søndag, desember 30, 2007

Nytt år med nye muligheter


Det går raskt no mor eit nytt år. Eg trur det blir eit spanande og vikitg år ikkje minst for kommunen vår og heile regionen. Mykje kjem til å skje i nordre delen - Mongstadområdet, og mykje vil skje både med utbygging, påbygging og rehabilitering av ulike bygg og skular. Så har vi ein stor utfordring med økonomien vår. Eg er optimistisk når det gjeld den. Sjølv om det no ser mørkt ut, så trur eg at vi vil få ein større del med inntekt på eigedomskatten på verk og bruk. Fleirtalet i kommunestyret har som kjent sagt nei til eigedomskatt på hus og hytter, men vi har retaksering på gang på verk og bruk, og dette kan gje oss ekstra inntekter...At opposisjonen ville innføre eigedomskatt på hus og hytter er meg ei gåte. Tidlegare har det aldri vore snakk om det for verken AP, Venstre eller SP. No vil dei altså det, og det er merkeleg...I tillegg så vil AP leggje ned 2 grendaskular frå august 2008. Dei fekk heldigvis ingen andre stemmer enn frå seg sjølve. Vi i KRF er svært spent på utviklingen av skulen i Lindås. Vi vil oppretthalda den strukturen vi har så langt det er mogleg...Kan hende vi må ta ein debatt, men det veit vi ikkje pr idag. Så har jula vore fin og roleg sjølv om eg har fått mange tilbakemeldingar på at folk er sinte, skuffa og frustrerte over fleirtalet som måtte gå til nedskjæringar bla på kulturskulen. Vi har måtta tatt det ansvaret det er å få eit budsjett i balande. Vi får ikkjer lov å leggje fram eit årsbudsjett med underskudd. Det var for KrF og meg personleg svært tøft - og det smerta å gje det kuttet kulturskulen fekk på 500.000. Alle har måtta bidra - alle einingar inkl.skule.Eit dårleg utgangspunkt for starten vår å få framlagt eit budsjett med over 20 mill.i underskudd. Når vi i tillegg vil behalda dei skulane vi har, så måtte det reduseringar til i drifta.At kulturskulen får eit stort kutt er rett. At vi visste om konsekvensane er også rett, men vi visste ikkje at det var dei store gruppene som bla skulekorpset på Lindås som fekkm merka dette. Eg har sagt til fleire at eg skal sjå på saka på nytt, utan eg kan lova noko som helst.Vi må nok også få opp ein debatt politisk om kva kulturskulen skal vera, kva skal den gje av tilbod og skal den vere frå 0 - 99 år, eller bør den konsentrera seg om barn og ungdom frå
6 - 18 ??? Eg berre spør. For meg er det iallefall svært trist og smerteleg å kutta i kulturen, men når vi gjer det så er det fordi vi har ein svært alvorleg økonomisk situasjon i kommunen. Til våren i revidert budsjett håpar eg at vi sit med heilt andre tall, men vi veit ikkje....Ja, så er det snart nytt år 2008...har du draumar ? Eg har mange, og eg håpar det blir eit godt og fredeleg år for oss alle. Eg håpar eg får visdom og kraft til å vere ein god ordførar, ein ordførar som tek folket på alvor. Eg skal gjere så godt eg kan. GODT NYTT ÅR.

fredag, desember 14, 2007

Framtidsutsikter


Heisann. Så er eg her igjen på bloggen. Det er blitt nokre veker sidan no, og mykje har skjedd. 13.12 blei budsjettet for 2008, samt resten av perioden 2009 - 2011 vedtatt. Der er som sagt før store utfordringar i drifta vår i kommunen, og der er for 2008 også eit større underskudd som no er dekka inn med både fondsmidlar og kutt i drifta. Det er smerteleg å kutta på skule og andre viktige områder, men me kjem ikkje utanom. Den som berre hadde hatt ein stor pengesekk no til jul....For 2009 ser det enda verre ut, så her blir tøffe tak. Inntektene våre er ennå uklare, og der pågår ei retaksering på eigedomskatten for verk og bruk som vi set vår lit til. Då kan vi få ein del ekstra slik at kutta ikkje vert så gale. Vel, dette vil vise seg til mars / april neste år, og då skal vi også revidere budsjettet slik at vi får eit meir kvalitetssikra og realistisk budsjett. Eit samrøystes kommunestyre vedtok i går investeringsbudsjettet. her blir det stort fokus på skule, samferdsel, trafikksikring og kyrkje i Knarvik. Mykje spanande, men store utfordringar i kostnader. Vi får håpe at ikkje renta stig så altfor mykje. Rammeoverføringane frå staten er ok, men blir spist opp av høge renteutgifter, pensjonskostander og lønsauke. Det er difor det er så ille til neste år. Vi får trøyste oss med at kommunen iallefall ikkje har noko med Terra å gjere!!! Det blir nok store overskrifter i avisene i morgon...men fleirtalet vil ikkje innføre eigedomskatt på hus og hytter, og vi er heller ikkje klar til å leggje ned skular no. Då blir det drifta som får lide, men vi har ei høg drift og høg kvalitet på tenestene, så vi satsar på at med større effektivisering og samarbeid så skal det gå bra.Tøft blir det, og alle vil merke det. Eg synes det er vondt og djupt smerteleg å gå til det steget, men det er nødvendig skal vi kalre å byggje oss opp ein kapital slik at vi og kan få investert i gode prosjekt for innbyggjarane. Dette blei mykje snakk om penger, men det er kvardagen min akkurat no. Vi snakkast!

søndag, november 18, 2007

Ja, de penga...


Vel attende frå budsjettforhandlingar på Voss som me ikkje blei heilt ferdige med.Ja, formannskapet i Lindås vil fortseja budsjettprosessen 26.11. For 2008 er vi i havn, men også denne hausten må politikararne kutte i drifta for å kome i 0. Det er tøft å gå inn i ein kuttprosess når ein heller skulle gitt meir til tenesteområda. Drifta i Lindås kommune aukar frå år til år, men inntektene våre står ikkje i samsvar med drifta. Difor er vi nødt til å sjå dette i samanheng. Nå har det frå 2007 - 2008 budsjettet vore ei stor auke. Det er dette formannskapet ser på. Eg synes det er smerteleg å måtte redusera i drifta, men samstundes ser eg at vi i Lindås har ei kostbar drift som berre aukar på. Difor må vi leggje oss på ei sunn drift slik at vi slepp å kutte frå år til år. Målet for samrbeidspartia er å kunne ha noko overskudd slik at vi kan ha litt å gå på og kunne setje igong nye prosjekt som vi så sårt treng. Eit samla formannskap har ei innstilling til kommunestyre for investeringar for perioden 2007 - 2011. Her er mange bra prosjekt. Alt i frå skuleutbygging til idrett og trafikksikring. Så skal vi byggje kyrkje i Knarvik mot slutten av åperioden går vi igong...Eit spanande prosjekt. Har du tankar om drifta i Lindås ??? Eller har du gode idear om kyrkja eller skulen eller andre ting eg treng å gjerast oppmerksam på??? Ta gjerne kontakt og forstyrr meg... God søndag.

fredag, november 09, 2007

Sidan sist...

Mykje spanande har skjedd sidan sist eg skreiv på bloggen. Mykje kjekke ting har eg fått vore med på, og mange nye utfordringar og saker er eg satt inn i. Akkurat no kjenner eg med svært audmjuk og priviligert som kan få vere folkevalgt - og ha vervet ordførar.Her er ei lita oppsummering over hendingar der eg har fått vore med på siste tida.
BASAR PÅ KLØVHEIM BEDEHUS: dei klarar sine saker og ting på Kløvheim bedehus. Ein kjekk fredagskveld med både basar og kaffi. Imponerande...her samlar ein inn mykje pengar på ein kveld.
30 ÅRS JUBILEUM FOR 4H - SAMHALD 2 - MYKSVOLL. Ein utruleg fest , gjennomført så proffesjonelt og med ein stil du berre kan drøyme om. Dette var bra. TAKK til 4 H for eit fantastik arbeid med barn og ungdom gjennom 30 år. TAKK for fest med super underhaldning, god mat og kjekke folk i alle aldrar. Eg vil prøve å fylgje med dykk i tida framover!
25 ÅRS JUBILEUM FOR MUSIKKENS VENNER - NORDHORDLAND. Eit arrangement med klasse. Konserten bar preg av eit mangfald av proffesjonelle aktørar, kunstnarar og lokale innslag som bla Knarvik Skulekorps. Dette var kjekt..Lukke til med å setje musikk på dagsorden i Nordhordland.
HAUSTFEST I LINDÅS FRÅHALDSLAG : Astrid Fjellanger er ei dame det står stor respekt av. ja, heile laget var samla til haustfest og eg var så heldig å vere invitert. Ein kveld som set merker...Kor heldige vi er som har slike ressurspersonar som Astrid Fjellanger. Mange slike kvinner og menn er det i kommunen vår. Vi er heldige.
Så må eg ikkje gløyme å GRATULERE Eikanger - Bjørsvik musikklag med 1.plassen i Siddis Brass. FLOTT, og lukke til i England. No tek eg meg ein tur på nattope på Knarvik Senter og mandag er det full fart til Voss med budsjettdagar. Då skal det gjerast prioriteringar og neste år og komande økonomiplanperiode. Vi har ein tøff prosess foran oss, no gjeld det å ha eit klokt hovud...

måndag, oktober 15, 2007

Arbeidsmiljø


I morgon skal eg til Ulvik og delta på Arbeidsmiljøkonferansen 2007. Eg ser fram til to nyttige dagar der vi kan fordjupe oss i dette viktige temaet : ARBEIDSMILJØ.
Som folkevalgte er vi også arbeidsgjevarar, og dette viktige området skal vi ivareta i nært samarbeid med adminstrasjonen. I tida framover vil det vere særs vikitg å ha fokus på dette temaet då vi må vera klare på å både rekrutera og behalda våre ansatte i kommunen. Dei ansatte er den viktigaste ressursen, og utan dei kan vi ikkje utføre dei tenestene vi er pålagde å gjera for innbyggjarane i kommunen. Eg veit at der er utfordringar med arbeidsmiljøet i ulike einingar, difor er det så viktig at vi jobbar kontinuerleg med dette temaet. Eg ser fram til å ta sete i AMU
( arbeidsmiljøutvalet )og i samarbeid med arbeidstakarorgansiasjonane og verneomboda jobbe med å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø i Lindås kommune.

torsdag, oktober 11, 2007

Kvinnovasjon


Kjem akkurat frå eit spanade møte med Kvinnovasjon - Nordhordland. I kveld fekk eg møte sterke og dyktige kvinner med gå på mot og evne til å stå på for det ein har tru for. Flotte kvinner som startar eigne bedrifter, og som vil gå steg for steg mot eigen utvikling og utvikling av produktet som dei skal selje.Her var samla kvinner frå heile Nordhordland, og eg skal prøve å fylgje med framover korleis det går med desse dyktige damene. Det går an, det er mogleg..set deg sjølv eit mål om du er kvinne eller mann. Heile verda ligg open.... I morgon er det nok ein dag med nye moglegheiter både for ein ordførar og for deg! Lukke til!

onsdag, oktober 10, 2007

Kultur


I Lindås kommune har vi eit mangfold av kulturtilbod. Idag har eg fått vore med på eit møte mellom kommunens kultur og aktivitetseining samt representantar frå kor, korps og revymiljøet. Eit godt møte med mange innspel og idemyldring. Ein tek sikte på å arrangera KULTURDAGAR i april 2008. Då skal det myldre i Lindås kommune med ulike innslag til glede for mange forhåpentlegvis.
Vi er heldige som har eit rikt og varierande kulturliv og idrettstilbod. Vi er heldige som har så mange lag og organsiasjoner som står på år etter år... Vi er heldige som har ein frivillegsentral som drives godt, og vi er heldige som har ressursar kommunalt til å vere med å leggje til rette for kulturlivet.
Fram mot våren 2008 vil det bli både folkemøter om kultur, og spanande møtepunkt mellom lag / organsiasjonar og kultureininga i kommunen. Eg vil fylgje med i arbeidet, og gler meg over at vi igjen skal få kulturdagar i Lindås kommune.

torsdag, oktober 04, 2007

Då er eg i gong...


Hei alle saman. Idag blei eg vald til ordførar i Lindås kommune. Eg går inn i ei utfordrande tid, og eg ser fram til samarbeid med alle til det beste for innbyggjarane i Lindås kommune.Eg vil takke samarbeidspartia FRP, Høgre og KrF for tilliten dei har vist meg. Eg vil og takke Tove Brandvik for den innsatsen ho har gjort som ordførar i Lindås kommune i 4 år. Eg går inn i vervet med audmjukheit, spaning og ikkje minst vilje til å læra og til å stå på. Innbyggjarane i kommunen er sjefen både for ordføraren og dei folkevalgte det skal ein ikkje gløyme. Eg ser fram til eit godt samarbeid med både samarbeidspartia og opposisjonen til det beste for Lindås kommune.

tysdag, september 25, 2007

Lindåsavtalen


Så er Lindåsavtalen lansert. KrF, FrP og Høgre har inngått ei politisk plattform for perioden 2007 - 2011. Her mykje god politikk, og vi har hatt eit godt samarbeidsklima.
Eg ser verkeleg fram til å setja viktige saker på dagsorden, og eg ser fram til å vera med å utvikle Lindås kommune. Vi har mykje bra i kommunen vår. Ikkje minst så har vi ein stab med dyktige medarbeidarar som gjer ein flott jobb. Desse må vi ta vare på, og Samarbeidspartia ynskjer å føre ein god arbeidsgjevar politikk.
Eg har dei siste dagane fått utruleg mange gode og positive attendemeldingar. Frå all slags folk,frå ulike partier, unge og eldre. Mange er opptatt av å formidle til meg at dei ser fram til ein ny giv i kommunen. Andre er opptatt av det kvardagslege, at dei blir møtt med serviceinnstilling når dei kontaktar kommunen. Fleire fortel at det er vanskeleg å nå sjukeheimane på telefonen, dei kjem ikkje igjennom. Andre fortel at omstillingsprosessen har gitt positive utslag, og nokre fortel at der er noko som manglar. Samarbeidspartia må nå få ei oversikt over organisasjonen frå A - Å. Vi må bruke ein del tid å setje oss inn dei einskilde tenesteområdene, og eg ser fram til å ta ein tur rundt og bli kjent. Eg meiner eg har god kjennskap til kommunen vår, men no skal eg bli enda betre kjent og det gler eg meg til. Lindåsavtalen vil bli lagt ut på heimesidene til KrF - Lidås og etter kvart på Lindås kommune si heimeside. Fløg med oss, forstyrr oss og ta kontakt. Eg ynskjer å vere ORDFØRAR FOR ALLE, ha ei open dør og låg terskel for kontakt. Velkommen innom!

måndag, september 10, 2007

GODT VAL

Så er dagen her...10.september 2007 - valdagen for kommune og fylkestinget. Har du bestemt kva du vil stemma?? Når det beste frå sosialdemokratiets fokus på fellesskapet og høgresidens tankar om den einskildes fridom, ansvar og muligheter forankres i eit kristent verdigrunnlag, så får du mitt parti som KRF.
KrF er unikt og designa for mennesker som legg stor vekt på ikkje-materielle verdier ( i motsetning til sosialisme og liberalisme)
Vi vil skape eit varmere samfunn i Lindås kommune og vil representera ein tredje veg også i lokalpolitikken

· KrF løfter fram mennesket som unikt og verdifullt uavhengig av ytre omstendigheter. Alle har samme verdi.

· KrF tar heile mennesket på alvor og lar det gjenspeile seg i politikken for barn, ungdommer og voksne. Nestekjærleiken skal prege forholdet mennesker i mellom.

· KrF har eit verdigrunnlag som er forankra i noko anna enn skiftende menneskelege ideer og filosofier. Dette verdigrunnlaget utfordrer oss til i bidra til ein rettferdig fordeling av verdas resurser.

· KrF har praktiske, truverdige løysingar

KrF - Lindås sine lokalpolitikarar vil vere folkevalgte for deg, og vi vil lytte til dine synspunkt og ta dei med i vurderingane når saker skal avgjerast. Vi kan ikkje love at det alltid blir slik ein ynskjer, då vi må sjå heile kommunen under eitt og vere med til ei fordeling av ressursane som er rettferdig. Ha eit godt val og hugs det kjem dagar etter valet også, så forstyrr oss gjerne med dine synspunkt.

fredag, september 07, 2007

Siste innspurt med eldreomsorg i sentrum!


Eldreomsorg er meir enn ein sjukeheimsplass.
Mennesket er unikt og har uendeleg verdi heilt uavhengig av ytre omstendigheter.
Alderdommen er ein naturleg og viktig del av livet. Den må difor gis innhald og meining utifrå den einskilde sine ynskjer og behov.
KrF ser det som ei høgt prioritert oppgåve at eldres ulike behov lengst mogleg blir fulgt opp i dei lokalmiljøa der den einskilde kjenner seg heime.

Eldre utgjer ein aukande andel av befolkningen.
Den veksande gruppe med eldre har sine særlege behov og sin sjølvsagte rett til å ha taleføre representantar innanfor alle områder.
Eldrerådet spelar ei sentral rolle i all eldrepolitikk i kommunane. Dei har til oppgåve å overvåke dei eldre sine tilbod og behov. KrF vil vere med å støtte dette viktige arbeidet som eldreråda driv i kommunane.
Satsingsområder :
Dei økonomiske rammene for eldreomsorgen må vere av ein slik art at pleietilbodet vert bygd ut etter brukarens behov.
I Nordhordland har vi behov for ulike butilbod for dei eldre. Vi manglar bufellesskap der dei som treng hjelp og omsorg kan bu og fungera, men som ikkje nødvendigvis treng ein sjukheimsplass. I desse bufellesskapa kan ein ha små leiligheter og ein må ha fellesareal slik at ein kan søkje sosial kontakt med andre. Bufellesskapa bør vere bemanna .
Fleire desentraliserte omsorgsbustader og seniorbustader / eldrebustader manglar også i vår region.
Dagtilbod og velfungerande eldresentre / seniorsentre er eit satsingsområde for KrF. Gruppa av eldre treng og set pris på å koma i saman til hygge og sosial kontakt. Dette er også eit viktig førebyggjande arbeid.

Nok sjukeheimsplassar med kvalifisert personal vil vere viktig framover.Det same vil innhaldet i eldreomsorgen vere. For eldreomsorg er meir enn ein sjukeheimsplass. Kvardagen på ein sjukeheim er meir enn pleie og stell. Dei eldre treng kulturopplevingar, aktivitet, og FRISK LUFT. Kor mange av bebuarane på sjukeheimane får kome ut i frisk luft ? Kor mange har muligheten til å få seg ein tur til butikken, eller på ei Gudsteneste eller få vere tilstades i det laget eller organisajonen ein har arbeida i heile sitt liv?? Eldreomsorgen i Nordhordland treng fleire hender. Eldreomsorgen treng aktivitørar, miljø og kulturarbeidarar. Langsiktig planlegging og reelle mål må setjast for eldreomsorgen dersom kommunane i Nordhordland skal kunne dekkje dei mange behov som vil kome i åra framover. KrF vil setje dette tema på dagsorden og vere ein pådrivar for å utvikle eldreomsorgen i framtidas Nordhordland.
Vidare er KrF er opptatt av er å styrke omsorgslønsordninga. Mange pårørande gjer ein formidabel innsats for sine pleietrengande . Minst like viktig er det å få styrkje avlastningstilbodet slik at pårørande kan få eit pusterom innimellom og ta vare på seg sjølve. På den måten kan brukaren bu lengre i heimen når ein er i den situasjon at ein treng pleie og omsorg gjennom heile døgnet.
Kvalitet:
God kvalitet i eldreomsorgen handlar om å møte den einskilde brukar sine behov, setje av nok ressurser og sikre ei bemanning som gir helsearbeidaren tilstrekkeleg tid til kvart menneske. Mange helsearbeidarar fortel om hektiske arbeidsdagar med begrensa tid. Dei opplever ofte å kome i tidsklemma. Dei eldre om ein bur heime eller på institusjon / omsorgsbustad skal få leve så normalt som mogleg. Brukarane må få vere heile mennesker og ta med seg sine vaner og uvaner inn i institusjonen / omsorgsbustaden.

Eldre mennesker skal få leve gode liv.

fredag, august 31, 2007

Festhelg i Knarvik


Så er det duka for ei festhelg i Knarvik. Det er Knarvikmilhelg og jubileumshelg! Dette fantastiske arrangementet som set fysisk aktivitet på dagsorden er heilt unikt. Ikkje berre handlar det om aktivitet av fysisk art, men det er eit stort kulturarrangement. Knarvikmil generalen Helge Brekke står på , år etter år, og det same gjer alle dei frivillige som tek i eit tak og legg enormt mange arbeidstimar ned i dette tiltaket.
FOLKEFESTEN - ja, eg gler meg og dette året skal eg stå på stand for KrF i tillegg til Knarvikmila! KrF - Lindås ynskjer å spele på lag med frivillige lag og organisasjonar. Idrett og fysisk aktivitet er både førebyggjande, helsebringande og bidrar til gode arenaer. KrF vil arbeide for at Nordhordlandshallen blir ein open og inkluderande hall med stor tilgjengelighet.Målet må vera at hallen blir gratis for lag og organisasjonar som faktisk gjer ein kjempejobb for barn, ungdom og vaksne. KrF - Lindås vil vere ein pådrivar for at kommunen har god og tett dialog og samarbeid med lag og organisajonar, og at Idrettsrådet blir ein aktiv medspelar. Kom innom standen vår i Hallen under Knarvikmila. Ta kontakt med oss om du er frivilligmedarbeider i eit lag / organsiasjon så skal du få høyre våre visjonar for både idretten og hallen!

måndag, august 27, 2007

Takk til Seimsbygda


Så har eg vore på mitt fyrste folkemøte så langt i valkampen. Seimsbygda stod for folkemøtet, og hadde verkeleg førebudd seg godt. For meg som ny politikar i kommunen er det viktig å høyre kva folket ynskjer. Møtet på Seim var særdeles interessant, og mange gode poeng og idear til løysing av ulike problemstillingar blei framsatt. TAKK skal de ha Seimsbygda. Eg vil ta dette med meg inn i arbeidet som lokalpolitikar. KrF - Lindås vil arbeide for gode løysingar på Seim, både når det gjeld skule, barnehage, seniorbustader og idrettsanlegg. Vi vil arbeide for at tilbygget med gymsal og garderobar kjem i gong snarast, og når prioriteringane skal gjerast vil vi innhente fakta og opplysninmgar frå dykk! KrF ynskjer eit godt og tett samarbeid, og vi håpar ikkje dette følkemøtet i kveld er det siste. KrF vil tenklje langsiktig og planleggje deretter, og då skal Seimsbygda med i dei planane. Til Bondelaget vil eg seie : JA TAKK TIL VAKSENOPPLÆRING!! Vi tek gjerne imot Bondelaget vi treng lære, vi treng møtast, vi tren å snakke saman og spele på lag! Dette skal bli spanande...så nå får me berre håpe at eg blir valgt og at KrF får dei stemmene dei treng for å ha innflytelse i kommunen! GODT VAL - SEIMSBYGD!

Den gode skule i Lindås

For KrF - Lindås er Trygg oppvekst eit hovudsatsingsområde for kommunen vår. Vi treng å utvikle den gode skulen, for vi har allerede ein god skulestruktur, flinke og dyktige lærarar og vi har mange motiverte foreldre som ynskjer godt samarbeid med skulen. Dette må vi ta vare på! For komande valperiode så vil KrF i Lindås fylgjande for skulen vår :
- behalda noverande barneskulestruktur. Skal det endrast i den så skal det berre skje dersom elevgrunnlaget vert for svakt eller om krinsen / foreldra sjølv ynskjer å overføra elevane til ein annan skule.
- byggja ut ungdomskulen i Knarvik snarast, og etter politisk vedtak vurdera ny ungdomskule i Alversund
- sørga for nødvendig vedlikehald og rehabilitering av andre skulenygg, og vi vil arbeide for at der blir ny gymsal på Seim skule
- sørgje for nødvendig personalressursar og læremateriell til skulen
- ha ein rektor på kvar skule
- einingsleiar for skulen som inngår i rådmannen si leiargruppe, med ein stab for fagleg og administrativ støtte
- stor fokus på arbeidsmiljøet i skulen og gode samarbeidsformer mellom skule - heimen og andre partar
Dette vil snarast arbeide med, og KrF - Lindås vil på den måten vera ein pådrivar for ei god utvikling av skulen i Lindås.

torsdag, august 23, 2007

Travle småbarnsforeldre


Idag blei eg merksam på ei flott melding frå partileiaren vår i KrF - Dagfinn Høybråten.Han lanserte ei forsøksordning i to kommuner der ein vil gje småbarnsforeldre som har barn mellom 1 - 12 år ei ekstra ferieveke. Kva ??? Jo, du les rikitg! Ei ekstra ferieveke. Er ikkje det flott! Småbarnsforeldra er ofte i ei tidsklemme, og KrF vil leggje til rette med meir tid for barna. " Skal vi ta steget fra en velferdsstat til et livskvalitetsamfunn må folk få ta tida tilbake"( sitat - Høybråten )KrF - Lindås ynskjer at kommunen vår skal bli ein forsøkskommune for denne ordninga. Eg har difor i samaråd med KrF - Hordaland sendt ut ei pressemelding med pålydande tekst : " Gjer Lindås til ein forsøkskommune, Dagfinn ".Lindås er ein kommune i sterk vekst, og vi har mange unge familiar som etabelerer seg her. Det vil vere av stor verdi dette tiltaket. Om det kostar noko ?? Ja, men det blir då statlege midler og skal ikkje gå på bekostning av eit stramt kommunebudsjett. Det hadde vore topp dersom vi fekk det til ! Så good luck Dagfinn og Lindås kommune.

søndag, august 19, 2007

Bomval


Ja, ja, så er denne veka over. Hektiske tide med valkamp, debattar og stands. Eg synes det har vore ei givande veke. Travelt, men du verda så mange kjekke folk eg har truffe. NRK debatten torsdag var spanande. Er stolt av Pål Kårbø og KRF, han debaterte bompengesaka veldig fornuftig og sakleg. Så ser eg i avisa Nordhordland på leiar plass at bomsaka har fårr plass. Må berre seie meg samd i Randi Bjørlo si oppsummering av den saka. Det er kjipt at bomsaka får så stor oppmerksomhet i valkampen. Nordhordlandspakka er ferdig behandla i heile regionen, og har fått sitt politiske vedtak. Vi treng vegar, nye vegar og trygge vegar. I pakka har vi finansieringa på plass slik at vi snarleg kan kome i gong.
Vi treng i valkampen å fokusera på mange andre viktige saker som t.d skule og omsorg. I m orgon skal eg til Lindåstunet, det ser eg fram til. Meir rappport får du då! Ellers så vil eg nevna at partiprogrammet til Lindås KrF no er å finna på heimesidene våre. Ta turen innom da vel - og sjå kva vi har å by på!

tysdag, august 14, 2007

Skulestart

Så er det to dagar til skulestart. For mange er dette utruleg spanande...1.skuledag og ny sekk på ryggen. Forventningsfulle 6 åringar med eit godt tak i mamma eller pappa si hand. Korleis blir det? Korleis er læraren ? Foreldra er like spente, men det går jo som regel bra! For dei mange som no har hatt ein lang og god ferie så skal det bli greitt å kome attende til kvardagen. Her i huset har ungdommane sove til langt på dag, men no er det andre bollar. Vi er mange foreldre som ser fram til at skulen startar opp att. For meg er det viktig at skulen representerer tryggleik og forutsigbarheit. Eg ynskjer ein god skule, ein skule med innhald og gode læringsarenaer. I Lindås har vi ein god skule. Vi har ein stab med dyktige lærarar som gjer ein kjempejobb utan dei altfor store ressursane. Slik eg kjenner skulen så er der behov for fornying. Teknologien går framover, og vi må difor sørgje for at skulen heng med i denne utviklinga. KrF - Lindås vil vere med å jobbe for gode læringsarenaer både for elevar og lærarar. Skulen må også vere slik organisert at alle veit kven som har ansvaret for skulen, og foreldra må kjenne seg trygge på kven som er leiar. KrF - Lindås vil fylgje med på det som skjer i skulen og organiseringa av skulen. Vi meiner det er viktig å lytte til grasrota, og dersom det viser seg at vi får ein dårleg skule med noverande organisering, ja, då vil vi vere på barrikadane og etterlyse nye løysingar. Kva ynskjer foreldra for skulen? Kva ynskjer lokalpolitikarane? Det skal bli spanande å sjå kva som skjer..Ein ting er sikkert : KrF vil arbeide for TRYGG OPPVEKST, og ein god barnehage og skule i heile kommunen.
Stem KrF, vi vil vere der for deg!

måndag, august 06, 2007

Valkamp på NRK Hordaland


Så er valkampen i gong...Skikkeleg i gong, og framover vil det være mange arrangement rundt omkring i kommunen vår. Til og med på internettsidene til Nrk - Hordaland er der valkamp. Ja, eg er med...du må gjerne gå inn på Nrk.no/Torget, deretter videre på Hordaland fylke og velje Lindås kommune. KrF - Lindås har eit spanande program. Ta deg tid til å lese programmet når det kjem i postkassa di, eller sjekk det på KrF - Lindås si heimesida. Klikk deg inn på linken som ligg til hø.på bloggen!Trygg oppvekst, bedre alderdom, idrett / kultur og miljøsaker vil vere viktig for KrF - Lindås i komande kommunestyreperiode. Eg ynskjer gjennom valkampen å flagge desse sakene, vi treng ein god skule med innhald og ein skuleleiing som lærarane, elevane og vi foreldre er tjente med. Ein skule kan ikkje drivast av seg sjølv, men må ha ein leiar.Arenaer for idrett og fysisk utfoldelse, ein open Nordhordlandshall, nye institusjonsplassar, god heimeteneste, brukarstyrt assistanse ( BPA ordning ) omsorgsløn, gode og meiningsfulle seniorsentre...vi har mange ting som skal på sakslista. Alt kan ikkje gjerast på ein gong, men med planar og langsiktig tenkjing gjennom prioriteringar så meiner KrF at det skal gå an...Så bruk oss, forstyrr oss, ta kontakt. Eg vil vere ein folkevalgt for nettopp deg!

torsdag, august 02, 2007

Vil vi ha eit sorteringssamfunn??

Eg skal ikkje skrive så mykje om dette temaet no, men eg vil henvise til Joakim sin blogg. Joakim er ein ungdom på 19 år og levande interessert i bioteknologi. Han har mange gode og velformulerte tankar omkring dette temaet. Dessutan er han KrF - Lindås sin 6.kandidat og ungdomskandidaten vår! Sjå til høgre på bloggen min, og finn mine bloggvener ( eit stykke nede på sida ). Der klikker du på Joakim - og kjem då direkte inn på hans blogg. Der kan du lese mykje spanande. Så hiv deg med i diskusjonen som pågår der, og les hans tankar omkring temaet bioteknologi, men også andre vikitge saker! Lukke til!

måndag, juli 30, 2007

Så er det på an igjen...


Då var den deilege sommarferien over for i år. Avkobling og påfyll for eit nytt semester. Jammen er vi heldige som har desse ferievekene, og til og med ferielønn. Det er det ikkje alle som har i denne verda. Det går bra med landet vårt. Vekst og utvikling, alt skjer så fort at ein klarer ikkje heilt å summe seg. Ein skal fylgje med i det som skjer og det skjer fort. Glameldinga når eg kom heim var at Gjervik bygda forblir naturområde. Flott at plan og miljø tok signalene som kom på alvor og lytta til folket. Eg trur at i dei fleste saker så sit folket sjølv med oppskriften og løysingane. Det er difor så viktig at lokalpolitikarane lytter og innhenter informasjon frå dei som er nærast saka. Eg som KrF - Lindås sin lokalpolitikar ynskjer å gjere ein god og riktig jobb for lokalsamfunnet. KrF - Lindås har eit sterkt ynskje om eit varmare samfunn, ein kommune som set brukarane i sentrum, der også dei svake gruppene blir høyrd. For desse vil KrF vere eit talerøyr.Livskvalitet for alle grupper der trygg oppvekst og god alderdom har hovudfokuset, det ynskjer vi frå KrF - Lindås skal stå på dagsorden i vår kommune. Arne Ramslien 2.kandidat for KrF - Lindås seier det så bra : " Folk skal ikkje berre bu i Lindås, men og LEVA. Nå stundar det mot valkamp - eg gler meg, det blir mykje jobbing, men eg håpar eg kan få treffe mange kjekke folk til dialog og meiningsutveksling.

søndag, juli 01, 2007

Sommarferie


Endeleg...så er det ferie. Den velfortente gode ferien som skal nytast i fulle drag. Eg starta min ferie denne helga, og no ventar det meg nokre veker med avslapping, litt reising og ikkje minst stunder i lag med familie og gode vener. Vi er heldige som bur i Norge. Vi er verkeleg priviligerte, vi har det trygt og godt på alle måtar. I dag var eg og min supermann saman med eit anna ektepar på tur til Stordalen Fjellstove. Nydeleg sommarver, og nydeleg mat i flotte omgivelser. Kva meir kan ein ynskje seg? Tenkte på det når vi suste innover fjorden at jammen meg så har vi mykje å vera takknemlege for. Så må vi ta vare på det gode vi har og utvikle det til å bli enda betre. Nå tek eg og bloggen ferie, men vi kjem sterkt attende med oppdatering på både KrF sitt valprogram og andre vikitge saker som gjeld utviklinga i Lindås kommune. Som tidlegare sagt : eg gler meg til å ta fatt på valkampen, og eg kjenner meg motivert til å gjere ein jobb i lokalpolitikken i Lindås. Håpar mange tek kontakt med meg på stands og ellers på bloggen, for eg vil gjerne gjere ein jobb for deg - vere ein folkevalgt som er ærleg og bruker sunn fornuft. HA EIN GOD SOMMAR!

onsdag, juni 27, 2007

Lat Gjervik leva


Idag les eg i Nordhordlands Avis om Gjervikbygda og entusiastiske bygdefolk som verkeleg engasjerer seg. Synes det er flott at der er folk som verkeleg står på og som ikkje gir seg så lett. Ta desse brødrene Reigstad t.d, som seier : " Vi kjem ikkje til å gje opp kampen, om vi så må til Oslo for å kjempa den..." FLOTT! Eg liker engasjerte mennesker. Ja, eg og ynskjer grøntareal for framtida. Eg ynskjer ei klar markagrense i Knarvik. Gjervik og Knarvik er snart ei bygd, og det er viktig å ta vare på det grøntarealet som er att. Eg vil gjerne høyre på dei som engasjerer seg i lokalmiljøet, ja, ikkje berre eg, men heile KrF gruppa ynskjer å ta folk på alvor. KrF - Lindås har i sitt partiprogram å definera og sikra friområda og nødvendig areal til leikemiljø og fritidsaktiviteter. Dette gjeld også for Knarvik og Gjervik og andre bygder i heile kommunen. Ellers står det om Knarvik: utvikla Knarvik som regionsenter og buområde. Friluftsinteressene må sikrast ved at friområda vert utvida og busettinga tettare.
Stå på Gjervikbygd..eg støttar dykk, vi må ha nok grøne lunger slik at vi kan i ein travel kvardag få rekreasjon for sjel og sinn! Vil du lese meir om dette så klikk innom bloggarkivet for mai "Ut på tur"...

måndag, juni 25, 2007

Full fart framover


Endeleg sommar! Det gror og det er grønt og fint omkring oss. Mange har planta i krukker og bed, og vi har nydeleg vær for tida. Det er herleg å sjå utviklinga i naturen dag for dag! Så treng hagen og blomane vatn og næring for å forbli grøne og oppreiste. Slik er det vel også i våre liv. Vi mennesker treng også påfyll slik at vi tåler både sol,varme og uvær innimellom. Det tar på å leve og for ein del kan det til tider kjennes svært tøft. Det betyr mykje at ein gjennom oppveksten har fått næring og styrke til å takle livet med dets medgang og motgang. Derfor er familien og barne og ungdomsarbeidet utruleg viktig i lokalsamfunnet vårt.Det som borna får med seg av verdiar og holdningar tidleg i livet ligg der som ein ressurs å ta fram når motbakkane blir vel bratte. Trygg og god oppvekst for born og unge er ei hjartesak for KrF - Lindås. Vi ynskjer at kommunen vår skal leggje til rette for gode arenaer for desse gruppene, samt at skulen kan vere ein plass der godt læringsmiljø uten mobbing kan ha 1.prioritet. KrF - Lindås vil også ta ansvar for at dei frivillege lag og organisajonar kan få utvikle seg slik at dei har gode vilkår for å drive frivilleg arbeid i kommunen. Eg for min del skulle ha sett og vil arbeide for at idrettsarenaer blir gjort tilgjengelege for alle - og på ein slik måte at laga ikkje skal betale dyr halleige, for så å gå " konkurs ". Nei, vi må sikre oss at tilbodet er av ein slik art at ein faktisk kan nytte seg av det utan å måtte bruke all ressurs for å få det til å gå rundt. Krf - Lindås vil setje på dagsorden viktige saker der vi bla må ha tydelege satsingsområder og mål å jobbe etter. Det går så det suser i Lindås, derfor må vi ha klare langsiktige mål for kommunen vår, og vi må ivareta "fotfolket" som gjer ein enorm flott innsats i det frivillege arbeidet det vere seg idrett, korps,kor, fritidsklubbar etc...Ver med KrF - Lindås i full fart framover!

torsdag, juni 21, 2007

EKSPRESSBUSS


Ja,ja,så er nok ein dag over, og det blir bra med ein avspaseringsdag i morgon slik at helga blir ein smule lengre enn den pleier. I dag tok eg ekspressbussen på jobb. Vel, eg pleier jo vanlegvis gjere det, men i dag hadde eg ei artig oppleving på bussen. rett bak meg var det stor diskusjon om Tides nye ekspressruter frå Knarvik til Bergen. Er desse rutene verkeleg ekspress eller ei?? Vi opplever at bussane stoppar heile vegen sjølv om det er blitt oss fortald at ekspressbussen ikkje skal stoppe før Eidsvåg. Ja,ja...diskusjonen var interessant og kreativ. Konklusjonen var som følger : fleire burde ta bussen til byn - då sparer ein miljøet og du sparer penger og bil!Synes vi har eit flott kollektivtilbod frå Knarvik. Skulle berre ynskje at det også gjaldt lengre ute i kommunen, for der strevar dei, og der er det ikkje alltid like lett å finne ein ekspressbuss...KrF er eit verdiparti og eit miljøparti. Som lokalpolitikar i Lindås vil eg arbeide for at kollektivtilbodet skal vere godt og tenleg for alle. Vi må leggje press på stat og fylke slik at der kan leggjast til rette for eit slikt tilbod - og at reisekostnaden blir mindre. Bergen kommune har no ein pris på bussbiletten - ein pris som er heilt overkommeleg. No må vi jobbe for det same...slik at det ikkje blir nødvendig å ta bilen til Hordvikneset for så å ta bussen til byn - for det blir jo mykje billegare! KrF - Lindås vil vere med å påverke, så berre forstyrr oss..ta kontakt , vi vil vere der for deg!

