onsdag, januar 14, 2009

Oppstart av kommunedelplan for Mongstad


Så er vi igong...oppstartsmøte for planen blir eit OPE FOLKEMØTE på Haugatun onsdag 28.januar kl. 18.00. MØT OPP, sei di meining, kom med innspel..eg vil vera tilstades og ta med meg alle innspel som kjem. Planen er viktig ikkje berre for Lindås men for heile Hordaland! Vi vil ha ein open og god prosess og bruke naudsynt tid til planarbeidet slik at vi får alt med oss! VEL MØTT!

laurdag, januar 10, 2009

Krigen mellom Hamas og Israel er ein tragedie

Der er mange tårer..der er stor naud og liding. Både på Gaza og i Israel vert det i desse dagar felt tårer. Tårer for ei mor, ein far, ei søster eller ein bror. Israelsfolket lid og palestinarar lid. Lidingane er store på begge sider. " Nok er nok " sa den israeliske utanriksminister. ja, Israel kunne ikkje sitje lengre å sjå på at HAMAS fyrte av rakett på rakett mot Israel. HAMAS som har eit einaste mål : å utslette Israel. Ja, Israel må kunne forsvare seg. Allikevel krigen er ein stor tragedie. Partileiar Dagfinn Høybråten sa fylgjande om konflikten : " KrF har alltid vært venner av Israel, men vi har aldri stilt oss ukritisk til Israels politikk eller bruk av militærmakt. Vi har en plikt til å si i fra når gode venner er på feil kurs.
Stilt overfor Hamas’ vedvarende rakettangrep mot sivile mål har Israel en rett til å forsvare seg. Mottiltakene må imidlertid være forholdsmessige, ikke minst for å skåne sivilbefolkningen. Våpenmakt kan aldri skape fred. Ingen må tro at militære midler løser selve konflikten. Den kan bare løses politisk – på grunnlag av en forpliktende fredsavtale.
KrF vil arbeide for at Israels skal sikres rett til å leve i fred innenfor trygge og anerkjente grenser og anerkjenner samtidig palestinernes rett til selvstyre på eget territorium. For oss smerter israelernes og palestinernes lidelser like mye. Nå må vi skape menneskeverd ved å trappe opp den humanitære innsatsen og styrke fredsarbeidet ". Eg stiller meg bak desse orda. No må vi be om fred. Mange lidingar på begge sider.Direktør i det kristne TV selskapet SAT 7 seier bla : Krigen som nå pågår er spesielt tragisk for barna. Mer enn halvparten av befolkningen på Gazastripen er under 17 år. De har ingen steder å gjemme seg, annet enn hos Gud.Mi helgehelsing idag vil vere barnesongen Jeg folder mine hender små..Les den, ta den til deg, og la oss håpe på fred - på varig fred og fordragelighet. Israel er våre vener, lat oss hugse på dei, men og på alle dei uskuldige barn og vaksne som må lida og som døyr både på Gaza og i Israel.
Jeg folder mine hender små i takk og bønn til deg
La alle barn i verden få det like godt som jeg

Vern alle med din sterke hånd mot fattigdom og død
Og hjelp små barn i alle land så ingen lider nød

La ingen krig og sult og sott få gjøre oss fortred
La alle leve trygt og godt i frihet og i fred

torsdag, januar 08, 2009

Framtidas pleie og omsorgstenester

GODT NYTTÅR. Så er vi nokre dagar inne i det nye året. Nytt år, nye utfordringar og moglegheiter. Nytt år med fokus på gode levevilkår i Lindås kommune. Viktige planar står i kø for å bli handsama, og pleie og omsorgsplanen er ein slik plan. Ikveld var det høyringsmøte om planen på Lindås. Ein god del bygdefolk hadde funne vegen til møtet på ungdomskulen. Ein flokk med entusiastiske mennesker som brenn for bygda si, som brenn for eldreomsorgen og som kom med svært gode og viktige spørsmål omkring pleie og omsorgsplanen. TAKK skal de ha. Viktige innspel til planen, og det gler meg at så mange er opptatt av eldreomsorgen i kommunen. Lindås bu og servicesenter er ein av 3 sjukeheimar vi har i kommunen og utgjer idag ein god og viktig institusjon. Eg forstår godt at innbyggjrarane på Lindås ynskjer at denne sjukeheimen fortsatt skal vere sjukeheim. Når vi no skal handsama planen politisk vil det vere viktig å tenkje heilhet, framtid, kompetanse og ikkje minst ha den einskilde eldre i fokus. Så må ein spørje seg sjølv : korleis vil eg ha det når eg treng hjelp?? Korleis vil eg ha det dersom det gjeld mine nære eldre? Kva behov har vi?? Kan vi ha både sjukeheimsplassar og omsorgsbustader med heildøgns omsorg på same plass? Er det mogleg å kombinere dette? Kva med omsorg ved livets slutt? Det er eit tema som og må omtalast i planen. Ikkje berre omtalast, men vi må få på plass eit slikt tilbod. Kunne vi fått det til på Lindås? Demensomsorga - kompetansesenter for demens er viktig for framtida. Kvar skal vi byggje dette opp? Eg har mange spørsmål til planen og dette skal vi verkeleg gå inn i. Det er ein framtidsretta plan vi skal ha som er god for brukaren og pårørande samt dei som skal jobbe i eldreomsorgen. No er planen på høyring før den skal politisk handsamast og ingenting er enno avgjort eller bestemt. Eg vil rette ein stor TAKK til Lindås bygda som igjen viser engasjement og vilje til å stå på for det dei har tru for, som stiller opp på fritida og kjem med gode innspel til det beste for dei eldre. TAKK for eit flott møte, og eg skal ta med meg desse signala som kom ikveld. Kva utfallet blir - korleis planen til slutt blir vil ikkje eg spå noko om, men at vi politisk skal gjere ein grundig jobb med planen det kan eg love.