fredag, februar 01, 2008

Martha 105 år


Igår 31.1.2008 hadde eg den store glede og ære av å ynskje Martha til lukke med 105 år. martha bur på Knarvik sjukeheim og er den eldste i Nordhordland. Eg føler eg kjenner martha litt frå mitt tidlegare arbeid på Knarvik Sjukeheim, og difor var det ekstra stort for meg å få helse ho frå Lindås kommune på den store dagen. På sjukeheimen igår var der sjølvsagt fleire bebuarar som ville helse på martha, og då fekk eg og helse på dei. Ein av bebuarane sa med stor frimodighet : eg er så takknemleg for å bu her, her er det godt å vera! Det varma meg å høyre slike ord. Ja, personalet på sjukeheimane gjer ein formidabel innsats - ikkje berre med pleie, men også måten dei ordnar til på. Igår på post 2 var der nydeleg dekka til med blomar og kake, og flagget midt på bordet. Så følte vi oss så velkomne både eg og journalistane som var der. Å drikke kaffi ilag med Martha var eit stort øyeblikk for meg...eit menneske som har levd så lenge..tenk på alt ho har opplevd og sett i samfunnet. Tenk på utviklinga...på alle dei " nye " tidene ho har sett veksa fram. Heilt utruleg. Eg håpar Martha får gode dagar på sjukeheimen og ynskjer ho alle våre bebuarar i Lindås kommune alt vel.

torsdag, januar 24, 2008

Veg parsellen Espeland - Herlan opna

Så er endeleg vegen Espeland - Herland opna. Det skjedde 22.janaur med Knarvik Skulekorps i spissen, og mange fine talar og ord. Ein gledesdag for Lindås kommune og for heile regionen. Berg og dalbanepartiet er borte til savn for nokre, men til stor glede for dei vaksne! veganlegget framstår som fint og framtidsretta med ein trygg parsell. Så må eg få nevna at den fine natursteinen vi ser ved anlegget kjem ifrå min heimstadkommune KARMØY. Det blei sagt i helsinga på Alver Hotel etter opninga at ordføraren i Lindås har tatt med seg ein stein kvar gong ho har vore heime!! Så gale er det ikkje, men steinen er fin den, og det er eit godt arbeid - rett og slett nydeleg. Trygge vegar er viktige for regionen, og med den auka trafikken vi har på denne strekninga nordover mot Mongstad, så var det endeleg på tide at vegen beli rett og brei! No skal eg sjølv køyre nyevegen for 2.gong idag. Eg skal til Mongstad - til Statoil Hydro og halde eit foredrag om kommunens beredskap. Spanande og viktig tema! Eg gler meg...

fredag, januar 18, 2008

Framover


Eit godt stykke inn i det nye året, og full fart framover. Vi har hatt kommunestyremøte idag. Eit godt og konstruktivt møte med gode innlegg og sakleg debatt. Det er eit privilegium å få vere ordførar. Med KrF i ryggen og eit flott gruppe i fleirtalet Høgre, FrP og KrF så har vi mange utfordringar og oppgaver å ta fatt i. Å styre ein kommune er ikkje enkelt, men eg har tru på at vi skal få utrette mange ting til det beste for innbyggjarane.
Idag vedtok kommunestyret med 20 av 30 representantar " Nye Nordhordlandspakken ". Eg er svært tilfreds med at Lindås gjorde dette vedtaket, eit rett og rikitg vedtak spør du meg. Samferdsle og gode vegar er viktig for heile regionen. No håpar eg at alle kommunane her i nord gjer same vedtak slik at pakken går vidare heilt til Stortinget.
Så har fleirtalet i kommunestyre idag gjort vedtak på å redusere kuttet til kulturskulen. Kulturskulen må som alle andre einingar ta sin del av reduseringane i ei vanskeleg økonomisk tid for kommunen. Idag tilbakeførte med 150.000 til kulturskulen med det vedtak at Lindås skulekorps vert drifta med dirigent ut skuleåret, og at resterande blei fordelt der kuttet rammar hardast. Så kjem kulturskuledebatten opp for fullt i vinter og vår. Kven har vi kulturskule for, og kor omfattande skal vi ha den. Ein viktig debatt å ta.
Eg gler meg til imorgon ! Ikkje fordi det er fredag og helg, men fordi eg skal ut på besøk til ein brukar av kommunens tenester, få kome heim til han og sjå korleis han har det, samt vitje ein arbeidsplass! God natt!!