skal fordelast skreiv leiar i BT idag. Heilt samd i det. No har eg tatt saka vidare både til Kommunenes sentralforbund og direkte i brev til statsråden i KRD Magnhild M.Kleppa. Alt skal prøvast...Momsen utgjer 4 mill.i Stallanemarka, og det er ungdomane som taper desse pengene. Ja eg skal gjere alt som står i mi makt å få satt fokus på dette, og eg er glad for dei mange andre som og har jobba med denne saka i særdeleshet foreldrene..TAKK - de gjer ein kjempejobb.

onsdag, mars 04, 2009

Pensjonistane kan det!

Så er eg nettopp komen heim etter ein flott ettermiddag / kveld på Kløvheim. EG var invitert av Kløvheim pensjonistlag, og møtte ein flokk glade og flinke folk som var samla til årsmøte i pensjonisllaget. Ennå ein fin gjeng med frivillige som gjer noko for andre sjølv i høg alder! God mat ( rømmegraut ) feiande musikk og ikkje minst ein flott samtale som enda opp i ein god politisk debatt om bustadbygging. Her var beskjeden klar: vi må ta heile kommunen i bruk, og det er eg heilt samd i. Me må sjå heilskapen i kommunen vår, leggje til rette i bygdene våre for vekst og utvikling. Vidare diskuterte vi på Kløveheim ikveld kor viktig det er å sjå det positive og ikkje berre fokusere på alt som er gale. Vi har det godt i Lindås og vi har eit trygt land å bu i. Alle som var samla på Kløvheim var samde om det. Så fekk eg til slutt eit innspel om at vi i pleie og omsorgsplanen som skal til politisk handsaming IKKJE legg ned sjukeheimsplassar. Vi må ta vare på dei sjukaste eldre - det er no mitt standpunkt!

søndag, mars 01, 2009

EIKANGER-BJØRSVIK MUSIKKLAG 60 ÅR

Nok eit jubileum i kommunen, og nok eit fantastisk frivilleg arbeid fyller år. Igår på dagen 28.2.09 vart EBML 60 år. 60 år sidan dei fyrste instrumenta blei utleverte frå det gamle skulehuset på Eikanger. Mykje har skjedd på 60 år, men EBML er enno " still going strong ". Det er ein utruleg flott gjeng med musikantar, eit velfungerande styre, eit støtteapprarat som det stor stor respekt av, og dirigentar som tryllar fram det beste frå musikantane og deira instrument. EBML er stadig på jakt etter det nydelege. Som ein BBC konfransier sa det : " they are hunting the beautiful " Fest konserten igår var PRIMA vare med ein avslutning som verkeleg svinga nemleg ein samling av songar frå Musicalen MAMMA MIA. ( ABBA ) Eg storkoste meg og sat ved festbordet kry, audmjuk og veldig GLAD.
TAKK Eikanger-Bjørsvik forat de gler oss alle i Lindås og langt utover kommunegrensene. 60 år er ingen alder, stå på vidare, bygg på kvalitet og fellesskap, ver eit forbilde for dei unge skulekorps musikantane våre, oppmuntre dei, gje dei gode råd, ver tilstades! Skal bli kjekt å fylgje med dykk vidare. LUKKE TIL!

onsdag, februar 25, 2009

KONGENS SØLV TIL REIDAR HAUKÅS

Idag har eg vore med på noko stort. Eg hadde den ære og glede på vegne av Kongen å dekorera Reidar Haukås - Lindås med H.M Kongens fortenestemedalje i sølv. Bygdebokgeneralen Reidar Haukås har gjennom fleire år arbeida målretta med å skrive bygdebok, samle data, bilder m.m slik at denne kulturskatten som å skriva ned ætter er no er å finna i bygdebok for Lindås. Eit formidabelt arbeid som det står stor respekt av. Eg fekk den glede av å sitje ved sida hans idag på Lindås brygge, og på den vesle stunda lærte eg så mykje. Ein fantastisk person, audmjuk og som ikkje set seg sjølv fyrst, men framhevar dei andre i bygdebok nemda. Utruleg flott mann- eg må berre seie det om att og om att: eg er så heldig som får møte alle desse flotte menneska. VI GRATULERER REIDAR med Kongens sølv og eg ynskjer han og kona alt godt vidare.

laurdag, februar 21, 2009

GRATULERE MIDTGÅRD BEDEHUS-LEKNES

Idag har eg fått vore med på nok ein begivenhet. For 8.gong delte eg ut Leif Øksnes Minnefond. Styret i Minnefondet som består av foreldrene til Leif- Kari og Erling Øksnes, leiar i levekår May Eva Sandvik og dagleg leiar i NBK Ketil Porsmyr + meg - ordførar er styret for minnefondet.
Leif Øksnes døde plutseleg i 1999 berre 27 år gammal. Foreldrene hans oppretta eit minnefond og avkastninga av fondet skal delast ut kvart år til ildsjeler / frivillige i Lindås kommune. Idag var sjølve dagen, og dei som fekk prisen for 2008 var altså : BARNE OG UNGDOMSARBEIDET PÅ MIDTGÅRD BEDEHUS - LEKNES. Over 100 born og ungdom vert samla der gjennom heile veka til ulike aktiviteter. Kor, søndagsskule, torsdagsklubb, ungdomsklubb etc.. Ein stor flokk frivillige ildsjeler sørger for eit godt miljø. Frivillighet er sjølve LIMET i samfunnet vårt. Der er mange som gjer ein stor innsats. I Lindås er vi svært priviligerte som har så mange frivillege lag og organisasjonar. Desse må vi ta vare på. Som kommune og som politikar må vi sørge for at frivilligheten også har midler. Difor er det i dette års budsjett eit dobbelt så stort kulturbudsjett som ifjor. For 2008 måtte vi skjære ned på kulturbudsjettet for å få alt i balanse. Når vi no ser vi har eit betydeleg overskot, så visste vi ikkje det når vi laga budsjettet. Eg er difor glad vi har auka det for 2009, og eg vil fylgje nøye med framover korleis desse midlene blir brukt. Kom med gode innspel til kulturplanen, kom med innspel til kva som trengs av aktiviteter ute i bygdene våre. Vi politikarar er heilt avhengige av gode og konstruktive innspel. Eg kan sjølvsagt ikkje love at alt blir oppfylt, men eg skal love å ta med innspela, vurdere dei opp mot heilskapen i kommunen vår. Eg ynskjer å vera handlekraftig og likar utfordringar. Så no er de invitert til å koma med innspel til både kulturplanen og kulturmidlene. GOD HELG!

onsdag, februar 18, 2009

Det går så det susar i Lindås

Ikkje verst å vere på 1.side i avisa Nordhordland. Ja, med den overskrifta at Lindås går så det susar så blir ein litt glad. Eit historisk mindreforbruk gjer at Lindås står i ei særstilling når det kjem til kommuneøkonomi. At vi allikevel er svært sårbare må også takast med i det reknestykket. Dette fordi vi er heilt avhengig av denne ekstra inntekta som eigedomskatten gjev slik at vi kan ha det høge og gode nivået på tenestene våre. Dersom det kjem endringar i eigedomskattelova så er vi i ein svært vanskeleg situasjon. Vel, no skal vi sjå korleis vi skal forvalte dette mindreforbruket til det beste for alle. At der er mange gode prosjekter på gang det er sikkert, og vi treng sårt å betale ned på skuld og gjeld...samt tenkje nye framtidige investeringar. MEN: fyrst må pengene sikrast!! Vi er ikkje i mål med takseringsarbeidet, og vi har og nokre som har klaga på taksten. Så skal kommunestyret ta stilling til korleis midlene skal brukast eller sparast..eit spanande arbeid ventar, og det er flott å vere lokalpolitikar når vi har handlingsrom og slepp bruka sparekniven heile tida. Ja, overskrifta stemmer : Lindås går så det susar, og det håpar eg vil vare lenge og at midlene blir sikra.

tysdag, februar 10, 2009

EIKANGER-BJØRSVIK VANN NM IGJEN..

HURRA for EBML som i helga vart Norgesmeistrar igjen. Eg blir så glad og eg blir så stolt av dette musikklaget. Dei deler ut si musikalske glede på ein fantastisk måte. Dei er så dyktige og flinke eg må få lov å skryta av dei idag. No skal dei snart feire eit jubileum også...mange år med brass og mange år med musikalske perler. At EBML igjen tek ein NM 1.plass er utruleg bra, så stå på..spre musikken og spre brassgleda på den måten som berre de kan. Eg gler meg til å høyra dykk igjen.

torsdag, februar 05, 2009

TILTAKSPAKKEN FOR LINDÅS KOMMUNE VEDTATT

Formannskapet i Lindås hadde idag opp til politisk handsaming tiltakspakka og midler i Lindås kommune. Rådmannen hadde lagt fram ei liste med tiltak som kan iverksetajst snarast og utifrå den lista gjorde vi våre prioriteringar. Ramme til disposisjon var på vel 10 millionar, og rådmannen hadde eit forslag på 17 mill, så lista måtte slankast for å koma i havn.
Formannskapet drøfta saka på ein god måte, og vi var alle samstemte og tverrpolitisk kom vi fram til eit felles framlegg og deretter samrøystes vedtal. GODT JOBBA Lindås formannskap - god politiks dugnad. Tiltak som no skal igong i TILLEGG til vedtatt investeringsbudsjett for 2009 er som fylgjer :
Lindås barneskule : 2 mill.
Knarvik barneskule : 1.5.mill
Haugen barnehage: 250.000
Håkonshaugen: 250.000
Gamlestova på Tveiten : 200.000
Tinghuset på Lindås: 500.000
Vegsikring / møteplassar Hundvin : 500.000
Vegrekkverk: 500.000
Rekkeskantar - vegsikring : 900.000
Rehab.av nedslitt vegdekke : 3 mill.
Lindås kyrkjelege fellesråd - Myking kyrkje : 600.000
BALLBANE I ALVERSUND - oppgradering og kunstgras : 650.000

Vedtaket frå formannskapet vart samrøystes vedtatt også i kommunestyret
Godt jobba - godt vedtak til glede for mange og ikkje minst : GODE SYSSELSETJINGSTILTAK.

søndag, februar 01, 2009

STRANDA MISJONSLAG I 100

100 år med Stranda Misjonslag er det ikkje flott? Det står stor respekt av eit lag å halda fram med eit arbeid i 100 år. I ettermiddag og kveld fekk eg vera tilstades på dette fine arrangementet. Så heldig var eg at eg fekk både syngje og seie nokre ord til jubilanten. Med tonefølgje frå Trond Fykse som berre spelar heilt fantastisk så blei det for meg ei stor oppleving. Det var fullt i dette bedehuset på Stranda, og snittar og kaker blei servert. Mange har gjennomår stått i bresjen for dette arbeidet og dei vart heidra ikveld med ord og blomar. Strandabygda framstår som ei bygd med mange ressurspersonar og mange kvalitetar. Eit mangfald av lag og aktiviteter der Stranda Misjonslag er ein del av dette mangfaldet. Det var ei stor ære og glede å få representera Lindås kommune idag. Lukke til med dei neste 100 år Stranda Misjonslag.

laurdag, januar 31, 2009

FLOTTE NORDHORDLANDSUNGDOMMAR

Idag MÅ eg berre skrive om eit aldeles flott arrangement eg fekk vera med på igår. Opplæringskonteret i Nordhordland hadde fest med utdeling av svennebrev og fagbrev. Eg var invitert og møtte fram på Alver Hotell iført pent antrekk og full av forventning med ein liten tale i veska! Her var fullt hus. Flotte og staute gutar og flotte jenter i finkjole. Der var tale, kulturinnslag av Janne og Pia frå Knarvik vidg.skule. Så høgdepunktet : utdeling av fag og svennebrev. Det var stort å sjå alle desse unghdommane som no har fullført ei utdanning, fått sitt fagbrev og er klar til å entre arbeidslivet full av kunnskap og kompetanse. Trond Helland frå bedrifta Helland Elektro helsa ungdommane med å seie at det er viktig å ha hjarte for faget! Så sant..Så var det 3 retters middag og god stemning. Nok ein flott kveld, nok ei hending eg har fått vera med på - heldige meg. No skal eg ut på ein liten handletur før eg førebur meg til 100 års jubileum for Stranda Misjonslag imorgon. Det og ser eg veldig fram til. Og med gledesbodskapet om at ubåten på Fedje no skal hevast, og 5 milliardar til testsenter Mongstad, og Kongebesøk i juni som blei planlagt igår...ja, då er det flott å ta helg... Det skjer så mykje positivt no, alle i Nordhordland og Lindås kan gle seg. GOD HELG.

