søndag, september 06, 2009

FESTVEKA ER OVER FOR DENNE GONG!


Så er ei heil festival veke til endes, ei idretts og kulturveke med eit program som kan ta pusten frå deg. GRATULERA Knarvikmila for eit fantastisk arrangement. De gjer eit flott arbeid, og de er med på å setje Lindås og heile regionen Nordhordland på kartet. Takk for godt samarbeid med Lindås kommune. Idag har eg vore med på naturløypa og der traff eg mange kjekke folk. Det går mot val og mange er sjølvsagt opptatt av kva framtida vil bringe. Eg er spent på valet, og eg har førehandsrøysta så den saken er klar, men eg forstår og at mange er i tvil kva dei skal stemme denne gongen. Bruk iallefall røysteretten din... Etter mange kjekke samtalar denne Knarvikmilhelga og veka så er det grunn til å sjå lyst på framtida. Så mange frivillige som har vore i aksjon, så mange positive mennesker, så mange unge som vil bidra til betre livskvalitet for barn og unge i Etiopia - ja, det lovar godt.
Regjeringar kjem og går, men FRIVILLEGHETEN består. Festveka er over , kvardagen startar og eg ser fram til neste års Knarvikmil.

Ingen kommentarer: