søndag, april 19, 2009

ORDFØRARPRAT I EKNESVÅGEN


Så var det på ny ordførarprat på kaia i Eknesvågen. Idag sat vi ute i nydeleg solskin med kaffi og kakerester frå Gunnar Eide sin 60 års dag igår. Alt perfekt for ein god prat omkring pleie og omsorgsplanen som snart skal handsamast i kommunestyret. Eit viktig tema som egentleg bør oppta langt fleire enn berre dei eldre. Framtidas eldreomsorg i Lindås som planen omhandlar vil bety mykje for mange. Vi hadde ein god time der vi snakka saman om planen og var vel samde i at det er hol i omsorgstrappa og at vi må satse på bygging av omsorgsbustader med heildøgns omsorg utan å nødvendigvis byggje ned sjukeheimsplassane. Vidare snakka vi saman om kor viktig det er å ha fokus på dei hendene som skal hjelpe...dei faglærte helsearbeidarane, sjukepleiarar etc..vi må gje dei gode kår, og yrket må få større status. Det er og viktig å ha fleire 100 % stillingar og ikkje ufrivilleg deltid..Ja, utfordringar er der, og dei må me på best mogleg måte ivareta slik at vi framleis kan ha gode tenester i Lindås kommune. Vi har ein veg å gå, og eg vil gjere mitt forat vi skal ha god kompetanse og ein god eldreomsorg i Lindås.

Ingen kommentarer: