søndag, mai 24, 2009

Kvardagstankar framover..


Fyrst av alt må eg få takke for sist til alle dykk eg møtte på 17.mai. Eg hadde ein fantastisk dag og fekk lov å vera hovudtalar i 3 ulike bygder. Dagen min starta på Lindås med Gudsteneste, 17.mai tog og tale. Deretter til Hundvin der eg fekk både pølse og is og høyrde Skodvin skulekorps og aspirantane, for så å avslutte på Myking. På Myking diska dei opp med herleg suppe og kaker i bedehuset - aldeles nydeleg! Dagen blei ein tale turné dag, men den beste 17.mai eg kan hugsa. TAKK til alle de som eg fekk helsa på, TAKK for alle godord. Ja, vi er heldige som får bu i eit godt og fritt land. Etter 17.mai har dagane gått med i ulike møter med både næringsliv, innbyggjarar og administrasjon. Samfunnsvisjonsarbeidet for Lindås kommune er godt igong, og ei arbeidsgruppa frå formannskapet tek no hand om siste del før vi skal ha saka opp i ekstra formannskapsmøte 4.juni. veka vi no går inn i blir ei aktiv og spanande veke. Bla skal eg ha møte om Storhavn på Mongstad, eg skal snakke med BKK vedkomande økonomisk støtte til eit spanande prosjekt i kommunen, og eg skal førebu meg til å reise til Skoudas i Lithauen. Lindås kommune har eit venskaps samarbeid med Skoudas, og i pinsehelga reiser eg og Nils Træland på besøk saman med 2 flotte damer i kulturskulen Åse Hagesæter og Kathrine Thorstensen. Vi er også så heldige å få med oss ein ung fløytist frå Alversund- Monica Eidsheim. Fyrstkomande torsdag skal vi ha temasamling i kommunestyret. Då får vi opplæring i planarbeid, og skal dukke ned i ulike sider ved dette viktige arbeidet vi har ansvar for som lokalpolitikarar. Eg legg vekt på at alle kommunestyrereprs.skal få så god opplæring som mogleg i denne perioden. Det er viktige saker vi er med på å vedta, og difor er det og viktig at alle veit kva planarbeid inneber. Sjølv veit eg altfor lite og ser fram til denne skoleringa. Syns det er flott at eg kan få setje denne dagsorden og få på plass slike viktige samlingar som gjer at alle i lokalpolitikken trivest og føler dei gjer ein god jobb for innbyggarane enten dei sit i posisjon eller opposisjon. veka er mangfaldig, eg gler meg til å ta fatt på den imorgon - for alt eg gjer frå dag til dag gjer eg som OMBOD for innbyggarane i LIndås. Så er det ikkje alle alltid får det slik dei ynskjer, men vi og eg prøver å gjere gode vedtak og finne fram til dei beste løysingane...." til lags åt alle kan ingen gjera "..heiter det i eit ordtak og slik er det nok også i Lindås kommune. Ha ei god veke alle saman.

1 kommentar:

Byrknes sa...

Jeg hadde også den beste 17maien jeg kan huske.