Juvente og forbrukarinspektørane på NRK har nyleg vore ute i kommune Norge med Juvente si skjenkekontroll. Juvente gjer ein super jobb, dei er dyktige og flinke og gjer ein stor innsats blant ungdom. Også i Lindås hadde dei ein kontroll, og avdekka at 7 av 9 butikkar som vart " kontrollerte " braut alkohollova og solgtre øl og rusbrus til mindreårige. Eg blei svært skuffa over desse butikkane og tek dette veldig alvorleg. Som eg sa både på NrK Hordaland og til Vestlandsrevyen så er eg sint og skuffa og eg tek denne saka opp i fyrste møte i formannskapet over nyttår. Då set eg dette på dagsorden og vil invitera Juvente Nordhordland til å orientera.
Vi treng å stramme inn med fleire kontrollar, fleire kontrollørar og vi må utveksle kontrollørane med andre kommunar slik at dei vert meir anonyme i lokalmiljøet og ikkje så lett gjenkjent som no. Nasjonale retningslinjer og alkohollova må justerast og eg veit at KrF sentralt har fremma mange viktige punkt og løysingar , men er blitt nedstemt på Stortinget. No må politikarane våkne opp. Alkoholen gjer store skadar på menneske, i lokalmiljøet og mange familiar er ramma. Born og unge har det vondt og vanskeleg pga alkoholmisbruket til dei vaksne. Når det i tillegg er så lett å få kjøpt alkohol for born heilt ned i 12 års alderen ja, då er det alvorleg. Vi kan ikkje ha det slik, og vi skal ikkje tolerere dette. Det må bli lettare å ta frå butikkane som bryt lova salsløyve, og personleg synes eg organisasjonar som JUVENTE bør være ein del av sals og skjenkekontrollen i kommunane.
Ei trist og kjedeleg sak, men vi må gjere det vi kan for å betre dette og eg ser fram til saka skal opp politisk og eg håpar på god og konstruktiv debatt med løysingar. GOD HELG.
1 kommentar:
lukke til med dette - trur du har ein god strategi.
Legg inn en kommentar