fredag, november 07, 2008

Storhavn på Mongstad


Då er forslag til planprogram for ny havn i Bergensområde klart. Det er samferdselsutvalet på fylket som skal vedta planprogrammet, og sakshandsamar fylkesrådmann har innstilt saka slik at Mongstad IKKJE skal vera med. Vi er skuffa og svært overraska over dette. Idag har eg gjeve uttale til fleire aviser og media, og vi har jobba mot politisk i heile dag. Vi gir oss ikkje...og eg håpar fylkespolitikarane no brukar sunn fornuft og tek med Mongstadalternativet vidare. Vi meiner at vi har eit svært godt alternativ,Mongstad på må utredast på same måten som bla CCB i Fjell kommune.Det er merkverdig at fylkesrådmann vil utelate Mongstad, og det er svært alvorleg at han ikkje gjev noko begrunning på kvifor han vil sile ut Mongstad i den vidare planprosess.

Fylgjande er ei uttale frå regionrådet som er sendt idag.

Sak 86/08 Fylkesdelplan for ny godshamn i Bergensområdet – utkast til planprogram.
Samferdselsutvalet – møte 12.11.08.

Styret i Regionrådet Nordhordland IKS er svært overraska over fylkesrådmannen si innstilling
til møte 12. d.m. i Samferdselsutvalet vedkomande utkast til planprogram for ny hamn i
Bergensområdet.

Vi kan ikkje sjå at der er noko grunngjeving for kvifor Mongstad-alternativet no vert sett til
sides og ikkje skal utgreiast nærare.

Regionrådet Nordhordland IKS krev at Samferdselsutvalet tek Mongstad-alternativet med i
den vidare planprosessen, og utgreier dette i samsvar med m.a. fylkesrapporten for hamn
2007 som konkluderer med at Mongstad er eit godt alternativ.

Med helsing
styret i Regionrådet Nordhordland IKS
.

Ingen kommentarer: