fredag, februar 01, 2008

Martha 105 år


Igår 31.1.2008 hadde eg den store glede og ære av å ynskje Martha til lukke med 105 år. martha bur på Knarvik sjukeheim og er den eldste i Nordhordland. Eg føler eg kjenner martha litt frå mitt tidlegare arbeid på Knarvik Sjukeheim, og difor var det ekstra stort for meg å få helse ho frå Lindås kommune på den store dagen. På sjukeheimen igår var der sjølvsagt fleire bebuarar som ville helse på martha, og då fekk eg og helse på dei. Ein av bebuarane sa med stor frimodighet : eg er så takknemleg for å bu her, her er det godt å vera! Det varma meg å høyre slike ord. Ja, personalet på sjukeheimane gjer ein formidabel innsats - ikkje berre med pleie, men også måten dei ordnar til på. Igår på post 2 var der nydeleg dekka til med blomar og kake, og flagget midt på bordet. Så følte vi oss så velkomne både eg og journalistane som var der. Å drikke kaffi ilag med Martha var eit stort øyeblikk for meg...eit menneske som har levd så lenge..tenk på alt ho har opplevd og sett i samfunnet. Tenk på utviklinga...på alle dei " nye " tidene ho har sett veksa fram. Heilt utruleg. Eg håpar Martha får gode dagar på sjukeheimen og ynskjer ho alle våre bebuarar i Lindås kommune alt vel.

1 kommentar:

Anonym sa...

Jeg så deg og Martha i Nordhordland *klapp* *klapp*