onsdag, mars 04, 2009

Pensjonistane kan det!

Så er eg nettopp komen heim etter ein flott ettermiddag / kveld på Kløvheim. EG var invitert av Kløvheim pensjonistlag, og møtte ein flokk glade og flinke folk som var samla til årsmøte i pensjonisllaget. Ennå ein fin gjeng med frivillige som gjer noko for andre sjølv i høg alder! God mat ( rømmegraut ) feiande musikk og ikkje minst ein flott samtale som enda opp i ein god politisk debatt om bustadbygging. Her var beskjeden klar: vi må ta heile kommunen i bruk, og det er eg heilt samd i. Me må sjå heilskapen i kommunen vår, leggje til rette i bygdene våre for vekst og utvikling. Vidare diskuterte vi på Kløveheim ikveld kor viktig det er å sjå det positive og ikkje berre fokusere på alt som er gale. Vi har det godt i Lindås og vi har eit trygt land å bu i. Alle som var samla på Kløvheim var samde om det. Så fekk eg til slutt eit innspel om at vi i pleie og omsorgsplanen som skal til politisk handsaming IKKJE legg ned sjukeheimsplassar. Vi må ta vare på dei sjukaste eldre - det er no mitt standpunkt!

1 kommentar:

Anonym sa...

Flott at du er så synleg i alle delar av kommunen, Astid. Og ikkje minst engasjert... Det set vi pris på, også på Kløvheim :)