søndag, desember 21, 2008

Jul - Jul Strålande Jul


Det er 4.saøndag i advent og få dagar att til sjølvaste julaften. Eg gler meg til jul, eg gler meg til julegugstenesta, til julemiddag med min kjære familie og til igjen å få minnast barnet i krybba som kom og vart vår Frelsar Jesus Kristus. Jul, jul , strålande jul heiter ein forholdsvis ny julesong. Eg song denne på både budsjettmøte i kommunestyret 12.des. og eg fekk syngja den på Lindåstunet på torsdag. Det er så kjekt å koma på Lindåstunet. Eg og varaordførar blei så godt tatt imot, og vi fekk helsa på både dagbrukarar, fastbuande og personelt både dei som jobbar frivilleg og ansatte. Ein god atmosfære er der på Lindåstunet. Eg er verkeleg glad forat vi har kunne fått hjelpe til økonomisk frå Lindås kommune slik at dei nå byrjar å få ei god drift med eit godt innhald. Lindåstunet står for tryggleik og trivsel og har dette som motto. Ein god alderdom skal vera slik, tryggleik og trivesel for den einskilde. Våre eldre som gjennom eit langt liv har jobba og streva for samfunnet - klart ein skal kunne ha tryggleik og trivsel i livet sitt sjølv om ein blir gammal og eventuelt må bu på ein sjukeheim. Det er dette som må stå i høgsetet når vi i kommunestyret til våren skal ha på dagsorden ein framtidsretta pleie og omsorgsplan. Tryggleik og trivsel, god kompetanse og eit godt bumiljø. Litle julaften skal eg rundt på våre 3 kommunale institusjonar. Eg gler meg til det. Skal vera ilag med presetn og eg tek med meg 2 unge frøkener Alice og Henriette som skal syngja til bebuarane. Vi har 3 flotte institusjonar som alle gjer ein kjempeinnsats. Eit solid og kompetent personale som eg er stolt over. Så er det lysfest idag ved Kvassnesstemna med fakkeltog frå senteret. Eg har fått det ærefulle oppdrag å vere forsangar saman med Bjarte Leithaug. Sjølvsagt skal eg og få lov å gje ei julehelsing og det ser eg fram til med glede. GOD JUL - GOD STRÅLANDE JUL..og hugs at JULEN ER JESUS. Julehelsing frå Astrid

2 kommentarer:

Anonym sa...

God Jul Astrid! Lukke til med markeringane - vi er stolte av deg!!

KasriSS

Astrid Aarhus Byrknes sa...

Takk skal du ha. Var med på ein flott lysfest i Knarvik igår...eg er så heldig.