Astrid Aarhus Byrknes deler sine tankar om kvardagspolitikk.
Trygg oppvekst og Bedre alderdom er viktige saker.
tysdag, september 02, 2008
Kor skal kyrkja i Knarvik plasserast??
Samarbeidspartia KrF, H og FrP har i si politiske plattform eit punkt som heiter kyrkje i Knarvik. Over investeringsbudsjettet som vart samrøystes vedatt i desember 07 har endeleg kyrkja fått sin post på budsjettet, og etter mange års venting skal no kyrkja realiserast. Då er spørsmålet : kor skal den stå?? Tomtespørsmålet skal avgjerast og det snarast. Mange har ulike meiningar om plasseringa av kyrkja, men no må vi få fart på denne avklaringa. Eg ynskjer saman med mine samarbeidspartar i Høgre og FrP å invitere til ope møte om kyrkjeplasseringa, og eg inviterer herved til å kome med kommentarer på bloggen om dette temaet. Skal kyrkja stå på Knarvikhøgda eller ovenfor senteret - på pynten ved Nordhordlandshallen ?? Dette er to gode alternativ som begge i kommunedelplanen er off.areal - nettopp til denne bruken. Velkommen til ope møte - eg skal annonsera det i lokalavisene så fylg med !!
KONGESØLV TIL EINAR
Søndag 31.august var ein stor dag for meg, for Lindås kommune og ikkje minst for Einar. Einar Helland - lokalpolitikar, samfunnsengasjert, frivilleg, skulemann og opptatt av einskildmennesket blei dekorert med H.M.Kongens fortenestemedalje i sølv. Heile bygda Stranda hadde laga til stor fest og markerte dekoreringa på ein flott måte. Ja, og så eg då..eg hadde den store ære og glede over å få tildele Einar som verkeleg er ein " einar " denne medaljen. Å - eg er så heldig og så priviligert...TAKK til Einar for alt han har gjort og gjer for bygda, for kommunen og for heile Nordhordland. Eg set stor pris på deg, og ynskjer alt godt for dagane som kjem. Eg gler meg til å sjå museet ditt som du no lagar til i kjellaren din heime på Stranda. TAKK til bygdelaget som gjorde det mogleg at Einar fekk denne utmerkinga. TAKK for ein flott fest. De er så flinke. Så er det blitt kvardag igjen og nye utfordringar ventar meg. No er det full politisk trykk på arbeidet med å få STORHAVN til MONGSTAD. Her skal eg stå på barrikadane vi treng å tenkje langsiktig og tryggja arbeidsplassar og utvikling i kommunen og regionen for lang tid framover..De skal få høyre meir om den saka etter kvart.
onsdag, august 20, 2008
HUMØRKONFERANSE I HUMØRBYGDA
Endeleg...det er snart fredag 22.august 2008 og duka for den fyrste humørkonferansen i den spreke Humørbygda Hjelmås. Humørsjefen sjølv - Lars Hagesæter og konferanseansvarleg Inger Helen Midtgård ynskjer vel møtt til konferanse. Eg har gleda meg i heile sommar til denne dagen, og er så priviligert at eg skal få opne konferansen. Eg trur denne dagen vil vera ei inspirasjonskjelde av dei store, og det vil vere nyttig både for ansatte i kommunane og politikararane å få med seg denne dagen. Eg er fylt av respekt for det enorme arbeidet som ligg bak i Humørbygda - alle dei frivillege som bruker av si tid..fantastisk - vi er heldige i Lindås kommune. Lukke til med konferansen Humørbygda - eg er stolt og glad for å vera ein aldri så liten del av det!
Abonner på:
Innlegg (Atom)