måndag, juni 18, 2007

KrF eit tydeleg alternativ


I dag har eg fundert litt over livet! Eg er glad for at eg er den eg er, ulik alle andre, eg er på min måte med mine feil og manglar, men også med mine kvaliteter og ressursar. Eg har funne mitt parti - og det er eg kjempeglad for. Stresser du med å finne ditt parti?? Vil du at ditt parti verkeleg skal stå for noko, vere tydelege og ikkje fare med kun populisme og materialisme? Dersom du ynskjer eit parti med verdiar og inkludering, så har eg svaret på kva du treng: KRF. KrF er eit tydeleg alternativ til dei andre partia. Med ærefrykt for livet i eit inkluderande samfunn så framstår KrF som verdipartiet nr.1. KrF sine veridar er inspirert av den tanke at eitkvart menneske er UNIK og VERDIFULL.Vi skal stå opp for dei svake i samfunnet både i vårt nærmiljø - i vår kommune, men også nasjonalt og internasjonalt.
KrF-Lindås ynskjer å å tale på vegne av dei i kommunen som ikkje har ei pressgruppe i ryggen, og vi vil vere med å utvikle kommunen slik at den blir den beste kommune å bu i. Trygg oppvekst - god alderdom...dette skal du får høyre meir om gjennom valkampen. For KrF - Lindås er det viktig at kommunen er inkluderande med hjarterom og varme - for alle! heng deg på KrF du også!

måndag, juni 11, 2007

Listetopp


Eg har den siste tida fått fleire spørsmål om kvifor eg vil meg så vondt å bli lokalpolitikar i Lindås kommune. Fleire har registrert at eg er ny, heilt fersk i politikken og det er jo sant og visst! MEN : politisk interessert har eg vel alltid vore, og rundt middagsbordet har mang ein politisk debatt hatt fokus! " Politikarane berre lover og lyger "..Dette er eit utsagn vi fekk som stod på stand i Knarvik Senter for eit par veker sidan. Gjer dei det? Det er ikkje lett å vere lokalpolitikar å jobbe med kommunebudsjettet som verktøy - eit budsjett som der stadig må skjæres i, brutalt - inn til beinet. Prioriteringar mellom grupper - born / eldre, helse / teknisk...Nei, det er er beundringsverdig at så mange har vore aktive i politikken gjennom fleire år. Så kvifor vil eg stå på lista til KrF - ja, til og med vere ordførar kandidat?
Jo, difor står eg på lista :
- KrF vil setja brukarane av dei kommunale tenestene i sentrum, slik at dei opplev kvalitet og service i møte med kommunen
- KrF har familien i sentrum
- Er opptatt av ein trygg og verdig alderdom
- Har oppvekstmiljøet i sentrum
- Er med i kampen mot rusgifter
- Vil strykje forebygginga i helsetenesta
- Formidling av kultur og verdival
- Ynskjer å styrke det frivillege arbeidet
- Har fokus på kyrkja og kristenlivet
- Vil byggje på eit anstendig ressursforbruk
- Har fokus på miljøet
- Sikre arbeidsplassar og levedyktige samfunn i heile kommunen
- Vere pårdrivar for kommunikasjon og samferdsel
- Ha trafikksikring i sentrum

Eg kunne sagt enda meir...men alt dette er henta frå partiprogrammet til KrF - eit unikt og flott program som eg gjerne vil vere med å arbeide fram. For KrF - Lindås vil vere pådrivar til at kommunen vår blir den beste i heile landet!! Visjon og målstyring er viktig, spesielt i lokalpolitikken. Eg - vil vere ærleg og bruke sunn fornuft...det trur eg er kjempeviktig for å lukkast. Når valkampen er i gong for fullt, så glede eg meg til møte mange både blide folk og kanskje eg møter nokre sinte og?? Uansett - eg ynskjer å møte den enkelte med respekt og ærlighet.Dette skal bli spanande!

måndag, juni 04, 2007

Shopping

Eg er ei av dei som elsker å gå i butikkar. Eg treng ikkje nødvendigvis kjøpe så mykje, men gå rundt å sjå, fundere, tenkje på om eg kanskje skal kjøpe noko?? Vel, shopping er gøy. I Lindås kommune er vi nå heldige så har fleire shoppingsentra å bruke. Stadig får vi nye tilbod både på Lindås og i Knarvik. I den seinare tid så les vi i lokalavisene at det skal byggjast ut både på nedsida av veien ved Knarvik Senter, og ellers utviding av Knarvik Senter, parkeringshus osv. ja, shoppingsentra må vi ha. MEN, der er eit stort men tenkjer eg. Utan at trafikkproblema i Knarvik blir løyst kan vi ikkje utvide senteret meir verken på oppsida eller nedsida av vegen. Det er eit stort tankekors at trafikkproblemet på ettermiddagstid er så stort at ambulansen frå legevakta ikkje kjem fram. Vår interkommunale legevakt på nedsida av Knarvik Senter ligg sånn til at når trafikken står så kan liv gå tapt. Difor hastar det verkeleg med å få bukt med trafikkproblema i Knarvik. KrF - Lindås ynskjer å leggje til rette for næring og utvikling, men vi vil og vere med å ordne opp i trafikkproblemet. Mitt hjartesukk i dag er at det ikkje blir nye butikkbygg i Knarvik før trafikkproblemet er løyst, dette på tross av at eg elskar å å gå i butikkar! Kva tenkjer du om dette??

torsdag, mai 31, 2007

Hurra for borna og ungdommen!

"Hvert menneske er fra Guds hånd - en orginalutgave ". Dette er eit sitat av Søren Kierkegaard. Ein klok mann som verkeleg såg verdien i mennesket. Eg er så happy for å kunne vere ein del av KrF sin oppvekstpolitikk. For KrF tek nemleg kvart menneske på alvor. Vi ynskjer å leggje til rette for gode oppvekstvilkår for borna og dei unge. Å gje valfridom til foreldra er ei vikitg sak for KrF. Fridom til å setje saman kvardagen slik ein ynskjer og slik det passar for den einskilde familie. Småbornsfamiliane har ein travel kvardag, og difor vil gode ordningar for desse vere ei viktig hjartesak for KrF framover. Så er det skuleborna..Ein god skule gir ein god start i livet. Ein skule som er verdiforankra og ein skule der borna blir fulgt opp og blir tatt på alvor. Gode læringsarenaer der også lærarane får vidareutvikle seg er viktig for KrF. Vi ynskjer å tilretteleggje for ein skule som gir sterke elevar klare til å møte eit moderne og komplisert samfunn. Dagens ungdommar står overfor mange krav og forventningar. Det er tøft å vere ung i dagens Norge. KrF vil la ungdom få vere ungdom og vi vil kjempe mot kommersialisering og seksualisering av barne og ungdomstida. KrF vil vere med å sikre eit godt og variert og rusfritt kulturtilbod. Idrett, song og musikk, band, musikkorps, kulturskule...you name it..Vi har mange gode tilbod som framleis må sikrast og gjerast endå meir tilgjengeleg. Opne idrettshallar, gratis leige for frivillege lag og organsiasjonar som arbeider for at born og ungdom skal ha eit godt fritidstilbod. KrF vil ta tenåringane og ungdommen på alvor " fordi dei fortener det ". Kom gjerne innom på stands laurdag 2.juni i Knarvik Senter då får du ennå meir info om KrF sin UNIKE oppvekstpolitikk.

måndag, mai 28, 2007

Ut på tur - aldri sur

2.pinsedag, fri og deileg vær ute. Klart at då må ein ut på tur...med Maja i bånd ( hunden vår - Cocker Spaniel som elsker å snuse og være ute )I Knarvik der eg bur er vi heldige å ha turterrenget ganske så nær. Det er rekreasjon for kropp og sjel å kome seg ut. Fysisk aktivitet er viktig, og vi må kome oss opp frå godstolen og ut i Guds frie natur. Bebyggelsen i Knarvik er ganske tett. Det vil difor vere viktig å verne det lille grøne som er att i Knarvik. KrF - Lindås vil arbeide for å sikre friområder og nødvendig areal til både leikemiljø og fritidsaktiviteter i nærmiljøet det gjelde seg både i Knarvik og i resten av kommunen vår. KrF - Lindås vil satse på levedyktige og allsidige samfunn i heile kommunen. Ja, det var mitt hjartesukk på denne fine dagen...eg gler meg til neste helg då treff du mange KrF - arar på stands i Knarvik Senter då kan me snakkast meir om dette temaet!

