onsdag, mai 19, 2010

GLADE MAIDAGAR

Mai månad er ein nydeleg månad. Ikkje berre har vi mange fridagar til disposisjon, men vi ser korleis naturen kviknar til med eit fargespekter som varslar håp og nye dagar! Mai månad er og månaden med nasjonaldagen vår som betyr så mykje for oss. Eg hadde ein herleg 17.mai der eg fekk kome innom heile 3 ulike bygder i Lindås kommune. Dagen min starta i Alversund med Gudsteneste i ei stappfull kyrkje. Her var pianist Rune Alver og vi fekk høyre Grieg og Halvorsen - nasjonal musikk - norsk på alle måtar. FANTASTISK. Stor takk til Rune forat han var med å løfta Gudstenensta musikalsk. Barnekoret Sing Singeling var også med. Ein herleg flokk med songglade barn som gav av seg sjølv under dyktig leiing av Therese H.Aakre. TAKK til koret og dirigenten for de som de gav oss alle, ei stor oppleving. Så var det 17.mai tog og tale før eg køyrde vidare til Leknes. Også der eit flott program med barnekor, Mannskoret og Blåseorkesteret, kjekke folk altså ei god stund. Siste stopp på taleferden min 17.mai var på Stranda. God mat og godt selskap. Ein nydeleg stad og ei fin stund med god song, musikalsk tonefylgje frå Trond Fykse og med ein dyktig konfransier i Sveinung Toft. TAKK forat eg fekk vera med på dette. Mai er også månaden for revidering av budsjettet og starten på neste års budsjett gjennom økonomiseminaret til formannskapet. Krevjande, men veldig interessant og viktig arbeid. Kva skal prioriterast? Kva oppgaver og tenester skal det satsast meir på? Vi har ein stor jobb foran oss. Med lyse og gode maidagar så hjelper det oss å halde humøret oppe...folkens : det går mot sommar. Ha ei fin maitid:)

torsdag, april 22, 2010

SPRINGBRETTBUSTADER

Så er det idag duka for eit nytt kommunestyremøte i Lindås. Mange viktige saker som politikarane skal gjera vedtak på. Kva betyr desse vedtaka for innbyggarane? Eg må alltis spør meg sjølv foran alle saker : kva konsekvenser har vedtaket vi vil gjera for den enkelte, for ei gruppe for alle?? Eg trur det er viktig at ein må sjå heilskapen i alt vi driv på med. I dag skal vi ha opp ein stor og viktig reguleringsplan for Knarvik aust. Her ynskjer vi heilskap og gode og trygge bumiljø. Det snakkes om einebustader, rekkehus, tomanns bustader etc..så må vi IKKJE gløyme springbrettbustader. Dette er noko av det viktigaste å få på plass. Unge og einslege, dei som strevar å kome seg inn på den ordinære bustad marknaden, dei og har rett på å kunne busetje seg i eigen bustad, også i Knarvik. Difor er springbrettkonseptet veldig bra for desse gruppene. Eg håpar kommuenstyre idag kan få dette på plass endeleg, slik at vi fortast mogleg kan kome igong med dette prosjektet som Lindås tomteselskap no legg til rette. Mange ventar på desse bustadane og det vil gje livskvalitet i kvardagen å få dette på plass. Eg ser fram til debatten og til eit godt møte med gode vedtak:)

laurdag, mars 27, 2010

VEKST OG UTVIKLING

For ei vek, for ein giv! Jammen skjer det mykje positivt i kommunen vår. Stadig vekst og utvikling gjev nye utfordringar, men kjekke utfordringar og viktige sådan. Innbyggjartalet veks, der er bedrifter som ynskjer å etablera seg i kommunen noko som gir nye arbeidsplassar og igjen giv og vekst. mange vedtak i kommunestyret har den siste tida blitt realisert og det er bra. På fredag var det reopning av terapibassenget på Læringsenteret, eit viktig tiltak som har kosta vel 5 mill.å gjennomføra. No framstår bassenget som eit lekkert basseng, innbydande for liten og stor og som eg veit vil bety svært mykje for dei gruppene som treng trening i varmt vatn, livgjevande trening. Ny ungdomsklubb på Eknes i Ostereidet skulekrins blei opna frdags kveld med snorklipping og bad taste party! Ordføraren og kultursjefen kom oppdressa i bad taste style, og med sjokoladekake og jubel så blei klubben " ENTRY " opna. Det er viktig i ein vekstkommune å ha gode aktivitetstilbod til born og unge. Vi er gode på kultur i Lindås, på kor, på korps, på idrett, men vi skal og hugse dei som ikkje er med i organsiert aktivitet. Difor er det eit satsingsområde for oss å få gode tilbod ut i distrikta. No har vi fritidsklubb i Alversund og Ostereidet, og neste blir på Lindås. Dette vert no jobba aktivt med, så eg håpar at det blir snarleg opning for ein framtidsretta og god klubb også på Lindås. Dei mange som fekk sitt fagbrev forrige fredag viser også at ungdom og kompetanse er med og bidrar til denne utviklinga. Utan kompetanse stopper mykje opp, så eg vil og nytte høve å GRATULERE dei nye fagarbeidarane vi har fått i Lindås og heile regionen. I dag laurdag har eg fått vore med å offisielt opne takoverbygget på Lindås senter ilag med Trond Helland. Dette vil betyr utvikling i senteret, og ei ny flott " STORSTOVE " til glede for både næringsliv og innbyggarar. GRATULERA til Lindås senter! Ja, det skjer mykje...og det skal vi vera glade for. Så får vi alle vere med å bidra og hugs å ta kontakt med meg om du har innspel til politiske saker eller andre ting du vil gjera meg merksam på. GOD HELG :)