onsdag, august 20, 2008

HUMØRKONFERANSE I HUMØRBYGDA


Endeleg...det er snart fredag 22.august 2008 og duka for den fyrste humørkonferansen i den spreke Humørbygda Hjelmås. Humørsjefen sjølv - Lars Hagesæter og konferanseansvarleg Inger Helen Midtgård ynskjer vel møtt til konferanse. Eg har gleda meg i heile sommar til denne dagen, og er så priviligert at eg skal få opne konferansen. Eg trur denne dagen vil vera ei inspirasjonskjelde av dei store, og det vil vere nyttig både for ansatte i kommunane og politikararane å få med seg denne dagen. Eg er fylt av respekt for det enorme arbeidet som ligg bak i Humørbygda - alle dei frivillege som bruker av si tid..fantastisk - vi er heldige i Lindås kommune. Lukke til med konferansen Humørbygda - eg er stolt og glad for å vera ein aldri så liten del av det!

tysdag, juli 29, 2008

LAD OPP BATTERIA


Sol, sommar og varme. Kan ein ha det betre?? Så heldige vi er å få bu i eit nydeleg og trygt land, ein god kommune og ikkje minst kjenne på felleskap og glede over å vera til! Eg har hatt nokre dagar med avslapping og har verkeleg fått lada batteria! Hausten er her snart med nye moglegheiter, utfordringar og spanande møter så det gjer godt å få påfyll av solstråler! Ja, så må eg berre nevne HUMØRBYGDA HJELMÅS. Dei er berre heilt utrulege der inne. No skal dei arrangere HUMØRKONFERANSE med vektleggjing av bruk av humor i omstillingar. Eg ser verkeleg fram til den konferansen, og det er eit privilegium å få lov å ynskje velkomen. Så 22.august skjer det altså i HUMØRBYGDA og eg håpar mange frå mange kommunar har høve å vera med. Humor er viktige ingrediensar i arbeidslivet og i politikken, så dette seminaret trur eg kan vere ei slik vitamininnsprøyting der ein får lada batteria og ta til med ny giv! Meir om konferansen blir det å lese her etter kvart! GOD SOMMAR FORTSATT!

måndag, juni 30, 2008

D/S OSTER 100 ÅR


" Dar kjem dampen, gamle Dampen, ta på deg treskorna og spring.." Ja, vi kjenner alle denne songen. Eg var på 100 års jubileum for D/S Oster på laurdag. I strålande vær fekk vi stå på Shetlands Larsens brygge i Bergen og helsa gamle Dampen velkomen til jubileumsfeiring. Ein flott dag med ei flott ramme. Glade mennesker, fine talar og pengedryss. Det var eit stort øyeblikk for meg å stå på podiet og helsa D/S Oster med talen min. Eg fekk også¨knyte eit par songvers innimellom frå Dar kjem Dampen som eg song. Det var utruleg kjekt. Saman med vener av Nordhordland Veteranbåtlag så fekk vi alle ein nydeleg dag i Bergen med Dampen som heidersgjest. TAKK til dykk alle som gjorde det mogleg å resturera båten, der ligg tusenvis av dugnadstimar bak det prosjektet. Ein formidabel innsats er gjort for å berga denne kulturskatten som D/S Oster er. Eg ynskjer lukke til vidare...og takk forat eg fekk vera med på jubileums markeringa.