onsdag, mai 14, 2008

Sikker straumforsyning men i KABEL!


Det er snart midnatt og det har vore ein lang og hektisk ordførardag! Dagen idag har vore særdeles spanande, utfordrande og ikkje minst engasjerande. Dagen idag har gått til kraftlinjesaka Mongstad - Kollsnes, og eg har vore i møte med både NVE (Norges vassdrags og energidirektorat )og deltatt på FOLKEMØTE på Radøy. Møtene idag har vore i fellesskap med Radøy, Austhreim, Lindås og Øygarden. Ikkje minst vil eg nevne FOLKEMØTET: Stort engasjement, masse folk, og konstruktive innlegg. Budskapet frå Nordhordland er klinkande klart : straum skal alle få, men det i jord / sjøkabel.Forrige veke hadde eg møte med alle grunneigarane i Lindås som er berørte av desse kraftlinjene. Ein utruleg flott gjeng som var djupt bekymra for framtida, landskapet og sitt bumiljø. Dei 4 kommunane står altså samla og vil koma med høyringsuttale til NVE med eitt bodskap : Nordhordland har eit sårbart kystlandskap, industrien har krevd mykje av lokalbefolkninga i Hope / Kjeilen området og det er allerede betalt ein høg pris for det. No er vår tur komen til å få noko att! Straumen skal i kabel...og vi vil gjere alt som står i vår makt å det til. Her står vi samla tverrpolitisk i heile regionen vår. Vel, de skal få fylgje med i utviklinga på denne fronten, no sender vi inn uttale til høyring, så blir det til hausten ei synfaring med NVE på dei berørte områdene.. Saka er viktig og vi legg breisida til! GOD NATT!

torsdag, april 24, 2008

Nordhordlandspakken vedtatt i fylkestinget


HURRA!! Nye Nordhordlandspakken er vedtatt i fylkestinget idag. Dette er svært gledeleg, og no må vi ha full fokus på sentrale myndigheiter slik at dei og får augene opp for denne saka. Pakken må inn i Nasjonal Transportplan ( NTP )og dit er det beklagelegvis ein lang veg å gå. Men eg er optimist, og vil jobbe for at Lindås og Nordhordland får trygge og gode vegar og infrastruktur.Om nødvendig tek eg gjerne ein tur på Stortinget nettopp for å tale Lindås og regionen si sak! Så no brettar eg opp ermene og jobbar for samferdsel! Synspunkter ?? Skriv gjerne ein kommentar.

måndag, april 21, 2008

Framtidig storhavn på Mongstad


Mongstad er i verdsklasse og i stor vekst. Mykje skjer i nordre delen av kommunen no, og Mongstad prosjektet til StatoilHydro byrjar å vise att i terrenget. Allikevel er det viktig å sjå langt fram og tenkje langsiktig.Der er då at framtidig storhavn på Mongstad må på teiknebrettet. Fylkeskommunen har akkurat starta opp fylkesdelplan for framtidig storhavn i Bergenområdet. Då SKAL vi på banen fordi vi har det beste området i Hordaland for ei slik stor og internasjonal havn. Alt ligg til rettes på Mongstad, alt frå areal, kai, oljevern, infrastruktur etc..Vi veit vi er i sterk konkurranse med både Bergen, Samnanger, Fusa, Sund og Fjell kommunar, men dog...vi må tenkje framtid og då er Mongstad er min meining det aller beste aøternativ for storhavn. Eg leier no arbeidsgruppa som skal jobbe inn mot fylket nettopp med denne saken. Så skal vi snart igong med revidering av budsjettet og økonomiplanen. Det er også eit svært spanande område. Vi har forventningar om at kommunalministeren i revidert nasjonalbudsjett skal kome opp med nye friske midler til kommunane. Kvifor det ?? Jo fordi 4 av 10 kommunar må kutte i tenestetilbodet deriblant Lindås. Vi har store renteauke, pensjonskostnader, lønskostnader og alt dette står ikkje i stil med inntektene. Vel, dette skal du få høyre meir om når det nærmar seg mai og revidert budsjett. Trygg oppvekst og god alderdom er framleis hovedagenda for KrF og ordføraren. No håpar vi på større handlingsrom...eg er spent...Snakkast.