måndag, september 29, 2008

På bokkafe i Eknesvågen


Igår søndag var eg igjen på bokkafe i Eknesvågen. Eit supert tiltak nede på kaia med bøker, kaffi og vafler og ikkje minst ein god prat om viktige temaer.
" Ordførarpraten " igår var interessant. Vi var nokre stykker, men praten gjekk livleg om næringsutvikling, bustadbygging, 100 metersbeltet, fylkesmannen, kultur og kulturminner. Eknesvågen vener har mange prosjekter på gong så det blir spanande å fylgje med framover. Eg håpar dei ikkje slit seg ut, men klarer å dra lasset saman og ikkje ha for mange ballar i lufta samstundes. Ein flott gjeng, entusiastiske og utruleg kjekke folk. Eg er blitt veldig glad i denne gjengen. Gler meg alt til neste ordførarprat der inne, og gler meg til advent og november då skal eg igjen få den ære av å tenne julegrana på Eknesvågen kai. Eg er så heldig og takknemleg! Lukke til med alt de gjer gode vener!

tysdag, september 23, 2008

Eikanger-Bjørsvik Musikklag klarte det igjen


Søndag kveld blei ein stor oppleving for meg. Eg var på konsert i Logen i Bergen for å høyre vårt eige Musikklag - Eikanger Bjørsvik. Heldige eg som fekk bilett i posten frå korpset, og heldige eg som fekk nyte ein kveld i Logen med flott musikk formidla intenst med innleving. Så profft, så bra - det er jammen bra å ha så gode musikk og kulturkrefter i kommunen. TAKK skal de ha for ein flott konsert eg koste meg!

tysdag, september 16, 2008

Så er det haust og budsjett igjen..


Tida går jammen fort. Det er snart eitt år sidan eg blei vald til ordførar i Lindås, eitt år med utruleg mykje spanande saker, oppgaver, representasjon, hard jobbing, kjeft og ros. Summa sumarum : EG ER HELDIG OG PRIVILIGERT som får vere lokalpolitikar i Lindås. Så var det hausten då og budsjettprosessen er så smått igong. Enno mange usikre moment - kva får vi av inntekter i form av eigedomskatt på verk og bruk, kva får vi gjennom statsbudsjettet til kommunen, utbytte frå BKK etc...Eg er optimist og trur vi skal klare å skape mykje bra også i 2009 for innbyggjarane. Kva skal vi satse på?? Eg er særs opptatt av : Oppvekstvilkår, eldreomsorg, kultur og frivillighet, dei svakaste i kommunen vår - rusomsorg, bustadlause osv..Vi har mange utfordringar, og vi skal gjere det vi kan for å byggje eit varmt og trygt samfunn i Lindås. Næringspolitikk, areal til nye næringsområder, få vatn i bassenga, kyrkje, idrettshall på Lindås..gode investreingsprosjekt står i kø. Ein krevjande budsjettprosess på både drift og investering ventar oss. Kva tenkjer du må prioriterast for 2009 ???