måndag, oktober 05, 2009

Nok ei rik helg på kultur

Denne helga var igjen ei god helg. Jammen skjer det mykje positivt i kommunen på kulturfronten. Heldige meg fekk denne helga vere med på konsert på Hundvin med Skodvin skulemusikk og EikangerBjørsvik Musikklag. Ein flott konsert, og ei stor bragd for Skodvin. Etter ein kort haust hadde dei allerede eit rikhaldig program og med ny dirigent! Henning Anundsen har no overtatt etter Knut Harald Rydland som har vore dirigent i mange mange år. EBML hadde og eit flott og feiande program der latinamerikanske rytmar engasjerte meg:) Fellesnummer og kaffi og kaker i pausen - fantastisk. Dette var altså fredag, og laurdag var eg på vårt STRILAMUSEUM der det var bokslepp av MIMRA. Eg fekk halde kåseri om min teknologiske soge..kjekt. Mykje folk var samla i regnværet, og det blei ei super markering av boksleppet. Så løp og kjøp MIMRA 09 - mange gode historier frå kommunen vår.

Ingen kommentarer: