laurdag, juni 14, 2008

GOD SOMMAR


12.juni hadde vi kommunestyremøte. Eit langt men særdeles godt møte med mange viktige saker som berører innbuggjarane i Lindås kommune. Eg skal ikkje gå inn på alt her, men vil berre nevna nokre : 1. Eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for å senda uttale til NVE vedkomande kraftlinjer mellom Mongstad og Kollsnes der det politiske bodskap er KRAFT I KABEL. Vår dyktige sakshandsamar Aslaug Aalen har hatt hand om denne saka, og har gjort eit framifrå arbeid. No får vi sjå kva NVE seier før vi går vidare. Vi skal halda saka varm, og jobbe på mot luftspenn. 2. Økonomirapport pr.1.kvarta: vi ligg godt an i årets budsjett i Lindås. Det er betryggande, og det er ikkje minst stor honnør til einingane som jobbar på for å halda budsjett. Vi har enno ikkje hatt ei skikkeleg revidering av 2008 budsjettet og økonomiplanen dette fordi vi ennå ikkje kjenner våre inntekter etter retaksering av verk og bruk. Dette skal vere klart til 1.juli...og det vert spanande. Allikevel styrkar vi budsjettet til kultur, kyrkja og opprettar ungdomsråd i Lindås. 3. Arbeidsgjevarpolitisk plan : vi har vedtatt ein svært god plan for Lindås kommune sine arbeidstakarar. MEN: det er grunn til å styrka planen med eit eige punkt - og eg foreslo difor at ein skal ha som målsetjing i kommunen å auka dei som går i ufrivillege låge stillingsbrøkar. Desse finn vi mest i kvinnedominerte yrker. Eg er glad eg fekk både adminstrasjonsutvalet,formannskap og kommunestyre med på det!
No er det sommar, men eg tek ikkje ferie enno. Litt tid til avslapping skal eg unne meg etter fleire månader no med høgt tempo og mange gjeremål. Idag skal eg til KLØVHEIM SKULE. Her er det 100 årsjubileum for skulen, og 40 år for KLØVHEIM SKULEKORPS. EG GLER MEG VELDIG TIL DETTE ARRANGEMENTET. Må seie eg er priviligert som får vere med på så mykje flott og positivt i kommunen. VI ER HELDIGE som får bu og arbeide her! Ha ein GOD SOMMAR...eg kjem fort attende på bloggen...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei.
Det var kjempeflott at du var på jubileet på Kløvheim. Flott innsats - flott tale. Det var ganske kjekt, ikkje sant?

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Hei Turid.
Kjekt du er innom bloggen min. Ja, eg koste meg på Kløvheim. De er så flinke. Til hausten har eg lyst på ein skulerunde att - helse på dei nye 1.klassingane! God sommar.