Viser innlegg med etiketten Næringspolitikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Næringspolitikk. Vis alle innlegg

måndag, februar 08, 2010

ARBEIDSPLASSAR

Dette med arbeidsplassar i ein kommune og i ein region er utruleg viktig. For heile den politiske leiinga i Lindås så er det eit satsingsområde dette som går på næringsutvikling, trygge arbeidsplassar, skape nye arbeidsplassar og utvikle gode lokalsamfunn. Etter at Statoil og Sogn og fjordane fylkeskommune inngjekk avtale om å flytte rørlager frå Mongstad base til Florø, så er vi mange som ikkje har gitt håpet om å få til ny aktivitet i Mongstad området. Ca 60 arbeidsplassar går no i 2010 tapt på basen pga flytting av rør, utskiping av rør osv til Florø. No er vi i god dialog med Statoil om å få på plass eit prosjekt som heiter INDUSTRIINKUBATOR på Mongstad. Dette vil generere ny aktivitet og nye arbeidsplassar som vi treng for regionen og kommunen vår. Eg vil verkeleg stå på for å få dette til. Samstundes har vi nettopp tilsett ny samfunnsutviklar / næringssjef for Lindås og Austrheim. Dette er eit viktig satsingsområde, og vi har fått ein god mann på plass i denne viktige strategiske stillinga. Han heiter Hogne Haugsdal og vi ynskjer han hjarteleg velkomen. Med Mongstad som satsingsområde framover så vil vi jobbe for nye arbeidsplassar og forat nye innbyggarar skal kome til oss og ta del i vårt lokalsamfunn. 2010 blir eit viktig år for politisk leiing og ordføraren! EG GLER MEG:)

måndag, september 28, 2009

Familiedag på Hundvin


Søndag var det det igjen tid for den årlege familie dagen på Hundvin med kåringsjå og kjekke aktiviteter. Lindås og Meland sau og geit står som arrangør, og det er eit arrangement med mange flotte aktiviteter. Eg fekk også dette året den store ære å få opne dagen, og det i grønn kjeledress utlånt frå Ann Kristin Tonning. Eg er veldig heldig som får vere med, og talen iår var om SAUEN. Ja, til og med kommunestyret vart utfordra denne gong. Sauesanking!! Kanskje vi skal vere med på det neste år?? Eg synes det var ei stilig utfotdring og blir gjerne med. TAKK for invitasjonen og TAKK for at de lagar slike gode familiedagar der vi kjem i nærkontakt også med dyra. Eg gler meg allerede til neste år:)

onsdag, november 12, 2008

Mongstad er med vidare...

So far so good! Ja, Mongstad alternativet er framleis med og skal utredast vidare forhåpentlegvis. No skal vi ha full trykk fram mot fylkesutvalet. Etter mi meining må Mongstad vere med til topps, og då må alle krefter dra i same retning. Eg er glad for at alle parti i Nordhordland har jobba mot samferdselsutvalet, vi står samla i regionen - alle samla for utvikling og vekst og sikra arbeidsplassar. Ein stor TAKK for arbeidet som Nordhordland handtverk og industrilag har lagt ned i denne saka. Eit tett og godt samarbeid som eg set stor pris på.

fredag, november 07, 2008

Storhavn på Mongstad


Då er forslag til planprogram for ny havn i Bergensområde klart. Det er samferdselsutvalet på fylket som skal vedta planprogrammet, og sakshandsamar fylkesrådmann har innstilt saka slik at Mongstad IKKJE skal vera med. Vi er skuffa og svært overraska over dette. Idag har eg gjeve uttale til fleire aviser og media, og vi har jobba mot politisk i heile dag. Vi gir oss ikkje...og eg håpar fylkespolitikarane no brukar sunn fornuft og tek med Mongstadalternativet vidare. Vi meiner at vi har eit svært godt alternativ,Mongstad på må utredast på same måten som bla CCB i Fjell kommune.Det er merkverdig at fylkesrådmann vil utelate Mongstad, og det er svært alvorleg at han ikkje gjev noko begrunning på kvifor han vil sile ut Mongstad i den vidare planprosess.

Fylgjande er ei uttale frå regionrådet som er sendt idag.

Sak 86/08 Fylkesdelplan for ny godshamn i Bergensområdet – utkast til planprogram.
Samferdselsutvalet – møte 12.11.08.

Styret i Regionrådet Nordhordland IKS er svært overraska over fylkesrådmannen si innstilling
til møte 12. d.m. i Samferdselsutvalet vedkomande utkast til planprogram for ny hamn i
Bergensområdet.

Vi kan ikkje sjå at der er noko grunngjeving for kvifor Mongstad-alternativet no vert sett til
sides og ikkje skal utgreiast nærare.

Regionrådet Nordhordland IKS krev at Samferdselsutvalet tek Mongstad-alternativet med i
den vidare planprosessen, og utgreier dette i samsvar med m.a. fylkesrapporten for hamn
2007 som konkluderer med at Mongstad er eit godt alternativ.