laurdag, mai 26, 2007

Nordhordlandspakken


Eg synes det er kjekt å få pakker. iallefall pakker med eit slikt innhald at ein blir kjempeglad. KrF-Lindås har ei pakke å tilby.
" Nordhordlandspakken ". Ein pakke til alle innbyggjarane i Nordhordland. KrF - Lindås ynskjer for heile regionen at denne må få utvikle seg til ein konkurransedyktig region for både næringsliv og busetnad. For at dette skal lukkast trengs der gode kommunikasjonar. Alle ynskjer vi gode og trygge vegsamband som både reduserer reisetid og transporttid. Eit anna viktig moment for KrF - Lindås er å betra trafikktryggleiken og redusera forurensinga som der er ved køkøyring. KrF - Lindås ynskjer sterkt at Nordhodlandspakka blir realisert. Sjølvsagt skulle vi ynskje at staten gjekk inn og fullfinansierte alle vegprosjekt, og vi vil jobbe inn mot sentrale myndigheter for 100 % statleg finansiering. MEN : samstundes er KrF - Lindås realistiske..Vi vil vere villege til å ta medansvar for denne finansieringa om så er gjennom ei bompengefinansisering. For å få til dette må vi vere samla i heile regionen, for det gjeld alle. Dersom det blir nei til medfinansiering ved bom så kan konsekvensane bli bla :
- regionen blir akterutseilt i konkurransen med andre regionar i Hordaland
- mindre statlege vegmidlar til regionen
- kaos i Knarvik
- ingen betring av vegane på Radøy, Meland osv
- trafikkulykker
Hjelpe og trøste...vi treng betre vegar, og vi har ikkje all verdas tid til å vente...Vi treng å handle og KRF - Lindås står parat til å vere med å realisere Nordhordlansdpakken fordi det er til det beste for oss alle. Eg håpar mange får augene opp for denne pakken, for det er ei gåve til oss alle.Takk til Kaare Gaulen i KrF - Lindås for inspirasjon til å skrive litt om Nordhordlandspakka. Du gjer ein kjempejobb Kaare! GOD HELG!

torsdag, mai 24, 2007

Vitamininnsprøyting

Så er eg nettopp komen heim frå ein tur til Solgården i Spania. Eg er så heldig å ha vore der i ei veke saman med 8 bebuarar frå sjukeheimen der eg arbeider til vanleg. Vi har opplevd mykje, og eg har sett korleis desse menneskene har kost seg, blitt oppløfta og hatt gode dagar. Det har vore ei viatmininnsprøyting. Ei av desse damene som var med på 93 år sa kvar kveld då ho skulle leggje seg : " Dette har vore ein vidunderleg dag ". "Her skulle vi vore alltid "


Livskvalitet, glede, trivsel og gode stunder. Våre eldre trenger det, også dei som er på ein sjukeheim. KrF ynskjer kvalitet i eldreomsorgen. Vi ynskjer meir enn medisin, pleie og omsorg. KrF vil leggje til rette for ein eldreomsorg der også kulturformidling, gode opplevingar, god mat og vidunderlige øyeblikk står i sentrum. Våre eldre trenger at nokon ser dei, gjev dei innhald i kvardagen. Personal med kompetanse trengs i eldreomsorgen.Vi treng fleire hender slik at vi verkeleg kan ha tid til den einskilde og ikkje erstatte menneskeleg kontakt med beroligande medisin og sovemedisin. KrF har fokus på eldreomsorgen, og det vil vi også ha lokalt her i Lindås. Eg skulle ynskje at alle fekk daglege vitamininnsprøytingar på våre sjukeheimar, dagar med gylne øyeblikk og glede i kvardagen.

onsdag, mai 23, 2007

Kjemp for alt hva du har kjært


Våre born og unge har behov for tryggleik, kjærleik og respekt. KrF sitt landsmøte vedtok ein resolusjon om trygg oppvekst. I denne resolusjonen kan ein lese bla : ” Rotfeste gir trygghet og skole og barnehage må fortsatt bygge på den kristne og humanistiske kulturarv.. ”
Dette gjev eg gjerne min tilslutning til. Mange trenger å bli sett og høyrt. Eg meiner borna og dei unge er viktige ressursar, og dei sit inne med mykje kunnskap. Vi må difor våge å høyre på dei, satse på dei og la dei få sleppe til i lokalsamfunnet. Vi foreldre er også ressursar for våre born og unge. Vi og må våge å stå for det vi meiner, vise borna og dei unge tillit og vere til stades for dei. Trygg oppvekst er for KrF eit politisk hovudmål. Det ynskjer vi også i Lindås. I heile kommunen vår ynskjer KrF - Lindås at borna og dei unge skal ha gode oppvekstvilkår, ein god barnehage og skule med vekt på kvalitet. Vidare ynskjer Krf - Lindås eit godt samarbeidsklima mellom skulen og føresatte basert på tillit. KrF set heile familien i fokus og det vil vi gjere også lokalt i Lindås. Vi vil kjempe for borna og dei unge sine oppvekstvilkår. Den kampen er vel verd å ta, for våre born og unge treng oss. Møt oss i Knarvik Senter laurdag 2.juni. Då er vi der på stands for deg! Snakkast.

fredag, mai 11, 2007

Eit fargerikt fellesskap

På arbeidsplassen min har vi eit fargerikt fellesskap. Her er mange ulike nasjonaliteter med ulik bakgrunn. Av og til får eg høyre litt om bakgrunnen for at dei er komne til Norge. Fleire fortel om vonde ting, og der er nok mange sår som sikkert aldri blir lægt. Mange har opplevd grusomme ting gjennom krig, undertrykking og fattigdom. Når eg høyrer desse historiane blir eg fylt av takksemd. Ikkje takksemd over det eg høyrer, men over at eg har fått vakse opp i Norge i tryggleik og fred. Vi klarer ikkje setje oss inn i dei grusomme tinga mange av våre nye landsmenn har opplevd, det er for ubegripeleg for min forstand. Krf - Lindås ynskjer eit varmare samfunn, eit samfunn der folk bryr seg. Hovudelementa i verdigrunnlaget til Krf er det kristne menneskesynet, forvaltaransvaret og nestekjærleiken. Krf ynskjer å ta vare på verdigrunnlaget, og arbeide både globalt og lokalt. Vi må gjere vårt til at kløfta mellom fattig og rik minkar. Kvart einskild menneske er verdifullt uansett kor ein kjem ifrå. Eg synes det er givande å arbeide saman med ulike nasjonaliteter, det er faktisk veldig spanande! Så er eg stolt over å vera med i eit parti som tek menneskeverdet på alvor, og har eit verdigrunnlag i bunnen for alt ein gjer. Det er god politikk! Her eg sit no kjenner eg meg priviligert som kan vere ein del av dette fellesskapet. Eg er rett og slett i god stemning..Ja, så er det jo fredag og helg, og då vert ein jo litt oppstemt og glad. Yes - endeleg helg att...Men til slutt : skulle ikkje du og bli ein del av Krf? Eg håpar verkeleg det!

onsdag, mai 09, 2007

Eldrebølgja


I avisa Nordhordland på leiarplass 9.mai 2007 kan vi lese om eldrebølgja som kjem. Ja, eldrebølgja kjem, og den har forsåvidt vore over oss lenge. Det vi veit er at det går mot ein topp i 2030, og den toppen vil vere formidabel. Ja, det er heilt rett som redaktøren skriv : "Utfordrande eldrebølgje ". Dette vil krevje ei førebuing som snarast må starte. Dei nye eldre har betre økonomi, betre helse og utdanning. Dette gir utfordringar! Framtidas eldre veit kva dei vil, kjem til å setje krav til både kvalitet og kompetanse. Lindås KrF meiner at alle eldre menneske har krav på eit verdig og sjølvstendig liv og å få vera aktivt med i samfunnet.Difor må pleie og omsorgstenestene møte dei eldre med nye metodar! Det vil nok krevje meir kompetanse blant fagpersonalet, og auka tilgang på omsorgsytarane. Eldrebølgja den kjem, og den krev planleggjing. Lindås kommune har no 3 seniorsentre som fungerer godt. Desse må vidareutviklast slik at dei kan møte framtidas eldre. Desse lokale sentre kan bli gode møtepunkt og bidra til livskvalitet og mangfald. Så har vi Lindåstunet. Eit veldrevet tilbod som eit supplement til kommunens omsorgtenester. Skulle ikkje Seniorsentra og Lindåstunet gå i samarbeid? Tenk så spandande det kunne blitt. Frivillege + kommunale tilsette = SANT! Lindås KrF vil kvalitet i eldreomsorgen for her er ennå så mykje ugjort.

søndag, mai 06, 2007

" Heilt Konge "

Eg har tenkt på ein ting: når noko er " heilt konge " så betyr det visst at det er veldig bra. Det er ungdommen som bruker dette uttrykket, og eg synes det er eit veldig bra uttrykk. Skulle ikkje vi andre som ikkje er fullt så unge ta i bruk dette uttrykket? Vi bur i eit godt land. Vi har alt, vi har fridom og fred. Snart skal vi feire 17.mai, takke for fridomen, gå i tog og rope HURRA for Norge. I Lindås har vi det også godt. Kommunen er i sterk vekst, og her skjer mykje positivt. Vi har eit blømande kulturliv, eit mangfald av musikk og kultur på høgt nivå. I det kristne arbeidet skjer det også svært mykje positivt. I dei ulike forsamlingshus og i kyrkjene står frivillege på og lagar gode møteplassar for born, unge og vaksne. Det same skjer i idretten, i musikkorps miljøa og ellers i kulturlivet. Der er mange som står på...og det er bare " heilt konge ". Ja, vi er heldige som får bu i Norge, i Lindås kommune. KrF - Lindås ynskjer eit godt, varmt og inkluderande samfunn, slik at det kan bli " heilt konge ". Bruk hjarta og stem KrF ved haustens val!

Trygg alderdom

Eg er opptatt av ein god eldreomsorg. Det er derfor eg har min daglege jobb nettopp i eldreomsorgen. Det er utfordrande og givande å arbeide med eldre. Det er faktisk veldig spanande. Du får kome nært innpå mennesker som har levd eit langt liv. Dei har så mykje å formidle dersom du tek deg tid til ein prat…I eldreomsorgen er det ennå mykje ugjort, og eg håpar at folk flest vil ha ein god og verdig eldreomsorg både i landet vårt for øvrig, og i Lindås kommune. KrF er eit parti som som lytter til og tar på alvor vanlege folks store og små bekymringar. Eldreomsorg er noko som alle er opptatt av. Eg er glad for at der er tverrpolitisk enighet om det. Vi trenger kvalifisert helsepersonell til å ivareta den enkelte eldre som har behov for hjelp og omsorg. Så må vi auke rekrutteringa og styrke kompetansen for dei som vel å ha sitt arbeid i eldreomsorgen. Ein annan viktig ting som vi i Lindås KrF er opptatt av er å styrke omsorgslønsordninga. Mange gjer ein formidabel innsats for sine pleietrengande, og ikkje minst for desse som tek eit slikt ansvar så må vi få styrka avlastningstilbodet slik at pårørande
kan få pusterom innimellom og ta vare på seg sjølve. Eg hadde ein sjef på Knarvik Sjukeheim då eg i min tid arbeide på legevaktsentralen der. Ho sa ofte og minna oss på at i eldreomsorgen og i møte med det enkelte menneske så skal vi ha " Eit varmt hjarta, eit klokt hovud og flittige hender ". Var ikkje dette godt sagt!

fredag, mai 04, 2007

Trygg oppvekst

Det er Tivoli i bygda! Born og tenåringar samlast for å prøve dei ulike karusellane. Det er ikkje få kroner som blir brukt i løpet av ei tivoli helg.Når mange nok tenåringar samlast er det lett å bli dradd med på ting ein egentleg ikkje vil. Det er trist å sjå at tenåringar heilt ned i 13 årsalderen bruker alkohol. Er det mangel på vaksenkontakt? Kva er det som gjer at så unge tyr til rus ? Har vi eit trygt og godt oppvekstmiljø i Lindås? Korleis står det til her? KrF – Lindås ynskjer å fokusera på trygg oppvekst med gode læringsarenaer, trygge og sunne fritidsaktiviteter med vaksenkontakt og gode forbilder. Vi treng arenaer i bygdene våre, opne
idrettshallar der born og unge kan boltre seg i fysisk aktivitet…Eg har ikkje alle svara på korleis vi kan få dette til, men eg vil gjerne lytte til dei mange frivillege som tek ansvar for borna våre og dei unge. Dei sit på mykje kompetanse og dei gjer ein kjempeinnsats. Eg ynskjer å vere med å utvikle tilbodet som vi har i Lindås kommune. KrF – Lindås vil ta oppvekstvilkåra på alvor, for det er dei mjuke verdiane som skal prege vår politikk.

måndag, april 30, 2007

" Vi skal vinne serien i år "

Eg heie på Brann. Heldigvis er eg ikkje den einaste i huset som gjer det. Heile familien sit klistra til skjermen når Brann spele . På førehand er vi evig optimistar. På søndag fekk eg ein SMS frå den eldste av gutane mine : " Brann knuse Rosenborg på Lerkendal ". Om det bare var så vel…dessverre så gjorde vi ikkje det. Det blei tap, men vi kjem sterkt igjen, for vi skal vinne serien i år. Ja, det skal KrF også. Vi skal vinne valget! Eg er evig optimist på det området også. Det gjenstår å sjå, men vi i Lindås KrF vil det beste for innbyggjarane i kommunen, og vi vil jobbe for heile kommunen uansett kor du bur.Med viktige verdiar i sentrum som det kristne menneskesynet, forvaltaransvaret og nestekjærleiken så har KrF gode forutsetnader for å setja den einskilde brukar av dei kommunale tenestene i fokus slik at dei opplever kvalitet og service i møte med kommunen. Skulle ikkje du og vere med å vinne valget saman med KrF ?

søndag, april 29, 2007

Eit varmare samfunn.

Det går mot val. Valkampen er somme stader alt godt igong. For meg som er heilt fersk i politikken så blir det ein spanande valkamp. Eg gler meg til å koma ut på stands, få møte folket, og få vere ein del av KrF fellesskapet. Her eg sit no så kjenner eg meg motivert, og eg har kjempelyst til å vera med i politikken i Lindås kommune og ikkje minst gjere ein forhåpentleg god jobb for innbyggjarane i kommunen vår.

KrF – Lindås har eit supert partiprogram. Vi har noko for ein kvar. Ein politikk som trygt kan seiast å vera " kvardagspolitikk " som redaktøren i avisa Nordhordland etterlyste i avisa 21.4.2007. For KrF har ein kvardagspoltikk som eg er stolt av å kunne formidle. Lindås Krf ynskjer eit varmare samfunn, med hjartevarme og syn for den einskilde, for den som ikkje har noko pressgruppe i ryggen.

Gjennom kvardagstankar vil eg prøve å setje søkelyset på viktige saker og områder for vanlege folk som meg og deg kjenner oss att i.Med mine kvardagstankar håpar eg å kunne formidle kvardagspolitikk frå Lindås KrF sitt partiprogram slik eg ser det. Eg ser fram til å møte folket på stands gjennom valkampen, kanskje vi får oss ein god prat om både det eine og det andre.

" Eg glede meg… ".

søndag, april 22, 2007

Glade for ny ubåtrunde

Me er glade for at Regjeringa vil ta ei ny vurdering av å heva ubåtvraket utanfor Fedje, seier ein nøgd fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Det er eg og :-)

Les meir