Astrid Aarhus Byrknes deler sine tankar om kvardagspolitikk.
Trygg oppvekst og Bedre alderdom er viktige saker.
tysdag, september 25, 2007
Lindåsavtalen
Så er Lindåsavtalen lansert. KrF, FrP og Høgre har inngått ei politisk plattform for perioden 2007 - 2011. Her mykje god politikk, og vi har hatt eit godt samarbeidsklima.
Eg ser verkeleg fram til å setja viktige saker på dagsorden, og eg ser fram til å vera med å utvikle Lindås kommune. Vi har mykje bra i kommunen vår. Ikkje minst så har vi ein stab med dyktige medarbeidarar som gjer ein flott jobb. Desse må vi ta vare på, og Samarbeidspartia ynskjer å føre ein god arbeidsgjevar politikk.
Eg har dei siste dagane fått utruleg mange gode og positive attendemeldingar. Frå all slags folk,frå ulike partier, unge og eldre. Mange er opptatt av å formidle til meg at dei ser fram til ein ny giv i kommunen. Andre er opptatt av det kvardagslege, at dei blir møtt med serviceinnstilling når dei kontaktar kommunen. Fleire fortel at det er vanskeleg å nå sjukeheimane på telefonen, dei kjem ikkje igjennom. Andre fortel at omstillingsprosessen har gitt positive utslag, og nokre fortel at der er noko som manglar. Samarbeidspartia må nå få ei oversikt over organisasjonen frå A - Å. Vi må bruke ein del tid å setje oss inn dei einskilde tenesteområdene, og eg ser fram til å ta ein tur rundt og bli kjent. Eg meiner eg har god kjennskap til kommunen vår, men no skal eg bli enda betre kjent og det gler eg meg til. Lindåsavtalen vil bli lagt ut på heimesidene til KrF - Lidås og etter kvart på Lindås kommune si heimeside. Fløg med oss, forstyrr oss og ta kontakt. Eg ynskjer å vere ORDFØRAR FOR ALLE, ha ei open dør og låg terskel for kontakt. Velkommen innom!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Dette blir spanande Astrid! Ser fram til godt samarbeid. Lukke til!
ja, det blir utruleg spanande og utfordrande. Gler meg til å ta fatt, og gler meg til å møte alle dei dyktige medarbeidarane både ansatte i kommunen og lokal politikarane!
Kult! Lindåsavtalen! Det er knall, blir spennende å følge med. Gøy at dere fikk på plass kirken i Knarvik! Bra jobba!
Ja, dette blir spennande...og utfordrande. Lindåsavtalen blir lagt ut på KrF - Lindås si heimeside om ikkje så altfor lenge.Kommunen er i vekst og utvikling, set store krav til oss alle.
Legg inn en kommentar