torsdag, august 06, 2009

INFLUENSA A


Så er ferien over og vi er i full sving att. Det fyrste som skjedde når eg var attende på kontoret etter nokre gode avslappande dagar var å samle ei ressursgruppe som no skal fylgje svineinfluensaen tett. Vi veit ikkje korleis den vil slå ut i kommunen vår enda, men vi tek dette svært alvorleg og bruker planen vår og oppretter tiltak når det trengs. Her kan du lese pressemeldinga som gjeklk ut i dag til lokalavisene. Eg synes det viktig med god informasjon både no og frametter. Ta gjerne kontakt eller skriv ei melding om du har spørsmål eller noko på hjarta!

Pressemelding 4. august 2009

Svineinfluensa (influensa A(H1N1))

Dei fleste opplever ikkje svineinfluensa stort annleis enn vanlig influensa. Utfordringa er at dette influensaviruset smittar så lett at mange vil bli sjuke samstundes. Det er viktig at vi alle følgjer nokre enkle råd om hygiene.

Lindås kommune har eit omfattande planverk for beredskap i samband med pandemi. Erfaring so langt syner at det er viktig å førebu seg på stort sjukefråvære hjå dei tilsette i dei ulike verksemdene.

Tenesteytaren Lindås kommune førebur tiltak for å oppretthalde naudsynte tenester innan t.d. pleie- og omsorgssektoren, vassforsyning og skule. Dette skjer ved å auke tilgang på vikarar og ved organisatoriske tiltak som lettar arbeidspresset i dei spesielle situasjonane som kan oppstå. For å avgrense smitteomfanget og skade som følgje av dette, er det viktig at hygieneråda vert fylgde.
• Vask hendene dine grundig og ofte. Nytt eventuelt alkoholbasert desinfeksjonsmiddel.
• Unngå (om mogleg) nærkontakt med sjuke personar.

Om svineinfluensa
Influensa A (H1N1) er ein sjukdom forårsaka av eit nytt influensavirus som ingen er immune mot. Opphavlig var sjukdommen ein dyresjukdom som smitta mellom svin i nokre delar av verda. No smitter den og mellom mennesker. Når viruset smittar frå menneske til menneske i store deler av verden, kallast utbrottet pandemisk influensa.

Smitte
Viruset smittar forholdsvis lett frå menneske til menneske. Smitteoverføring skjer da på same måte som ved sesonginfluensa; ved hosting, nysing og nær kontakt med sjuke menneskjer. Smitten kan også spreiast ved at sekret som inneheld virus vert overført via hender. Influensa A(H1N1) smittar ikkje via mat, så du kan ikkje få influensa A(H1N1) ved å ete svinekjøtt.

Personar med influensa A(H1N1) vert sett som smittsame så lenge dei har influensasymptom, og inntil 7 dagar etter at sjukdommen starta. Barn, og spesielt små barn, kan vere smittsame lenger.

Pleie av sjuke i heimen
Dersom du må pleie sjuke, følg hygieneråda under for å hindre at du sjølv eller andre blir smitta.
• La den sjuke ha kontakt med færrast mogleg personar og opphalde seg i færrast mogleg rom.
• Syt for nok kvile og nok drikke til den sjuke.

Meir informasjon finn du m.a. på nettsida www.pandemi.no og hos Folkehelseinstituttet.

Ingen kommentarer: