fredag, januar 18, 2008

Framover


Eit godt stykke inn i det nye året, og full fart framover. Vi har hatt kommunestyremøte idag. Eit godt og konstruktivt møte med gode innlegg og sakleg debatt. Det er eit privilegium å få vere ordførar. Med KrF i ryggen og eit flott gruppe i fleirtalet Høgre, FrP og KrF så har vi mange utfordringar og oppgaver å ta fatt i. Å styre ein kommune er ikkje enkelt, men eg har tru på at vi skal få utrette mange ting til det beste for innbyggjarane.
Idag vedtok kommunestyret med 20 av 30 representantar " Nye Nordhordlandspakken ". Eg er svært tilfreds med at Lindås gjorde dette vedtaket, eit rett og rikitg vedtak spør du meg. Samferdsle og gode vegar er viktig for heile regionen. No håpar eg at alle kommunane her i nord gjer same vedtak slik at pakken går vidare heilt til Stortinget.
Så har fleirtalet i kommunestyre idag gjort vedtak på å redusere kuttet til kulturskulen. Kulturskulen må som alle andre einingar ta sin del av reduseringane i ei vanskeleg økonomisk tid for kommunen. Idag tilbakeførte med 150.000 til kulturskulen med det vedtak at Lindås skulekorps vert drifta med dirigent ut skuleåret, og at resterande blei fordelt der kuttet rammar hardast. Så kjem kulturskuledebatten opp for fullt i vinter og vår. Kven har vi kulturskule for, og kor omfattande skal vi ha den. Ein viktig debatt å ta.
Eg gler meg til imorgon ! Ikkje fordi det er fredag og helg, men fordi eg skal ut på besøk til ein brukar av kommunens tenester, få kome heim til han og sjå korleis han har det, samt vitje ein arbeidsplass! God natt!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Astrid! Kjekt å fylgja deg og jobben din som ordførar. Mange fine oppslag i lokalavisene i det siste. Kuttet i kulturskulen var nok ikkje godt korkje for dykk eller dei som vart ramma. fint at de tek tak att i det.Lukke til!
Kari