fredag, januar 23, 2009

VATN

Ja, du leste rett. VATN. Vatn er naudsynt for oss alle, vatn er ferskvare og vatn trengs både som drikkevatn og industrivatn ( råvatn ). Formannskapet har nettopp hatt VATN på dagsorden. Vi har gjennomgått ein rapport og drikkevassforsyninga i Lindås og rapporten viser at vi treng meir vatn, betre tryggleik for levering av vatn, tryggleik med omsyn til forureining, klima endringar og meir industrivatn trengs til Mongstad.
Vatn er ein del av våre beredskap, og vi skal passe nøye på vatnet vårt. No skal administrasjonen jobbe vidare med ulike alternativ for oppgradering av drikkevatnet, nye løysingar og sjå om det også er mogleg med eit interkommunalt vassystem. Alle treng vi å vite at vi har godt og nok vatn. Hovudvasskjelda vår Storavatn held så langt god kvalitet og det håpar eg det også skal vere i framtida. Vatn er viktig og det er difor saka er satt på dagsorden. vatn er også sunt, så sett igong : drikk meir vatn! GOD HELG.

søndag, januar 18, 2009

VISIT NORDHORDLAND

I helga har eg vore på reiselivsmesse i Arenum. Der hadde bla Nordhordlandsregionen ein flott stand. Nordhordland reiselivslag hadde ordnas med ein super stand og den var godt besøkt. " Visit Nordhordland " med alle dei kvaliteter og alt det som denne regionen har å by på. Eg meiner vi må bli enda betre på profilering av regionne vår. Her er alt : jobb moglegheiter, kultur og friluftsliv, gode oppvekstvilkår, attraktive bustadfelt og tomter...Ein VEKST REGION som er heilt UNIK. Eg vil jobbe for å vere med å utvikle denne regionen, og gjennom arbeidet i Regionrådet som Lindås er ein viktig del av vil eg vere med å profilere kommunen, regionen som ein flott stad å bu og arbeide i. Arealdelen i vår kommuneplan skal rullerast iår, no treng vi mange gode innspel på korleis vi ynskjer å ha det i Lindås. Dette må vi sjå i samanheng med heile regionen. Eg er glad vi har eit godt samarbeid på tvers av kommunane, eit samarbeid vi kan utvikle endå meir og som til slutt kan bli ein storkommune i Nordhordland. Der er så mange fordeler med å slå saman kommunane til ein stor og sterk kommune....Så må vi altså markedsføra regionen og det har vi alle eit ansvar. Reiselivsmessa og Nordhordland sin stand var godt besøkt, og det viser at her er alle mogleheiter. VISIT NORDHORDLAND og god søndag!

onsdag, januar 14, 2009

Oppstart av kommunedelplan for Mongstad


Så er vi igong...oppstartsmøte for planen blir eit OPE FOLKEMØTE på Haugatun onsdag 28.januar kl. 18.00. MØT OPP, sei di meining, kom med innspel..eg vil vera tilstades og ta med meg alle innspel som kjem. Planen er viktig ikkje berre for Lindås men for heile Hordaland! Vi vil ha ein open og god prosess og bruke naudsynt tid til planarbeidet slik at vi får alt med oss! VEL MØTT!

laurdag, januar 10, 2009

Krigen mellom Hamas og Israel er ein tragedie

Der er mange tårer..der er stor naud og liding. Både på Gaza og i Israel vert det i desse dagar felt tårer. Tårer for ei mor, ein far, ei søster eller ein bror. Israelsfolket lid og palestinarar lid. Lidingane er store på begge sider. " Nok er nok " sa den israeliske utanriksminister. ja, Israel kunne ikkje sitje lengre å sjå på at HAMAS fyrte av rakett på rakett mot Israel. HAMAS som har eit einaste mål : å utslette Israel. Ja, Israel må kunne forsvare seg. Allikevel krigen er ein stor tragedie. Partileiar Dagfinn Høybråten sa fylgjande om konflikten : " KrF har alltid vært venner av Israel, men vi har aldri stilt oss ukritisk til Israels politikk eller bruk av militærmakt. Vi har en plikt til å si i fra når gode venner er på feil kurs.
Stilt overfor Hamas’ vedvarende rakettangrep mot sivile mål har Israel en rett til å forsvare seg. Mottiltakene må imidlertid være forholdsmessige, ikke minst for å skåne sivilbefolkningen. Våpenmakt kan aldri skape fred. Ingen må tro at militære midler løser selve konflikten. Den kan bare løses politisk – på grunnlag av en forpliktende fredsavtale.
KrF vil arbeide for at Israels skal sikres rett til å leve i fred innenfor trygge og anerkjente grenser og anerkjenner samtidig palestinernes rett til selvstyre på eget territorium. For oss smerter israelernes og palestinernes lidelser like mye. Nå må vi skape menneskeverd ved å trappe opp den humanitære innsatsen og styrke fredsarbeidet ". Eg stiller meg bak desse orda. No må vi be om fred. Mange lidingar på begge sider.Direktør i det kristne TV selskapet SAT 7 seier bla : Krigen som nå pågår er spesielt tragisk for barna. Mer enn halvparten av befolkningen på Gazastripen er under 17 år. De har ingen steder å gjemme seg, annet enn hos Gud.Mi helgehelsing idag vil vere barnesongen Jeg folder mine hender små..Les den, ta den til deg, og la oss håpe på fred - på varig fred og fordragelighet. Israel er våre vener, lat oss hugse på dei, men og på alle dei uskuldige barn og vaksne som må lida og som døyr både på Gaza og i Israel.
Jeg folder mine hender små i takk og bønn til deg
La alle barn i verden få det like godt som jeg

Vern alle med din sterke hånd mot fattigdom og død
Og hjelp små barn i alle land så ingen lider nød

La ingen krig og sult og sott få gjøre oss fortred
La alle leve trygt og godt i frihet og i fred

torsdag, januar 08, 2009

Framtidas pleie og omsorgstenester

GODT NYTTÅR. Så er vi nokre dagar inne i det nye året. Nytt år, nye utfordringar og moglegheiter. Nytt år med fokus på gode levevilkår i Lindås kommune. Viktige planar står i kø for å bli handsama, og pleie og omsorgsplanen er ein slik plan. Ikveld var det høyringsmøte om planen på Lindås. Ein god del bygdefolk hadde funne vegen til møtet på ungdomskulen. Ein flokk med entusiastiske mennesker som brenn for bygda si, som brenn for eldreomsorgen og som kom med svært gode og viktige spørsmål omkring pleie og omsorgsplanen. TAKK skal de ha. Viktige innspel til planen, og det gler meg at så mange er opptatt av eldreomsorgen i kommunen. Lindås bu og servicesenter er ein av 3 sjukeheimar vi har i kommunen og utgjer idag ein god og viktig institusjon. Eg forstår godt at innbyggjrarane på Lindås ynskjer at denne sjukeheimen fortsatt skal vere sjukeheim. Når vi no skal handsama planen politisk vil det vere viktig å tenkje heilhet, framtid, kompetanse og ikkje minst ha den einskilde eldre i fokus. Så må ein spørje seg sjølv : korleis vil eg ha det når eg treng hjelp?? Korleis vil eg ha det dersom det gjeld mine nære eldre? Kva behov har vi?? Kan vi ha både sjukeheimsplassar og omsorgsbustader med heildøgns omsorg på same plass? Er det mogleg å kombinere dette? Kva med omsorg ved livets slutt? Det er eit tema som og må omtalast i planen. Ikkje berre omtalast, men vi må få på plass eit slikt tilbod. Kunne vi fått det til på Lindås? Demensomsorga - kompetansesenter for demens er viktig for framtida. Kvar skal vi byggje dette opp? Eg har mange spørsmål til planen og dette skal vi verkeleg gå inn i. Det er ein framtidsretta plan vi skal ha som er god for brukaren og pårørande samt dei som skal jobbe i eldreomsorgen. No er planen på høyring før den skal politisk handsamast og ingenting er enno avgjort eller bestemt. Eg vil rette ein stor TAKK til Lindås bygda som igjen viser engasjement og vilje til å stå på for det dei har tru for, som stiller opp på fritida og kjem med gode innspel til det beste for dei eldre. TAKK for eit flott møte, og eg skal ta med meg desse signala som kom ikveld. Kva utfallet blir - korleis planen til slutt blir vil ikkje eg spå noko om, men at vi politisk skal gjere ein grundig jobb med planen det kan eg love.