tysdag, september 25, 2007

Lindåsavtalen


Så er Lindåsavtalen lansert. KrF, FrP og Høgre har inngått ei politisk plattform for perioden 2007 - 2011. Her mykje god politikk, og vi har hatt eit godt samarbeidsklima.
Eg ser verkeleg fram til å setja viktige saker på dagsorden, og eg ser fram til å vera med å utvikle Lindås kommune. Vi har mykje bra i kommunen vår. Ikkje minst så har vi ein stab med dyktige medarbeidarar som gjer ein flott jobb. Desse må vi ta vare på, og Samarbeidspartia ynskjer å føre ein god arbeidsgjevar politikk.
Eg har dei siste dagane fått utruleg mange gode og positive attendemeldingar. Frå all slags folk,frå ulike partier, unge og eldre. Mange er opptatt av å formidle til meg at dei ser fram til ein ny giv i kommunen. Andre er opptatt av det kvardagslege, at dei blir møtt med serviceinnstilling når dei kontaktar kommunen. Fleire fortel at det er vanskeleg å nå sjukeheimane på telefonen, dei kjem ikkje igjennom. Andre fortel at omstillingsprosessen har gitt positive utslag, og nokre fortel at der er noko som manglar. Samarbeidspartia må nå få ei oversikt over organisasjonen frå A - Å. Vi må bruke ein del tid å setje oss inn dei einskilde tenesteområdene, og eg ser fram til å ta ein tur rundt og bli kjent. Eg meiner eg har god kjennskap til kommunen vår, men no skal eg bli enda betre kjent og det gler eg meg til. Lindåsavtalen vil bli lagt ut på heimesidene til KrF - Lidås og etter kvart på Lindås kommune si heimeside. Fløg med oss, forstyrr oss og ta kontakt. Eg ynskjer å vere ORDFØRAR FOR ALLE, ha ei open dør og låg terskel for kontakt. Velkommen innom!

måndag, september 10, 2007

GODT VAL

Så er dagen her...10.september 2007 - valdagen for kommune og fylkestinget. Har du bestemt kva du vil stemma?? Når det beste frå sosialdemokratiets fokus på fellesskapet og høgresidens tankar om den einskildes fridom, ansvar og muligheter forankres i eit kristent verdigrunnlag, så får du mitt parti som KRF.
KrF er unikt og designa for mennesker som legg stor vekt på ikkje-materielle verdier ( i motsetning til sosialisme og liberalisme)
Vi vil skape eit varmere samfunn i Lindås kommune og vil representera ein tredje veg også i lokalpolitikken

· KrF løfter fram mennesket som unikt og verdifullt uavhengig av ytre omstendigheter. Alle har samme verdi.

· KrF tar heile mennesket på alvor og lar det gjenspeile seg i politikken for barn, ungdommer og voksne. Nestekjærleiken skal prege forholdet mennesker i mellom.

· KrF har eit verdigrunnlag som er forankra i noko anna enn skiftende menneskelege ideer og filosofier. Dette verdigrunnlaget utfordrer oss til i bidra til ein rettferdig fordeling av verdas resurser.

· KrF har praktiske, truverdige løysingar

KrF - Lindås sine lokalpolitikarar vil vere folkevalgte for deg, og vi vil lytte til dine synspunkt og ta dei med i vurderingane når saker skal avgjerast. Vi kan ikkje love at det alltid blir slik ein ynskjer, då vi må sjå heile kommunen under eitt og vere med til ei fordeling av ressursane som er rettferdig. Ha eit godt val og hugs det kjem dagar etter valet også, så forstyrr oss gjerne med dine synspunkt.

fredag, september 07, 2007

Siste innspurt med eldreomsorg i sentrum!


Eldreomsorg er meir enn ein sjukeheimsplass.
Mennesket er unikt og har uendeleg verdi heilt uavhengig av ytre omstendigheter.
Alderdommen er ein naturleg og viktig del av livet. Den må difor gis innhald og meining utifrå den einskilde sine ynskjer og behov.
KrF ser det som ei høgt prioritert oppgåve at eldres ulike behov lengst mogleg blir fulgt opp i dei lokalmiljøa der den einskilde kjenner seg heime.

Eldre utgjer ein aukande andel av befolkningen.
Den veksande gruppe med eldre har sine særlege behov og sin sjølvsagte rett til å ha taleføre representantar innanfor alle områder.
Eldrerådet spelar ei sentral rolle i all eldrepolitikk i kommunane. Dei har til oppgåve å overvåke dei eldre sine tilbod og behov. KrF vil vere med å støtte dette viktige arbeidet som eldreråda driv i kommunane.
Satsingsområder :
Dei økonomiske rammene for eldreomsorgen må vere av ein slik art at pleietilbodet vert bygd ut etter brukarens behov.
I Nordhordland har vi behov for ulike butilbod for dei eldre. Vi manglar bufellesskap der dei som treng hjelp og omsorg kan bu og fungera, men som ikkje nødvendigvis treng ein sjukheimsplass. I desse bufellesskapa kan ein ha små leiligheter og ein må ha fellesareal slik at ein kan søkje sosial kontakt med andre. Bufellesskapa bør vere bemanna .
Fleire desentraliserte omsorgsbustader og seniorbustader / eldrebustader manglar også i vår region.
Dagtilbod og velfungerande eldresentre / seniorsentre er eit satsingsområde for KrF. Gruppa av eldre treng og set pris på å koma i saman til hygge og sosial kontakt. Dette er også eit viktig førebyggjande arbeid.

Nok sjukeheimsplassar med kvalifisert personal vil vere viktig framover.Det same vil innhaldet i eldreomsorgen vere. For eldreomsorg er meir enn ein sjukeheimsplass. Kvardagen på ein sjukeheim er meir enn pleie og stell. Dei eldre treng kulturopplevingar, aktivitet, og FRISK LUFT. Kor mange av bebuarane på sjukeheimane får kome ut i frisk luft ? Kor mange har muligheten til å få seg ein tur til butikken, eller på ei Gudsteneste eller få vere tilstades i det laget eller organisajonen ein har arbeida i heile sitt liv?? Eldreomsorgen i Nordhordland treng fleire hender. Eldreomsorgen treng aktivitørar, miljø og kulturarbeidarar. Langsiktig planlegging og reelle mål må setjast for eldreomsorgen dersom kommunane i Nordhordland skal kunne dekkje dei mange behov som vil kome i åra framover. KrF vil setje dette tema på dagsorden og vere ein pådrivar for å utvikle eldreomsorgen i framtidas Nordhordland.
Vidare er KrF er opptatt av er å styrke omsorgslønsordninga. Mange pårørande gjer ein formidabel innsats for sine pleietrengande . Minst like viktig er det å få styrkje avlastningstilbodet slik at pårørande kan få eit pusterom innimellom og ta vare på seg sjølve. På den måten kan brukaren bu lengre i heimen når ein er i den situasjon at ein treng pleie og omsorg gjennom heile døgnet.
Kvalitet:
God kvalitet i eldreomsorgen handlar om å møte den einskilde brukar sine behov, setje av nok ressurser og sikre ei bemanning som gir helsearbeidaren tilstrekkeleg tid til kvart menneske. Mange helsearbeidarar fortel om hektiske arbeidsdagar med begrensa tid. Dei opplever ofte å kome i tidsklemma. Dei eldre om ein bur heime eller på institusjon / omsorgsbustad skal få leve så normalt som mogleg. Brukarane må få vere heile mennesker og ta med seg sine vaner og uvaner inn i institusjonen / omsorgsbustaden.

Eldre mennesker skal få leve gode liv.