Med helsing
styret i Regionrådet Nordhordland IKS
.

måndag, april 21, 2008

Framtidig storhavn på Mongstad


Mongstad er i verdsklasse og i stor vekst. Mykje skjer i nordre delen av kommunen no, og Mongstad prosjektet til StatoilHydro byrjar å vise att i terrenget. Allikevel er det viktig å sjå langt fram og tenkje langsiktig.Der er då at framtidig storhavn på Mongstad må på teiknebrettet. Fylkeskommunen har akkurat starta opp fylkesdelplan for framtidig storhavn i Bergenområdet. Då SKAL vi på banen fordi vi har det beste området i Hordaland for ei slik stor og internasjonal havn. Alt ligg til rettes på Mongstad, alt frå areal, kai, oljevern, infrastruktur etc..Vi veit vi er i sterk konkurranse med både Bergen, Samnanger, Fusa, Sund og Fjell kommunar, men dog...vi må tenkje framtid og då er Mongstad er min meining det aller beste aøternativ for storhavn. Eg leier no arbeidsgruppa som skal jobbe inn mot fylket nettopp med denne saken. Så skal vi snart igong med revidering av budsjettet og økonomiplanen. Det er også eit svært spanande område. Vi har forventningar om at kommunalministeren i revidert nasjonalbudsjett skal kome opp med nye friske midler til kommunane. Kvifor det ?? Jo fordi 4 av 10 kommunar må kutte i tenestetilbodet deriblant Lindås. Vi har store renteauke, pensjonskostnader, lønskostnader og alt dette står ikkje i stil med inntektene. Vel, dette skal du få høyre meir om når det nærmar seg mai og revidert budsjett. Trygg oppvekst og god alderdom er framleis hovedagenda for KrF og ordføraren. No håpar vi på større handlingsrom...eg er spent...Snakkast.

søndag, februar 24, 2008

MONGSTAD I VERDSKLASSE


Javel, seier dei på sørlandet når dei møtes...idag startar eg og med eit javel! Eg les i lokalavisa at LO leiaren har vitja Mongstad, og det er flott synes eg! Heilt sikkert eit nyttig seminar, men eg måtte møte i kontrollutvalet den dagen så difor fekk eg ikkje til å være med. Då det også var vinterferie i skulane så vil eg tru det var difor at rådmannen vår ikkje hadde høve til¨å møte. MEN : Mongstad er viktig for Lindås kommune, og det som skjer der oppe no er heilt i verdsklassen.Mongstad er faktisk det mest spanande industriområde i heile Europa spør du meg!! Eg fylgjer nøye med og har allerede vore fleire gonger både på StatoilHydro - Monmgstad, og ellers i området. Både eg og fleirtalet ynskjer all industriutvikling velkommen, og vi ynskjer vidare næringsutvikling både i Mongstad området og ellers i kommunen velkommen. Vi vil prøve å leggje til rette for all god næring og industriutvikling i takt med tida. Store ting skjer i nordre delen av kommunen og det er vi sjølvsagt interessert i og klar over. At eg som ordførar i vertskommunen var skuffa den dagen eg gjennom media fekk beskjed om at regjeringen ikkje stilte opp med naudsynt økonomi til å strate CO2 deponering og reinsing frå dag 1 slik det har vore sagt heile tida må ein kunne få lov å seie utan at det skal oppfattast at ein ikkje vil ha industriutvikling på Mongstad. Tvert imot! Eg fylgjer nøye med og det som skjer der oppe med varmekraftverket, testpilotanlegget etc..er svært interssant. Så må vi ikkje gløyme innbyggjararne våre - miljøet er viktig også i vår kommune. Eg reknar med at alt er i rute, og at det blir ei månelanding som Norge kan vere stolte av.

måndag, juni 04, 2007

Shopping

Eg er ei av dei som elsker å gå i butikkar. Eg treng ikkje nødvendigvis kjøpe så mykje, men gå rundt å sjå, fundere, tenkje på om eg kanskje skal kjøpe noko?? Vel, shopping er gøy. I Lindås kommune er vi nå heldige så har fleire shoppingsentra å bruke. Stadig får vi nye tilbod både på Lindås og i Knarvik. I den seinare tid så les vi i lokalavisene at det skal byggjast ut både på nedsida av veien ved Knarvik Senter, og ellers utviding av Knarvik Senter, parkeringshus osv. ja, shoppingsentra må vi ha. MEN, der er eit stort men tenkjer eg. Utan at trafikkproblema i Knarvik blir løyst kan vi ikkje utvide senteret meir verken på oppsida eller nedsida av vegen. Det er eit stort tankekors at trafikkproblemet på ettermiddagstid er så stort at ambulansen frå legevakta ikkje kjem fram. Vår interkommunale legevakt på nedsida av Knarvik Senter ligg sånn til at når trafikken står så kan liv gå tapt. Difor hastar det verkeleg med å få bukt med trafikkproblema i Knarvik. KrF - Lindås ynskjer å leggje til rette for næring og utvikling, men vi vil og vere med å ordne opp i trafikkproblemet. Mitt hjartesukk i dag er at det ikkje blir nye butikkbygg i Knarvik før trafikkproblemet er løyst, dette på tross av at eg elskar å å gå i butikkar! Kva tenkjer du om dette??