laurdag, juni 06, 2009

Frå Skoudas til Hillesvåg


Sidan sist eg skreiv på bloggen har mykje skjedd. Eg skal ikkje kome innpå alt, men vil ta dykk med på ein snarvisitt til Lithauen fyrst og så til Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Pinsehelga tilbrakte eg med gode kollegaer frå Lindås kommune i Skouadas i Lithauen. Lindås har eit venskapssamarbeid med Lithauen og no var vi invitert til musikkfestival i pinsehelga. Vår delegasjon bestod av : Nils Træland ( gr.leiar Høgre ) kulturskulerektor Åse Hageseter, inspektør i kulturskulen : Kathrine Thorstensen, fløytist Monica Eidsheim , rådmann : Øistein Søvik og undeteikna. Vi hadde ein flott tur der vi representerte kommunen vår med både tale, song og musikk. Eit besøk på barneheimen som bla Ostereidet Ungdomskule støttar kvart einaste år var høgdepunktet iallefall for meg. Ellers fekk vi møte ordførar og kommunestyrereprs.i Skoudas kommune. Eg synes det er flott å ha ein venskapskommune og vi kan få lov å utveksle erfaringar og vi kan hjelpe til. Bla såg vi mange BNR bussar der borte samr den gamle brannbilen frå Lindås. No var den i full gang og tenestegjorde i Skoudas brannkorps! Så er kontrastane store, for i Lithauen har finanskrisa verkeleg slått til. Dei har tøffe tider med svært dårleg økonomi og mange permiteringar i næringsliv og industri.

Så skal vi heim att! Idag laurdag fekk eg eit ærefullt oppdrag. Eg var så heldig og priviligert å få opne det nye husflidshuset ved Hillesvåg Ullvarefabrikk. Ein dyktig leiar og entusiast Øyvind Myhr tok imot meg samt ein repr.frå Nordhordland Husflidslag. Informasjonssjef Torill Eidsnes var der også. Opninga var starta ved at Øyvind og meg laga tråden eller bandt den trur eg det heiter som vi skulle bruke til opninga. Ein fin ulltråd som eg skulle få klippe over med sauesaks! Markeringa var strålande og heile torgdagen var fantastisk. Nytt hus som skal romme kultur, husflid og mykje anna. Stor takk til alle på Hillesvåg Ullvarefabrikk for ein strålande dag på alle måter. Til og med allsang fekk eg forsamlingen med på. Vi sang 2 vers av " Kom skal vi klippe sauen idag .. " Kjempegøy. Eg er glad for det mangfoldet vi har i næringslivet i Lindås. Næringsliver må vi ta vare på og støtte opp om. No når vi skal igong med ny satsing på næringsarbeid i Lindås med strategisk næringsplan, så vi må også ta med mangfoldet i all næring vi har. Det er ikkje berre på Mongstad det skjer sjølv om Mongstad er lokomotivet..nei, der skjer mykje positivt andre stader i kommunen også slik som t.d. i Hillesvåg. GRATULERA ØYVIND OG ULLVAREFABRIKKEN, eg ser fram til å fylgje utviklinga med det nye huset. GOD HELG

Ingen kommentarer: