onsdag, november 25, 2009

MINNESTUND PÅ EKNESKAIEN


Søndag 22.nov.var det duka for ei fin og verdig minnestund på Ekneskaien. Eknesvågen vener skipa til minnehøgtid etter Ingvald O Eidsheim som den 27.nov.hadde vorte 100 år. Eg er glad forat eg fekk vera med på denne minnestunda, og veldig glad for å få møta familien hans. Eg trur det er viktig at vi aldri gløymer kva som skjedde under 2.verdskrig. Den innsatsen som Eidsheim gjorde under 2.verdskrig er uvurderleg. Med fare for sitt eige liv drog han og dei andre som arbeidde om bord på
" Shetalndsbussane " igjen og igjen ut på farefulle oppdrag over Nordsjøen. Kontakten med det frie England via sjøvegen til Shetland betydde at norske menn og kvinner kunne koma seg unna fengsel, tortur og nokre gonger dødsdom. På søndag fekk vi minnast ein av våre motstandsmenn Ingvald Olsen Eidsheim. Måtte minnet hans alltid forbli levande slik at vi aldri gløymer fridomskampen , kampen for eit fritt Norge.

fredag, november 13, 2009

VANSKELIG BUDSJETTARBEID

Ja, så er hausten her og med den fylgjer det årlege budsjettarbeidet og økonomiplan. Formannskapet har denne hausten hatt eit svært krevjande arbeid og difor blir det og lagt fram for kommunestyret 4 ulike budsjett + rådmannens. Skulesaka vil nok endre på mykje, men det veit vi ikkje før om 14 dagar, og då må nok formannskapet igjen justere sine budsjett. Vi har i kommunen uavklarte inntekter som vi får gjennom eigedomskatt på verk og bruk, og det vil vise seg om kort tid forhåpentlegvis kva desse inntketene blir til sjuande og sist. Investeringar er og viktige i vekst kommunen vår, og difor er det med stor glede at alle parti vil satse på kultur gjennom å byggje " storstove " på Leknes og Lindås kultur og idrettspark. SP, SV, H, KrF og FrP vil og starte prosjekt kyrkje i Knarvik og det er gledeleg:) No vert det spanande fram mot 26.nov og kommunedelplan for skule skal vedtas, deretter blir det budsjett møte på Strilatun 10.desember. Eg håpar på gode løysingar, gode prosjekt og gode vedtak for alle i Lindås kommune. Eg vil ta heile kommunen i bruk og ser verdien av ein god skule, gode oppvekstmiljø og god alderdom.Ha ei strålande helg alle saman.

søndag, november 01, 2009

Kvalitet i kvardagen

I desse tider med pandemisk influensa, kommunedelplan for skule, pleie og omsorgsplan, kulturplan og økonomiplan er det godt å ha litt andre ting å tenkje på innimellom. Det har vore travle tider, men desto viktigare er det å ta vare på kvalitetstid i kvardagen. Denne helga har eg hatt ein flott dag på Framnes kr.vidaregåande skule der vår yngste jente no går. Ein nydeleg dag over Kvamskogen, og ein laurdag med innhald. Denne helga byr også Nordhordland igjen på gode opplevingar. Koret Albatross og Modalskoret har hatt konsertar ilag med Vidar Johnsen tidlegare vokalist i VAMP, og desse har hatt eit flott VAMP korkonsert. Flinke folk, dyktige folk, kreative folk som ynskjer å gje oss gode kvalitets opplevingar i kvardagen. For der er mest kvardagar og dei må vi ta vare på. No går vi inn i ny veke med nye muligheter og det ser eg fram til. Mykje spenning er knytta til kommunedelplan for skule, kva utfallet blir får vi sjå etter politiske drøftingar. No er det søndags kveld, Brann spelar mot Rosenborg, eg heier på BRANN...og flatar ut med litt kvalitetstid på sofaen. GOD SØNDAG:)