torsdag, oktober 11, 2007

Kvinnovasjon


Kjem akkurat frå eit spanade møte med Kvinnovasjon - Nordhordland. I kveld fekk eg møte sterke og dyktige kvinner med gå på mot og evne til å stå på for det ein har tru for. Flotte kvinner som startar eigne bedrifter, og som vil gå steg for steg mot eigen utvikling og utvikling av produktet som dei skal selje.Her var samla kvinner frå heile Nordhordland, og eg skal prøve å fylgje med framover korleis det går med desse dyktige damene. Det går an, det er mogleg..set deg sjølv eit mål om du er kvinne eller mann. Heile verda ligg open.... I morgon er det nok ein dag med nye moglegheiter både for ein ordførar og for deg! Lukke til!

2 kommentarer:

solveig sa...

Hei og takk for sist, Astrid.

Me sette stor pris på at du fann anlednig til å være med oss på torsdag, dette styrkar kvinnene!For meg og Næringshagen, som leiar for prosjektet, betyr det også mykje !
Målet er som nevnt å få alle til å vekse, og ikkje minst finne minst 3 bedrifter som kan 3-doble seg i løpet av 3 år !
Dette er ei stor utfordring, og her treng me merksemd og støtte frå gode samarbeidspartnarar.

Du er hjarleg velkommen til neste samling 15.november. Her kjem meir informasjon etter kvart.

Flott blogg forresten.
Lykke til med ditt ledarverv !

Beste helsing
Solveig
Mongstad Næringshage

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Takk for helsing Solveig!
Vi snakkast igjen.